Eit falskt klimatiltak

melkøya
Melkøya utenfor Hammerfest 1. januar 2020. Foto: Lars Bjørn Mehus

Planane om elektrifisering av LNG-anlegget på Melkøya må stansast, – heiter det i ein resolusjon vedteke på årsmøtet til Besteforeldrenes klimaaksjon Troms. Det har ikkje noko med fornuftige klimatiltak å gjere. Utsleppa vert flytta til andre land, medan finnmarksnaturen vil lide på grunn av utbygging og framføring av fornybar kraft.

Stans elektrifisering av Melkøya!
Årsmøtet i BKA Troms 12.02.2024

Regjeringa gav 8. august 2023 konsesjon til elektrifisering og oppgradering av Snøhvit – Melkøya. Straum frå nettet skal erstatte gassturbinane på anlegget. Klimaskadeleg fossil gass skal produserast med rein lokal vasskraft og vindkraft. Det skal sjå ut som om dei norske klimautsleppa er kutta. Men gassen som ikkje lenger blir brent i turbinane, skal eksporterast og brennast i utlandet. Utsleppa frå Melkøya blir ikkje borte, dei blir flytta på.

Samtidig lanserte regjeringa eit «kraftløft» for Finnmark: Innan 2030 skal det byggast nye straumlinjer og nye, store vindanlegg, først og fremst i Finnmark. Regjeringa har avvist protestar frå reindrifta. I all framtid skal naturen og reindrifta betale for straum til Equinor.

Heimane og industrien i Troms og Finnmark må også betale. Meininga er at vindanlegga skal produsere minst like mykje kraft som Equinor har reservert til Melkøya. Sidan effekten på vindkrafta varierer, blir det altfor lite straum til overs for forbrukarane, særleg om vinteren. I følgje ein ny rapport frå European Green Table kan straumutgiftene for hushalda, industrien og det offentlege i Troms og Finnmark auke med 5,6 milliardar kr. i 2030, eller 34 000 i året for ein familie på fire.

Equinor får begynne å ta ut straum frå 2030. Olje- og gassressursane på sokkelen minkar. Energidepartementet forventar ei levetid på anlegget berre fram til 2040. Melkøya-saka gjeld kortsiktig vinning, kanskje ti år med klimaøydeleggande norsk gasseksport. Samtidig går etterspurnaden etter gass ned i Europa. Fornybar energi tar over.

Fleirtalet i Nord-Noreg er mot elektrifiseringa. Fleirtalet av nasjonane i verda krev rask og rettferdig utfasing av all fossilproduksjon. Elektrifiseringa av Melkøya må stansast.

Frå klimamarkering i Tromsø 20. november 2023. Foto: Marius Rølland

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*