– Viktig å vere der folk er

leif-rygg
LOKAL KULTUR: Felespelar og klimaengasjert bestefar Leif Rygg stilte opp saman med barnebarnet Eivind, både på Amfisenteret og i biblioteket.

Kampanjen «Klimadugnad 2016» kom til Voss tysdag denne veka og hadde arrangement både på Amfisenteret på ettermiddagstid, og i folkebiblioteket om kvelden. – Det er viktig å vere der folk flest er, så kjøpesenteret var eit naturleg val for oss, seier Janet Wiberg i styret for Besteforeldrenes klimaaksjon i fylket. Vi er veldig glade for at vareordførar Sigbjørn Hauge stilte opp og fortalte om planar dei har for å gjere kommunen meir klimavenleg. Kyrkja er ein viktig medspelar på Voss som mange andre stader, og det var interessant å høyre på Kari Bye frå Grøn Kyrkje, som er eit landsomfattande nettverk for skaparverk og berekraft.

Godt møte i biblioteket
Det kunne godt ha vore fleire tilhøyrarar på Amfisenteret. Til gjengjeld var det imponerande mange som hadde funne vegen til biblioteket for å høyre på dei to foredragshaldarane våre, fortel Janet Wikberg. Ho tykte professor Helge Drange frå Bjerknessenteret for klimaforsking og den visjonære siviløkonomen Per Hjalmar Svae, utfylte kvarandre på ein fin måte. Vi treng både dei harde fakta som rystar oss, og gode handlingsalternativ!

Forelesar Helge Drange. Per Hjalmar Svae med ryggen til.

Helge Drange forelesar. Per Hjalmar Svae med ryggen til.

Drange viste kor vi står med omsyn til verdas klima, og kor mykje det hastar med å få ned utsleppa dersom vi skal ha ein rimeleg sjanse til å hindre ei oppvarming på meir enn to grader. – Eit par grader ekstra høyrest kanskje ikkje så avskrekkjande ut ein ruskete haustdag på Voss. Men vi snakkar om global gjennomsnittstemperatur med store og til dels uføreseielege konsekvensar, forklarte Drange. Han var uroa over det som skjer i havet, som har teke opp det aller meste av overskuddsvarmen og der miljøet allereie er i rask endring. Forsuring av havvatnet frå dei ekstra mengdene CO2 er i ferd med å bli eit problem for mange korallrev rundt om i verda.

Frå Svae fekk dei oppmøtte ein noko meir oppmuntrande bodskap: Det er fullt mogleg å komme på offensiven, teknologien finnes, og mange bedriftar, institusjonar, kommunar, byer og tettstader gjer alt ein stor innsats for å redusere sine klimafotavtrykk. Vala vi tek som einskildmenneskje er óg viktige. Det er del av ei samfunnsendring som kan bli raskt sjølvforsterkande, sa han – slik klimaendringane er, men med motsett forteikn. Økonomien må endrast frå vekst til kretslaup. Ved å flytte fokus til livskvalitet gjennom medmenneskelege relasjonar i staden for materialistisk forbruk, kan oppleve betre, lukkelegare og meir berekraftige liv.

Indre Hordaland Miljøverk sponsa arrangementet i bibioteket med tebrød og gratis kaffe servert med kortreist melk i pausen.

God førehandsomtale i lokalavisa "Hordaland"

God førehandsomtale i lokalavisa «Hordaland»

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Steinar Høiback | 24.11.2016

    Et utmerket tiltak og arrangement, masse gratulasjoner til «Vossagjengen».

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*