Kva med arbeidsplassane?

melkøya
Melkøya utenfor Hammerfest 1. januar 2020. Foto: Lars Bjørn Mehus

Vil utfasing av olje- og gassproduksjonen få store konsekvensar? Kor mange jobbar er det snakk om – på stader som Melkøya og nasjonalt? Spørsmålet vart nyleg reist av Ingunn Elstad i Nordnorsk debatt. Ho meiner tala vert kunstig blåst opp, og at kronargumentet om arbeidsplassar står svakare i dag enn det gjorde tidlegare.

Alt har ein slutt

Ifølgje Oljedirektoratet minkar ressursane på norsk sokkel, og vil falle raskt frå 2030. For å få ut den siste oljen og gassen, oppgraderer oljeselskapa anlegga med elektrifisering og trykkstøtte. Blir ikkje Melkøya oppgradert, kan Equinor ikkje garantere drift etter 2029.

Noreg er eit lite land med eit stort internasjonalt oljeselskap, Equinor. Internasjonalt er det planlagt nye olje- og gassprosjekt med til saman enorme utslepp. Fem vestlege land står for halvparten av prosjekta: USA, Canada, Australia, Storbritannia – og Noreg (Oil Change International 2023.) Nye felt blir bygd ut, selskapa får store statlege subsidiar, oljeminister Aasland krev at «alle steinar blir snudd» etter gass i Arktis, og Oljedirektoratet vurderer gassrøyrleidning frå Barentshavet, som kan gjere anlegget på Melkøya overflødig. Medan EU legg om til fornybart, satsar Noreg alt på at marknadane ikkje skal kollapse før dei siste milliardane har nådd Oljefondet.

Klimautsleppa aukar framleis. Dei 194 landa som har underteikna Parisavtalen krev rask og rettferdig global utfasing av fossile brennstoff, både produksjon og forbruk. Målet er null utslepp i 2050 (Global Stocktake 2023). FN-leiinga stiller det same kravet. Utfasing kan ikkje skje frå ein dag til neste; overgangen må planleggast. Som FN har gjort klart for all verdahar Noreg ingen plan. Sidan 2010 er det laga fleire utgreiingar om korleis omstillinga bør gjennomførast. Dei må opp av skuffa.

Vi kan sjå på Melkøya, den største fossilarbeidsplassen i Nord-Noreg. Elektrifisering med landstraum vil som kjent få store konsekvensar i landsdelen og kan føre til menneskerettsbrott. I følgje regjeringa sitt vedtak kan Equinor begynne oppgradering i 2028, og ta ut straum til elektrifisering frå 2030. Olje- og energidepartementet forventar at levetida til anlegget blir forlenga til 2040. Melkøya-saka gjeld altså forlenging av gasseksporten frå Snøhvit med ti-tolv stakkars år – med varige inngrep, konfliktar og nye klimautslepp. I følgje departementet vil gasseksporten frå Melkøya gi globale utslepp på 10,1 millionar CO2 i året. Dei blir verande i atmosfæren i generasjonar.

Vil vi det?

Å telje arbeidsplassar

Direktør Tungesvik i Equinor oppgir ca. 350 tilsette på Melkøya, 150 kontraktørar og lærlingar, og «totale ringverknader» i landsdelen på nær 900 årsverk. Han viser til «Levert-rapporten» som gir oversikt over leveransar til olje og gass i Nord-Noreg, og blir utgitt av Kunnskapsparken i Bodø med støtte frå m.a. Olje- og energidepartementet og Equinor. Den siste Levert-rapporten viser altså at Equinor og norske leverandørar (ikkje berre nordnorske) hadde 900 årsverk knytt til Melkøya.

Problemet er at rapporten handlar om 2021, då Melkøya var stengt ned etter storbrannen i september 2020. Reparasjonane etter brannen gav rekordleveransar. Oljeministeren la fram rapporten i Stavanger, for den internasjonale energibransjen: «Dette er betydelig meir enn industrien selv forventet.»

Ein kan vel knapt tenke seg noko meir uhyggeleg enn ein storbrann på eit gassanlegg. Heldigvis vart det ikkje personskadar.

Kva er «totale ringverknader på 900 arbeidsplassar»? Levert-rapporten legg saman direkte årsverk hos operatørselskapa og direkteleverandørar, og indirekte årsverk: tilsette sitt forbruk pluss årsverk hos underleverandørar, som «kan gå flere ledd bakover i verdikjeden». Slik blir tala på arbeidsplassar blåst opp. Dei fleste bedriftene i det som blir kalla leverandørindustri, er ikkje einsidig knytt til olje og gass. Dei leverer også til andre næringar, som skipsfart og havbruk. Det finst unnatak, bedrifter som har spesialisert seg på leveransar til olje og gass, for eksempel i Hammerfest.

