Olje og velferd

melkøya (1)
Må vi drive med dette i all framtid for å berge velferdsstaten? Eller er det i virkeligheten er trussel mot vår velferd? Bilde frå Melkøya utanfor Hammerfest 1. januar 2020. Foto: Lars Bjørn Mehus

– «Det er olja som har gitt Noreg velferd, infrastruktur og helsetenester.» Då vi i Arendal møtte m.a. oljearbeidarar til debatt, var denne velkjende påstanden noko av det som gjekk att. «Ein leitestans no betyr slutten for tryggleiken for barnebarna dykkar i framtida.» – Men fullt så oljeavhengige er vi faktisk ikkje! seier Ingunn Elstad.

Ingunn Elstad er tidlegare professor i sjukepleie ved Universitetet i Tromsø, og leiar for lokallaget av Besteforeldrenes klimaaksjon. Ho har sett nærmare på argumentet om oljeverksemda som eit vere eller ikkje for den norske velferdsstaten. I ein kronikk i Nordnorsk debatt (mars 2022) fortel ho korleis oljealderen har prega dei statlege velferdstenestene. Det er ikkje berre til det betre, syner det seg. Frå 2001 sette handlingsregelen dessuten stopp for bruken av statens oljeinntekter, som går i Oljefondet. I dag er avkastinga av verdipapira mykje større enn inntektene frå olje og gass, og staten er blitt mindre avhengig av olje- og gassproduksjonen.

Konklusjonen hennar er at Noreg kan starte utfasing av oljeverksemda i morgon, – utan at det får noko å seie for statleg velferd. Her er det andre faktorar som er viktigare.


Av Ingunn Elstad, professor emerita,
medlem Besteforeldrenes klimaaksjon

Olje- og gassprisane er høge, og stig meir etter invasjonen i Ukraina. Norske skatteordningar gjer det lønnsamt å bore på fleire felt og lenger nord enn nokon gong før. Staten er hovudeigar, og fortenesta går inn i Oljefondet. Oljefondet sjølv presenterer seg med bilete av ei nydeleg lita jente på ein vaksen arm: «For deg og fremtidige generasjoner». At olje- og gasseksporten er det store norske bidraget til global oppvarming, og ein fare for notidige og framtidige generasjonar, nemner reklamebyrået ikkje. Regjeringa nemner det ikkje heller.

Velferdsstaten

Det er ofte sagt at den framtidige velferda vil kollapse dersom olje- og gassproduksjonen blir fasa ut. I serien «Lykkeland» i NRK fjernsynet var det hevda at oljeproduksjonen frå sytti- og åttitalet er «einaste grunn» til at vi har fritt helsevern og skole! Det historiske minnet er forunderleg kort. Offentleg velferd vart bygd frå 1800-talet, med politiske kampar, fagkunnskap, og verdiar som solidaritet, nestekjærleik og rettferd. Sluttsteinen var Lov om folketrygd i 1965, før Noreg fann olje.

I ein velferdsstat har alle borgarar rett til ytingane, uansett yrke, kjønn, inntekt og kvar ein bur. Vi skal kjenne oss trygge på at vi får hjelp den dagen vi treng det. I koronatida erfarte vi at den tilliten er med å halde samfunnet saman. Historikaren Anne-Lise Seip forklarar i «Veiene til velferdsstaten» at velferdsstaten inneber omfordeling, fordi alle også er med og yter, gjennom trygdeavgiftene og skatten. Det er den skandinaviske velferdsmodellen.

Så fann Noreg ein naturressurs som var så ettertrakta at han kunne seljast for langt meir enn utvinninga kostar, som gav mykje større forteneste enn andre næringar, og som fort kunne velte ideal om likskap og rettferd. Den første oljemeldinga (1973-1974) slo fast at den nye rikdommen skulle brukast til å utvikle eit kvalitativt betre samfunn med større likskap. Derfor skulle staten sikre seg kontroll over inntektene. Utvinninga måtte gå i moderat tempo for å unngå inflasjon, men velferdssamfunnet skulle utviklast vidare. Sjukeheimar og psykiatri vart bygd ut. Frå 1980-talet vart det reist sentrale sjukehusbygg med ny teknologi og kompetanse.

