Kyrkja må bli grønare

Lisbeth NygårdI Hordaland held Besteforeldreaksjonen fram med sin «Klimadugnad 2016», inspirert av Paris-avtalens artikkel 12 som legg  vekt på kor viktig det er med opplysning og brei folkeleg medverknad. Då kampanjen hadde eit arrangement på Stord, var det viktig å få med seg kyrkja, som har ei sterk stilling i lokalsamfunnet. Soknediakon Lisbeth Nygård har ansvar for kyrkja si omsorgsteneste, og er oppteken av at miljø- og klimaengasjement er noko som følgjer av det kristne bodet om nestekjærleik. Ho ønskjer at Stord kyrke skal bli grønare enn ho er i dag, og var glad for å verte utfordra av besteforeldre som stiller krav.

Ta vare på skaparverket
Eg begynte som diakon for fire år sidan, etter å ha jobba 20 år som sjukepleiar, og må innrømme at det var noko overraskande då det gjekk opp for meg at diakoni óg handlar om klima og miljø og grøn tankegang.

Diakoni handlar om å visa medmenneskelighet; kristen nestekjærlighet, og det å ha omsorg for vår neste og alt liv på jorda. Diakoni bygger på fire søyler:

  1. Nestekjærleik
  2. Inkluderande fellesskap
  3. Vern om skaparverket og
  4. Kamp for rettferdighet

Så det å ta vare på skaparverket er å visa nestekjærleik  for dei som blir råka av klimaendringane no, og for alle dei  generasjonane som kjem etter oss.

Det handlar om å engasjera seg både lokalt, nasjonalt og globalt.

Fleire kyrkjer i landet er blitt grøne i den forstand at dei forplikter seg til å følgja nokon grøne retningslinjer, for eksemel innan gudstenesteliv, undervisning, innkjøp energi, transport og avfall. Men det å tenka grønt er å vera i ein stadig prosess og målet er å engasjera og inspirera og få fram at det ikkje bare er for dei spesielt interesserte, men alle  – både unge og eldre. Det gjeld å få eigarskap til det som må gjerast.

Vi i kyrkja på Stord er per i dag ikkje ein slik grøn kyrkjelyd, men vi har nokre grøne tiltak og er på veg:

  • Vi har konfirmantundervisning om miljø, forbruk, engasjement for klima og rettferdighetsspørsmål.
  • Vi feirar Skaparverkets dag og få barna med ut i naturen.
  • Vi tenkjer på og har fokus på dei som blir ramma av klimaendringar som følgje av forbruket vårt, og har jevnleg innsamlingar til ein miljøorganisasjon eller ein misjonsorganisasjon som til dømes Kirkens Nødhjelp/ Changemaker.
  • Kvar vår samlar konfirmantar inn penger som går til til f.eks. til vannforsyning og planting av tre som igjen blir til mat for menneskje og dyr
  • Vi bruker Fairtrade-produkt, miljøvennlege eller svanemerka produkt
  • Vi brukar minst muleg eingongsutstyr
  • Vi samkøyrer og tar kollektivtransport
  • Vi brukar minst muieg papir
  • Vi tenker enøk i kyrkjebygga, både når det gjeld varme, strøm og ly
  • Vi kjeldesorterar

Meir informasjon om utfordringane og mulegheitene finn ein her  www.grønnkirke.no

Innnleiarar på klimadugnadsmøtet på Stord 15 sept 2016, frå venstre: Helene Frihammer (Klimapartnere), Thelma Kraft (Besteforeldrenes klimaaksjon), Anne-Grete Sandtorv (Stord Næringsråd), Reidun Rasmussen Mjør (Helse Fonna), Lisbeth Nygård (Stord Kyrkje), Vegard Frihammer (Greenstat), Harry Heratad (ordfører Stord), Håvard Tvedte (Marine Clean Tech)

Innnleiarar på klimadugnadsmøtet på Stord 15 sept 2016, frå venstre: Helene Frihammer (Klimapartnere), Thelma Kraft (Besteforeldrenes klimaaksjon), Anne-Grete Sandtorv (Stord Næringsråd), Reidun Rasmussen Mjør (Helse Fonna), Lisbeth Nygård (Stord Kyrkje), Vegard Frihammer (Greenstat), Harry Heratad (ordfører Stord), Håvard Tvedte (Marine Clean Tech) Foto: Tove Erstad

 

 

!Vær den første til å kommentere

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*