Misvisande om klima

melkøya
Melkøya utenfor Hammerfest 1. januar 2020. Foto: Lars Bjørn Mehus

Elektrifisering av Melkøya-anlegget blir av regjeringa marknadsført som «det største, enkeltstående klimatiltaket besluttet av en norsk regjering». Dette er ein bløff, skriv BKA-aktivistar i Troms i Nordnorsk debatt. Meir og ikkje mindre gass vil bli selt og brent. Medan uforstyrra natur i Finnmark skal raserast for å skaffe nok «rein kraft».

Noreg er ein av dei ti største globale eksportørane av klimautslepp, om lag 500 millionar tonn CO2-ekvivalentar i året. Om gassturbinane til havs som no forsynar anlegga med straum, blir erstatta med kraft frå nettet, vil endå meir gass bli selt til utlandet og brent der. Det er ikkje eit klimatiltak, og det vil krevje svært mykje ny elkraft. Derfor skal det byggast vindkraft i hast, meir enn 20 svære anlegg som vil øydelegge mykje natur i Finnmark og Troms for godt, hevdar besteforeldra.

Men no reagerar også den borgarlege opposisjonen og vil ha saka opp i Stortinget. Fem frå Høgre og Venstre leverte i slutten av mars i år eit «Representantforslag om krav til erstatningskraft for elektrifisering av petroleumsinstallasjoner». Her heiter det at «petroleumsnæringen må ta ansvar for eget kraftbehov, slik de gjorde før elektrifiseringen av petroleumsnæringen startet med kraft fra land. Dette ansvaret blir spesielt viktig å ivareta jo mer kraftbalansen nasjonalt svekkes.»

Det betyr i klartekst at elektrifisering ikkje skal bruke landstraum slik regjeringa vil, men må finne andre måtar å verte «klimanøytrale» og løyse utsleppsproblema på. Det er truleg fleirtal for dette på Stortinget, og Inger Pauline Landsem og dei andre frå BKA meiner det kan berge natur, reindrift og straumforsyning. Det vil òg kunne fjerne utsleppa frå produksjonen. – Sjølv om vi ikkje må gløyme at utsleppa frå den eksporterte Melkøya-gassen vil hope seg opp i atmosfæren som før. Dei er 13 gongar større!

Sjå Inger Pauline Landsem, Grete Mathiesen og Ingunn Elstad, BKA Troms: Melkøya-saka må behandlast i Stortinget


Klimamarkering i Tromsø 20. november 2023. Foto: Marius Rølland

Spre klimavett,
del denne saken!

5 kommentarer

  1. Jarle Sylta | 26.04.2024

    Mottobruken

    Mottoet «Det meste er nord»
    er misvisande.
    «Det meste går rett vest»
    kan verta resultatet.

  2. Oddbjørg Langset | 26.04.2024

    Ang. omstilling bort fra olje og gass. Savner byggetekniske krav i alle kommuner om at nybygg, rehab…., må lage noe strøm sjøl. Da må utstyretvære hyllevare, lett å bruke, enovastøtta og få levert overskuddsstrøm lønnsomt til lokale kraftverk/nett. Ser nesten ikke solceller på tak, enda vi trenger stadig mere strøm og beredskap! Er kraftselskapa redde for å bli utkonkurrert på pris? De kan ihvertfall ikke være bremseklosser, så vi står igjen med intet, når andre land frigjør seg fra olja. Og vannkrafta vår fortsatt balanserer i kablene til utlandet. Annet om dette?

  3. Ingunn Elstad | 28.04.2024

    Melkøyavedtaket er ikkje behandla av Stortinget. Høyre og Venstre går no inn for stans i elektrifiseringa av sokkelen. Sjå kronikken ovanfor (lenke). Besteforeldrenes klimaaksjon må krevje stortingsbehandling av Melkøyasaka, og stans i utbygging av kraftliner gjennom reinbeiteland iallfall til ei rettsleg avklaring ligg føre.

  4. Hallvard Birkeland | 02.05.2024

    Om jeg forstår dette rett, så vil ikke Høyre og Venstre droppe elektrifiserring, men tvert om overlate til oljeselskapene hvordan de vil gjøre det. Det åpner for både vindkraft til lands og til havs. i Hordaland og sikkert manga andre steder, trur jeg det betyr kraftig økt press for å bygge vindindustri i fjellet og hvert et nes, for det er det billigste.

  5. Ingunn Elstad | 02.05.2024

    Høyre og venstre vil.ha slutt på elektrifisering med landstraum. Då kan selskapa ikkje lenger få tildelt kraft frå nettet. Det er det Klimautvalget-50 tilrår. Høyre og Venstre føreslår karbonrensing eller havvind i staden for kraft frå land, men vi går inn for planmessig utfasing.
    I dag fører kraft frå land til massive vindkraftplanar i Finnmark, utbygginga er begynt.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*