Produktivitet?

På 1980-talet vart også tempoet i olje- og gassutvinninga driven opp, og produksjonen fleirdobla. Det vart åtvara mot det offentlege forbruket. Ein minte om at oljeinntektene ville ta slutt. Visjonen om at olja skulle bygge velferd var blitt problematisk. I staden vart velferd og olje knytt saman som utgifter og inntekter, og «verdiar» vart eit forretningsøkonomisk begrep.

Noreg som hadde vore ein utkant, var blitt del i ein mektig internasjonal økonomisk kultur. Olje- og gassindustrien som «motor» i samfunnsutviklinga vart mønster også for offentleg velferd, og offentlege utgreiingar drøfta korleis ein kunne effektivisere velferd på same måten som produksjonsarbeid. På under tjue år vart det innført varige endringar i alle delar av offentleg verksemd. Økonomar og statsvitarar fekk sentrale rollar. Byråkratiet vaks. Frå 1980-talet vart sengeplassane i helsestellet bygd ned, først i psykiatrien. Bemanningsbyråa breidde seg i helsestellet liksom i oljeindustrien.

Det viste seg vanskeleg å måle produktiviteten i helsestellet – forståeleg nok, for kva er produktet? Men stykkprisfinansieringa frå 1997 gjorde at sjukehusa kunne tene på auka «produksjon av helse». I dag blir halvparten av bevilgningane til sjukehusa fordelt ved at undersøkingar og behandlingar blir sortert i 984 grupper som er prisa. «Produksjonen» er altså oppgåver sjukehuset har utført, og seier ingenting om korleis det går med den andre parten, pasienten. Prisen gjeld gjennomsnittleg tidsbruk, så sjukehuset taper på «ferdigbehandla» pasientar. Elendig sjuke menneske blir frakta att og fram mellom kommunar og sjukehus når komplikasjonar og forverringar oppstår.

Sjukehusa må uansett ta imot alvorleg sjuke som treng oppfølging og pleie gjennom døgnet. Personalet støttar livsfunksjonane, lindrar smerter og forhindrar komplikasjonar. Men sjukepleien til pasientane blir ikkje rekna som produksjon og er ikkje prisa. Pandemien førte då heller ikkje til fleire stillingar, berre til storforbruk av overtid og vikarar. Ifølgje eit arbeidsdokument frå Helsedirektoratet (ISF 2022 – Grunnlagsdokument) har ein sidan 2019 prøvd å passe intensivbehandlinga inn i stykkprissystemet, men det har vore vanskeleg. Først i 2022 er ein særkode for Intensivpasient innført.

«Produksjonen» er fiktiv. Pengane kjem over statsbudsjettet som før. Stykkprissystemet genererer ingen inntekter, men krev naturlegvis datakraft og arbeidstid. Dyrebar sjukepleiekompetanse blir bunden til skjermen.

Reformane til Stoltenberg 1

Oljefondet vart oppretta for å sikre framtidig velferd, og kontrollere forbruket av oljeinntektene. Ved tusenårsskiftet rekna ein at toppen i olje- og gassproduksjonen var nådd, men prisane heldt fram å stige.

Jens Stoltenberg si første regjering (2000-2001) sette i verk hastereform av offentleg sektor, frå skolen til domstolane. På sikt – frå rundt 2020 – rekna ein med fall i oljeinntektene og auka utgifter til trygder og pleie. Langtidsmeldinga sette som mål å «frigjere» arbeidskraft, særleg frå helse og omsorg. Men velferda står og fell med menneskelege ressursar.

