Klimahåp

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    lørdag 2. des 2023
  • AV:
    Redaksjonen
Klimamarkering tromsø 3
God deltaking på klimamarkeringa i Tromsø 20. november. Foto: Marius Rølland

Før Dubai-møtet var det klimamarkeringar landet rundt med krav om utfasing av olje og gass. Det er ikkje det einaste tiltaket, men avgjerande for å bremse klimakrisa, fordi dei fossile utsleppa er hovudkjelda til den globale oppvarminga, fastslo BKAs lokallagsleiar Ingunn Elstad i ei tale i Tromsø. – Og det kan gjerast, difor kan vi ha håp for framtida!

Kjære alle frammøtte!

Noreg er overskottslandet, med mykje vasskraft og stor produksjon av fossile brennstoff. Olje- og gasseksporten gir årleg ti gongar meir klimautslepp enn alle innanlandske utsleppa. Staten er også majoritetseigar i Equinor, som driv fossil utvinning i Latin-Amerika, Afrika, Asia og Europa.

Hovudtemaet på dette klimatoppmøtet er rettferdig utfasing av alle fossile brennstoff innan 2050, både forbruk og produksjon. Statsminister Støre har sagt tvert nei til fossil utfasing, men han kan jo ombestemme seg. Undersøkingar frå UNICEF og Redd Barna tyder på at fleirtalet av norske barn og unge meiner at dei ikkje blir høyrt i klima- og miljøsaker. Dei er urolege for barn i land som blir ramma av klimakatastrofar, og for si eiga framtid. Det blir snakka om ei kjensle av at alt rasar.

Kva blir svaret? At effektiv handling er muleg? At det finst håp?

Etter den varmaste sommaren nokon gong gjekk fleire hundre tusen menneske i 65 land ut på gatene med slagordet «End fossil fuels: Fair, fast forever». FNs toppmøte i New York løfta fram tiltak og løysingar i den globale omstillinga – frå næringsliv, regjeringar, lokalstyre og sivilsamfunn. At Noreg ikkje fekk talerett, var uventa her heime.

FN har tatt leiinga i den globale klimakampen. Generalsekretær Guterres er tydeleg. Dei rike landa må gå i spissen, fullføre utfasinga alt i 2040, og bidra så det monnar til omstilling og klimakompensasjon i fattigare land. Her heime har Kirkens Nødhjelp, Redd Barna, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Caritas og Flyktninghjelpen føreslått å bruke ein brøkdel frå eit av verdas største investeringsfond, Oljefondet på 15 500 milliardar. Hjelpeorganisasjonane spør: «Hvis ikke Norge – hvem?», og krev at Noreg går i spissen for å opprette ein koalisjon av villige bidragsytarar.

Oljefondet sjølv ser på klimakrisa som ei finanskrise, og har nyleg gitt selskapa i porteføljen – Microsoft, Apple, Nestlé osv. – beskjed om å levere overgangsplanar med mål om netto null utslepp innan 2050.

Landa som underteikna Parisavtalen har saman med ekspertar, næringsliv, urfolk og sivilsamfunn gått gjennom kva som er gjort og kva som må gjerast. Det hastar. Global utfasing av ureinsa fossile brennstoff (utan karbonfangst) er eit av hovudhovudtiltaka. Til no har 151 nasjonar erklært at dei vil fase ut olje og gass, derimellom dei fleste nordiske landa.

På den andre sida planlegg 20 land, med Noreg og USA, å utvinne fossile brennstoff i mengder som vil sende den globale oppvarminga forbi 2 gradar alt i 2030. Regjeringa satsar på at marknadane ikkje skal kollapse før dei siste milliardane har nådd Oljefondet. Dei tar ikkje inn over seg at mykje anna vil kollapse.

Foto: Marius Rølland

Klimautvalget 2050 fører råda frå FNs klimapanel inn i norske forhold. «Alle beslutninger som tas i dag må baseres på et mål om at så godt som alle klimagassutslipp i Norge må være fjernet for godt innen 2050.» Utsleppa kan fjernast for godt. Det er eit lys i tunellen, som vi må feste blikket på, for å ikkje krasje i tunellveggen.

Utvalet går inn for stopp i leitetillatingar. Regjeringa må snarast lage ein strategi for sluttfasen av norsk olje og gass, og legge han fram for Stortinget. I mellomtida skal fossil utbygging settast på vent. Den demokratiske behandlinga føreset offentleg diskusjon, men til no har det vore urovekkande tyst om rapporten. Det er ei utfordring for riksmedia.

Tiltaka opnar for fossil utfasing. Det er rette tid. Dei store olje- og gassressursane minkar, og produksjonen vil uansett falle i åra som kjem. Energidepartementet håpar på ukjente, store gassfelt, helst i Barentshavet. Vi som ikkje er ekspertar, lurar på om ein kan bygge installasjonar oppunder Nordpolen når ekstremvéret raser.

Klimautvalet krev slutt på fossilsubsidier, som oljeskattepakkar. Utviklinga av karbonfangst og -lagring, som regjeringa satsar på, blir ikkje vurdert som eit sikkert alternativ. Ein må unngå å drive olje- og gassproduksjon med straum frå land.

Eit eksempel: Blir elektrifiseringa av Melkøya lagt bort, sparar vi kraft og dyrebar natur. Vi unngår konfliktar, brot på menneskerettane og globale klimautslepp. Skattebetalarane slepp å dekke investeringane, men Oljefondet taper ti-tolv års inntekter frå Snøhvitfeltet. Det er stort behov for fagfolk i Finnmark. I dei petroleumsrelaterte næringane er fleirtalet innleigde langpendlarar, mange frå utlandet (Levert-rapporten 2022). Gasskommunen Hammerfest har prøvd å få folk til å busette seg sidan oppstarten i 2007.

Klimautvalet meiner at det er overordna å unngå aktivitetar som gir utslepp. Det trengst det som bli kalla «la-være-kraft».

Toppmøtet i Dubai kan mislykkast, men vi har ein global bevegelse for å berge klimaet!

Gypsy Chicken gjekk først i toget og spela og leia sang, og dei avslutta også møtet. Fotograf: Marius Rølland

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Svein Tveitdal | 02.12.2023

    Bra artikkel! Det blir nok ikke vedtak i Dubai som forandrer produksjonsplanene til de største podusentlandene. Vi vil derfor fortsette en trend mot tre grader som er katastrofe. Men ting er i ferd med å snu. For første gang i klimaforhandlingenes historie er utfasing av olje- og gass på agendaen i en COP. Om Norge snudde (arbeiderpartiet eller høyre) ville det ha stor betydning. Dette er det verdt å kjempe for. Denne kampen vil hardne til på konferansene framover da det er åpenbart at vi er nødt til å snu utviklingen. Jeg tror COP30 i Brasil om to år kan bli et vendepunkt. President Lula har store ambisjoner. Det som nytter nå er kollektiv handling for påvirkning av storting/regjering. Derfor er Besteforeldrenes klimaaksjon viktig

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*