Arkiv for kategorien: "Klimadugnad Hordaland 2016"

– Viktig å vere der folk er

Kampanjen «Klimadugnad 2016» kom til Voss tysdag denne veka og hadde arrangement både på Amfisenteret på ettermiddagstid, og i folkebiblioteket om kvelden. – Det er viktig å vere der folk flest er, så kjøpesenteret var eit naturleg val for oss, seier Janet Wiberg i styret for Besteforeldrenes klimaaksjon i fylket. Vi er veldig glade for at vareordførar Sigbjørn Hauge stilte opp og fortalte om planar dei har for å gjere kommunen meir klimavenleg. Kyrkja er ein viktig medspelar på Voss som mange andre stader, og det var interessant å høyre på Kari Bye frå Grøn Kyrkje, som er eit landsomfattande nettverk for skaparverk og berekraft.

Spre klimavett,
del denne saken!

På vei mot mer bærekraftige liv

agnes-3«Bærekraftige liv» er en bevegelse av nabolag der vi får store ting til å skje! Vi løfter hverandre ut av handlingslammelsen og inspirerer til et liv verdt å leve for deg, de andre og kloden, sa Agnes Tvinnereim fra «Bærekraftige liv på Landås» i sitt foredrag i Bergen bibliotek onsdag denne uka, der Besteforeldrenes klimadugnad hadde inspirasjonsmøte. – Positive handlinger utløser mot, håp, glede og nye relasjoner. Vanlige handlingskampanjer fungerer ofte ikke så godt. Men vi ser at gode, konkrete handlinger også gir holdningsendringer. Bevegelsen Bærekraftige liv består i dag av rundt 30 ulike nabolag over hele landet.

Spre klimavett,
del denne saken!

Ynskjer å vera del av løysinga

timoKlimadugnaden her i Eidfjord tykkjer eg var sers vellukka, seier Timo Knock som er biblioteksjef i kommunen og som tok på seg ansvaret for eit vekelangt arrangement i samarbeid med Besteforeldreaksjonen. Klimaendringane vart sett på dagsorden og arrangementa nådde ut til mange grupper i lokalsamfunnet, frå born i småskulen til lokalpolitikarane. Han strekar under at sjølv om aksjonsveka no er avslutta; vil han halda fram med å publisera og dela informasjon om Besteforeldrenes klimaaksjon og relevant forsking på biblioteket si facebook-side. – Stor takk til alle som stilte opp, både som bidragsytarar og publikum!

Spre klimavett,
del denne saken!

– Skaperverket lider på grunn av oss

gronasProfessor emeritus i meteorologi, Sigbjørn Grønås har i et kvart århundre arbeidet med formidling av den vitenskapelige bakgrunnen for global oppvarming. Denne uka var han med da Besteforeldreaksjonens klimadugnad besøkte Kongshaug kristne musikkgymnas i heimbygda Os. Her leste han sin egen bønn for elevene: «Gud, vekk oss opp ….» – Vi trenger mer forskning og forskningsbasert folkeopplysning, sier han. Men det er ikke nok. Det personlige må med. For meg dreier dette seg også om min kristne tro. Vi er ikke satt inn i verden for å utnytte og grafse til oss, men for å dyrke og forvalte, i takknemlighet.

Spre klimavett,
del denne saken!

Grønt skifte nedanfrå

peter m stordFramtida er elektrisk. Den norske satsinga på olje og gass frå Barentshavet, med planar om utvinning i fleire tiår etter 2050, er ute av takt med det som skjer i verda. Vi risikerar å bli parkerte av den teknologiske utviklinga og kan bli sitjande att med store økonomiske tap, sa professor Peter Haugan frå Bjerknessenteret for klimaforskning, på eit godt besøkt kveldsmøte i Os i Hordaland 27 oktober. Det var arrangert av Besteforeldreaksjonen som del av klimadugnadsdagen i kommunen. Frammøtte politikarar og andre interesserte deltok aktivt i debatten om kva ei fossilfri framtid kan bety for lokalsamfunnet og lokale prioriteringar.

Spre klimavett,
del denne saken!