Stoltenberg valde ein helseminister som hadde vore underdirektør i Statoil. Staten overtok sjukehusa og la dei om til forretningsføretak, med lønnsam drift som uttrykkeleg mål. Professor i forvaltningsøkonomi, Bjarne Jensen, har i fleire utgreiingar og artiklar analysert korleis den forretningsøkonomiske sjukehusdrifta har ført til nedskjeringar, nedleggingar, og sal av institusjonar i psykiatri og rusomsorg. Sjukehussektoren utmerkar seg med skyhøge leiarlønningar.

Den andre reforma til Stoltenberg 1 var handlingsregelen, som sette stopp for bruken av Statens olje- og gassinntekter. Dei går rett inn i Oljefondet og er investert på finansmarknadane utanlands. Handlingsregelen seier at ei forventa realavkasting av verdipapira i fondet på rundt tre prosent kan brukast årleg i statsbudsjettet. Stortinget behandlar det «oljekorrigerte» statsbudsjettet, der oljeinntektene er trekt frå. Dei knapt tre prosentane av avkastninga utgjer 300,3 milliardar i statsbudsjettet for 2022. Det er mykje pengar, men inntektene frå trygdeavgiftene, for eksempel, er større.

Ikkje avhengig av olje og gass

Kva får dei kommande generasjonane? Ein klimakatastrofe, ein vaklande velferdsstat og eit tårn av pengar?

Oljefondet er no på mellom elleve og tolv tusen milliardar. Avkastninga av verdipapira gir Staten større inntekter enn olje- og gassproduksjonen, og det har danna seg ein politisk elite rundt fondet. Nasjonalbudsjettet for 2022 (Solberg-regjeringa) slår fast at vi har omforma store delar av olje- og gassreservane til finansformue. Talet på sysselsette i olje og gass har gått ned. Finansdepartementet konkluderer at statsfinansane er mindre avhengige av petroleumsnæringa, som heller ikkje vil bidra til vokster i andre delar av norsk økonomi som før; vi er mindre sårbare for fall i oljeinntektene, og meir for fall i finansinntektene.

Noreg satsar så det ryk på olje- og gassutbygginga. Inntektene går i oljefondet, som ikkje skal brukast, men som taper milliardar på ustabile finansmarknadar. Kva er poenget?

Den globale klimakrisa vil før eller seinare slå botnen av norsk oljeøkonomi. Noreg kan i morgon den dag vedta ei planmessig utfasing av oljeproduksjonen, som kan sikre faste arbeidsplassar. Det vil ikkje ha noko å seie for den statlege velferda.

Klima- og naturkrisa stiller svære krav til helsetenester. Pandemiar er eit eksempel. Velferdsordningar som bygg på omfordeling blir viktige i ei rettferdig omstilling.

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Tone Toft | 01.09.2022

    Et fantastisk innlegg. Dette er virkelig klargjørende informasjon – og skrevet på en måte som gjør det lett å følge logikken og forstå realitenene i hva som har skjedd og fremdeles utspiller seg i et land som til de grader har satset på olje- og gass, og skapt en fremstilling for befolkningen om at dette er bærebjelken i det Norske velferdssamfunnet.
    Det er på høy tid at vi alle får en annen virkelighetsforståelse som også er i takt med de utfordringer vi står ovenfor når det gjelder den pågående klima og natur krisa – og alt den fører med seg. Regjeringen svikter befolkningen og fremtidige generasjoner med sin pågående olje- og gasspolitikk. Er det kunnskapsmangel som råder – eller er det kortsiktig grådighet som styrer i regjeringskontorene? Sannsynligvis begge deler.
    Teksten til Ingunn Elstad er så treffende, tydelig og god at den må bli obligatorisk pensum hos styresmaktene. Er det noen som kan påta seg oppdraget+

  2. Finn Bjørnar Lund | 01.09.2022

    Også den norske olja sitt bidrag truer velferden globalt og aller mest for etterslekta.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*