Inviterer til folkemøter

thelma portrettKlimadugnad Hordaland er kome til Os der dei i morgon skal ha arrangement og møter frå morgon til kveld. Besteforeldreaktivistar stiller opp på skular, torg og kjøpesentra og vonar mange vil legge merkje til markeringa og få med seg bodskapen. I dag vert fylkesleiaren, Thelma Kraft, intervjua i Os- og Fusaposten. – Vi  ynskjer å få fram kor viktig lokalt engasjement og gode lokale klimatiltak er, seier ho. Eit stort problem er avmaktskjensla mange har. «Men eg nektar å tru at ting er uoverkomelege. Vi som einskildpersonar har rett og plikt til å påverka politikarane på dei måtane vi kan, mellom anna gjennom val.»

jostein-hallandVil du vera tilskodar eller deltakar?
Det er spørsmålet når Besteforeldrenes klimaaksjon inviterer til folkemøte i Kløvertun torsdag, skriv redaktør Jostein Halland.

Besteforeldrena sin klimaaksjon i Hordaland gjennomfører i haust kampanjen «Klimadugnad Hordaland 2016», med støtte frå fylkeskommunen. Gjennom aksjonen vitjar dei eit tital kommunar i Hordaland for åmobilisera til ein ekstrainnsats for klima og miljø. Torsdag er turen komen til Os, der det vert både folkemøte, stands og besøk av skular.

Thelma Kraft er fylkesleiar for Besteforeldra sin klimaaksjon i Hordaland.
– Vi kallar det ein handlingskampanje og vil freista å gjera noko med den avmaktskjensla mange har i høve til klimaproblema, seier ho og held fram:

– Dei fleste veit nok til å forstå at noko må gjerast, noko som monar. No utfordrar vi både andre frivillige organisasjonar, politikarar, lokalt næringsliv, skule, lokalt kulturliv og kyrkje. Det viktige spørsmålet er: Vil du vere tilskodar eller deltakar?

Paris-avtalen
Kraft fortel at noko av bakgrunnen for aksjonen, er Paris-avtalen som understrekar at eit breitt, folkeleg engasjement er naudsynt. Besteforeldrenes klimaaksjon har hatt arrangement på Bømlo, i Lindås, på Fedje og på Stord og no er turen kome til Os.

– Kva vil de gjera i Os?
– Vi ynskjer mellom anna å få fram kor viktig lokalt engasjement og gode lokale klimatiltak er.

Dagen startar dagen med besøk hos alle dei vidaregåande skulane i Os, så vert det stand på Amfi Os. På det opne folkemøtet i Kløvertun om kvelden vil fleire fagfolk halda innlegg.

– Dei vil presentera korleis vi kan skapa eit «grønt skifte», både nasjonalt og lokalt i den einskilde kommune. Kommunens representantar vil leggja fram klimaplanar for Os, og etter dette blir det eit ordskifte om klimaarbeid og klimapolitikk mellom representantar for dei ulike politiske partia, fortel Kraft.

Hårete mål
Besteforeldrenes klimaaksjon er ein landsomfattande organisasjon som har som overordna mål at «framtidige generasjonar kan arva ei jord i betre økologisk balanse»»

– Det er eit hårete mål, slik det ser ut i dag, vedgår Kraft.

– Kva ynskjer de å oppnå med denne aksjonen?
– Vi er inspirerte av Paris-avtalen som understrekar at folk skal ha tilgang til informasjon om klima og vera aktsame. Eg er heilt overtydd om at klimakampen ikkje kan vinnast utan folkeleg og lokalt engasjement. Vi tenkjer at vi besteforeldre nyt respekt og har betre tid enn dei som er i full jobb, så vi kan prata med folk om kva vi sjølve kan gjera og kva som må til av politiske endringar. For meg har klima-utfordringane vorte ei personleg sak. Eg har sju barneborn, så det er dei som driv meg.

For dårleg prioritering
Kraft meiner politikarane ikkje prioriterer klimatiltak godt nok.

– Dei kjem med nokre gode forslag når det gjeld transport, men grip ikkje tak i den store utfordringa, nemleg utsleppa frå oljesektoren. Men litt optimistisk kan ein vera. Det er fleire kommunar som har lagt fram gode klimabudsjett, og det skal dei ha ros for, seier Kraft.

Ho meiner også det tek til å skje noko rundt oss, med bedrifter, byar og fleire kommunar som kjem opp med klimavenlege, nye løysingar.

– Men dei store spranga er det politikarane som må stå for. Eg er mellom anna svært uroa over utlysingar av nye oljekonsesjonar i Barentshavet Men eg nektar å tru at ting er uoverkomelege. Vi som einskildpersonar har rett og plikt til å påverka politikarane på dei måtane vi kan, mellom anna gjennom val.

Thelma i Paris under fjorårets klimatoppmøte

Thelma i Paris under fjorårets klimatoppmøte

 

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Steinar Rundhaug | 26.10.2016

    Stå på i Hordaland. Kanskje det smittar over på oss på Haugalandet. Vi skal ut i gatene 5. november.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*