Denne teljemåten blir særleg brukt på fossilindustrien. Ein snakkar om «totale ringverknader», «petroleumsrelaterte arbeidsplassar» og «oljepopulasjon». Derfor kan politikarar og media oppgi 200 000 arbeidsplassar «knytt til» olje og gass i Noreg. Statistisk sentralbyrå oppgir 60 000 arbeidsplassar i olje og gass i 2022, irekna tenester. Det er knapt to prosent av alle sysselsette; i helse og omsorg jobbar ti gongar så mange. Korleis vil det bli framover? Ein rapport som olje- og gassbransjen har bestilt, konkluderer med at det ikkje er utsikter til auka sysselsetting i olje og gass. Næringa står i eit generasjonsskifte, fleire blir pensjonistar, og ein reknar med fall i nyrekruttering og mindre aktivitet frå 2024 (Rapport 12/2022 NORCE Helse & Samfunn).

Statistisk sentralbyrå samanfattar det slik: Når petroleumsnæringa blir rekna som den største i Noreg, er det ikkje på grunn av sysselsettinga, men inntektene.

Sikre og trygge jobbar?

Arbeidsplassane i olje og gass er delvis faste jobbar med folk som bur og skattar lokalt. Delvis er det innleige frå inn- og utland, for kortare eller lengre tid. Ser vi på Finnmark, utgjorde pendlarane 45% av dei oljerelaterte årsverka i 2019. I rekordåret 2021 var nesten alle nye årsverk i leverandørindustrien i Troms og Finnmark pendlarar – 543 av 554. «Levert-rapporten» konkluderer at arbeidskraft utanfrå regionen er avgjerande for leverandørindustrien. Med andre ord: Skal Melkøya byggast ut, må det gjerast av langpendlarar. Det same gjeld eventuelle nye funn i Arktis.

Etter storbrannen på Melkøya påviste Petroleumstilsynet alvorlege brott på regelverket. Equinor fekk bot. Då anlegget opna att i 2022, fann tilsynet at fleire gamle avvik ikkje var retta opp, og slo fast at Equinor ikkje hadde sikra eit godt arbeidsmiljø. Det gjeld ikkje berre Melkøya. Petroleumstilsynet sin store rapport om omorganiseringa på norsk sokkel (2023) viser at det blir færre faste arbeidarar offshore, og meir innleige. Arbeidsbelastning og tempo aukar, det blir mindre kontroll over eigne arbeidsoppgåver, og større risiko for feil og glipp, personskadar og storulykker.

Petroleumsnæringa har hatt si tid. Noreg må planlegge slutten.

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Linda Rundquist Parr | 30.09.2023

    For et meget godt argumentert forsvar for BKAs krav om en styrt avvikling av olje- og gassvirksomhet. Det kan ikke være meningen å ofre så mye natur og risikere menneskerettighetsbrudd for å holde produksjonen på Melkøya i gang i en skarve 10års periode. Takk, Ingunn, for klar tale.

  2. Ola Dimmen | 30.09.2023

    Tusen takk for ein grundig og informativ artikkel! Dette er faktainformasjon som BKA og miljørøsla vil ha stor nytte av i det vidare arbeidet for å få utfasa oljenæringa. Under valgkampen møtte vi ofte folk som trur at viss Noreg slutta med olje, har vi lite å leve av. Då blir det ikkje pensjonar og nærmast sveltihel for alle. Det er også mange som trur at Equinor må vere grunnlaget for modernisering og grøn omstilling av industrien, sjølv om dei støvsugar landet både for kapital og arbeidskraft til usikre og farlege gigantprosjekt som skal produsere olje og gass langt inn i framtida. Denne industripolitikken sperrar for omstilling, for eksempel til lokal energiproduksjon som jordvarme og sjøvarme, meir solkraft og for eksempel nye batteriløysingar, sokalla flyt-batteri. (Bryte Batteries i Trondheim).
    Klokketru på framtida for oljenæringa er resultat av langvarig feilinformasjon og propaganda frå oljesektoren, godt fulgt opp av mange politiske representantar. Det er få velgarar som ser til å ha fått med seg at oljeinntektene i statsbudsjettet kjem frå avkastninga av oljefondet, ikkje frå årlege skatteinntekter. Avkastninga er no ca. 10 gonger så stor som skatteinntektene og vil halde fram viss ikkje klimakrisa blir øydeleggande for verdsøkonomien.
    BKA kan ha ei viktig rolle i miljørørsla for å framsnakke meir lokal energiproduksjon og modernisering av industrien. Europa er i full gang, men Noreg ser ut til å ha fått elefantsjuke. Vi satsar på usikre giantprosjekt som truleg blir avlegs før dei kjem i gang, for eksempel hydrogen frå gass med karbonfangst og lagring. Løysinga på elefantsjuke er ikkje fleire elefantar.

  3. Bjørghild des Bouvrie | 02.10.2023

    Tusen takk, Ingunn, for ditt grundige arbeid med å grave frem disse opplysninger om arbeidsplasser på
    Melkøya og overhodet i den norske fossilindustrien. Oppblåste tall fra industriens side, sammenlignet med SSB sine tall. (Takk og pris at vi har SSB!)
    Du overbeviser med din argumentasjon at vedtaket om elektrifisering av Melkøya er meningsløs. Jeg legger til at det er dumt og frekkt.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*