Inviterer til folkemøter

thelma portrettKlimadugnad Hordaland er kome til Os der dei i morgon skal ha arrangement og møter frå morgon til kveld. Besteforeldreaktivistar stiller opp på skular, torg og kjøpesentra og vonar mange vil legge merkje til markeringa og få med seg bodskapen. I dag vert fylkesleiaren, Thelma Kraft, intervjua i Os- og Fusaposten. – Vi  ynskjer å få fram kor viktig lokalt engasjement og gode lokale klimatiltak er, seier ho. Eit stort problem er avmaktskjensla mange har. «Men eg nektar å tru at ting er uoverkomelege. Vi som einskildpersonar har rett og plikt til å påverka politikarane på dei måtane vi kan, mellom anna gjennom val.»

Spre klimavett,
del denne saken!

Kyrkja må bli grønare

Lisbeth NygårdI Hordaland held Besteforeldreaksjonen fram med sin «Klimadugnad 2016», inspirert av Paris-avtalens artikkel 12 som legg  vekt på kor viktig det er med opplysning og brei folkeleg medverknad. Då kampanjen hadde eit arrangement på Stord, var det viktig å få med seg kyrkja, som har ei sterk stilling i lokalsamfunnet. Soknediakon Lisbeth Nygård har ansvar for kyrkja si omsorgsteneste, og er oppteken av at miljø- og klimaengasjement er noko som følgjer av det kristne bodet om nestekjærleik. Ho ønskjer at Stord kyrke skal bli grønare enn ho er i dag, og var glad for å verte utfordra av besteforeldre som stiller krav.

Spre klimavett,
del denne saken!

Klimadugnadsdag på Stord

herstad– Bare blinde og stokk døve politiske autister kan avvise eller nekte å forstå de alvorlige klimaproblemene. Skikkelige folk er glad i sine barn, og i jorda vår. I Stord er vi klare for å gjøre en større innsats og tar gjerne imot hjelp til å bli bedre, sa ordfører Harry Herstad på et åpent møte 15. sept. Besteforeldreaksjonen i Hordaland hadde invitert til klimadugnad, og sammen med kommunen fått med offentlige etater, næringslivet, kirka og flere andre som kom for å fortelle hva de kan bidra med for å gjøre Stord til et nullutslippssamfunn i 2050. En typisk vestlandskommune som i dag har mange arbeidsplasser i oljenæringa.

Spre klimavett,
del denne saken!

– Det gjeld å mobilisere breitt

I Hordaland held Besteforeldrene fram med sin «Klimadugnad 2016». Laurdag 2. juli drog ei gruppe til den vesle øykommunen Fedje og den årlege Fiskefestivalen som samlar ei mengd folk. Blant salsboder og utstillingar sette dei opp aksjonsstand og fargerike banner med kampanjens slagord: «Vil du vere deltakar eller tilskodar?» – Alle opplyste menneskje veit at vi ikkje kan lukke auga for klimaproblema. Problemet er avmaktskjensla, og det er fyrst og fremst denne vi ynskjer å gjere noko med, seier leiar i fylkeslaget, Thelma Kraft. Til hausten er det Voss, Hardanger og Sunnhordland og ikke minst Bergen som står for tur.

Spre klimavett,
del denne saken!

– All kan gjere nôko!

deltakar 3Med økonomisk støtte frå Hordaland fylkeskommune vil aktivistar frå Besteforeldrenes klimaaksjon besøke Stord, Voss, Odda og andre stader rundt om i det vidstrakte fylket. Det gjer dei for å skape blest om muligheitene for gode lokale klimatiltak. – Vi kallar det ein handlingskampanje, og vil freiste å gjere noko med den avmaktskjensla mange har i høve til klimaproblema, seier fylkesleiar Thelma Kraft. – Dei fleste veit nok til å forstå at noko må gjerast, noko som monnar. Så no utfordrar vi andre frivillige organisasjonar, politikarar, lokalt næringsliv, skule, lokalt kulturliv og kyrkje. Det viktige spørsmålet er: Vil du vere tilskodar eller deltaker?

Spre klimavett,
del denne saken!