Før Dubai-møtet var det klimamarkeringar landet rundt med krav om utfasing av olje og gass. Det er ikkje det einaste tiltaket, men avgjerande for å bremse klimakrisa, fordi dei fossile utsleppa er hovudkjelda til den globale oppvarminga, fastslo BKAs lokallagsleiar Ingunn Elstad i ei tale i Tromsø. – Og det kan gjerast, difor kan vi ha håp for framtida!
Troms BKA
Her kan du lese saker om lokallaget som har vært publisert på BKAs nettsider.
Folk for omstilling
Måndag arrangerte miljø- og solidaritetsorganisjonar i Tromsø folkemøte om «Livet etter olje og gass», som oppvarming til klimamarkeringa 20. nov. – Vi ville både løfte fram FNs krav om global utfasing av olje og gass, og positive muligheiter i klimaomstillinga, fortel BKAs lokallagsleiar. Det vart svært vellykka med 80 oppmøtte, unge og eldre!
Banen vil komme!
– Jernbanedirektoratet synes å være i ferd med å eliminere seg selv, skriver jernbaneforkjemper Hilde Sagland i Nordnorsk debatt. Sammen med en annen profilert BKA-er i Troms, Synnøve de Bouvrie, hamrer hun løs på direktoratets KVU der konklusjonen går i feil retning. – Som om Nord-Norgebanen ikke var et lønnsomt prosjekt!
Besteforeldre for fred
I Tromsø har Besteforeldrenes klimaaksjon gjennom flere år deltatt i protester mot bl.a. planene om havn for atomdrevne amerikanske ubåter. Klima- og naturkrisa er den mest alvorlige trussel mot barna våre. Bare en atomkrig vil være enda verre, mener de. Derfor var de også med da Fredsuka første gang ble arrangert i byen.
Klima og folkehelse
Besteforeldrenes klimaaksjon var invitert til å ha innlegg og stand på årets Folkehelsekonferanse i Tromsø. Konferansen er den største i sitt slag i Norge, med rundt 500 deltakere, og en møteplass for forskningsmiljøer, frivilligheten og representanter fra stat og kommune. Klimaendringer var et sentralt tema denne gangen.
Kva med arbeidsplassane?
Vil utfasing av olje- og gassproduksjonen få store konsekvensar? Kor mange jobbar er det snakk om – på stader som Melkøya og nasjonalt? Spørsmålet vart nyleg reist av Ingunn Elstad i Nordnorsk debatt. Ho meiner tala vert kunstig blåst opp, og at kronargumentet om arbeidsplassar står svakare i dag enn det gjorde tidlegare.
Marsjordre frå Troms
Søndag gjekk 50 deltakarar i Jernbanemarsjen 2023 i mål på Setermoen. Han var arrangert av Tromskomiteen for jernbane, og ville markere at det i år er 100 år sidan Stortinget vedtok å bygge Nord-Norgebanen. Marsjen starta på Storsteinnes og var 100 km lang. Fleire besteforeldre var med på siste etappen og hadde ein strålande dag!
Melkøya opprører
Sju medlemmer av Besteforeldreaksjonen i Troms hadde ein flott dag på laurdagens bakgårdsmarknad i Harstad, eit arrangement under den årlege Bakgårdsfestivalen. Det vart fleire nye medlemmar, kan lokallagsleiar Ingunn Elstad fortelje. – Vi møtte mange som er opprørt over Melkøya-vedtaket. Løpeseddelen vår vart tatt godt imot!
Melkøya-bløffen
Elektrifiseringsplanane for Melkøya har demonstrert at det politiske olje-Noreg og klimarørsla lever i kvar si verd. «Det største klimatiltak besluttet av en norsk regjering», seier Jonas Gahr Støre. – Nei, ein stor klimabløff! seier BKAs Ingunn Elstad. – Den norske klimarekneskapen vert sjåande penare ut. Men i ein større samanheng gir det inga meining.
Vår felles atmosfære
Klimautviklinga gjer at presset aukar mot oljeproduserande land. Men Noreg har såvisst ingen planar om å bremse. I staden skal det satsast på elektrifisering, sjølv om dette knapt betyr noko globalt – anna enn at meir gass blir frigjort til eksport og brent i utlandet. «Utsleppa går ut i den felles atmosfæren», skriv Ingunn Elstad i Nordnorsk debatt.