Den gode nøysemda

gunnar kartveit 1
Bilete henta frå Gunnar Kartveit sin presentasjon.

Då Gunnar Kartveit på årsmøtet i Bergen var utfordra til å snakke om «Gudsfrykt med nøysemd», byrja han med å fortelje frå si tid i Kirkens Nødhjelp og møtet med to afrikanske kvinner som hadde fått seg symaskin. «Now we can buy soap and feel beautiful!» – For ein kontrast til vår vestlege masseforbrukslivsstil! – tenkte han då.

Kjærleik, ikkje frykt!

Besteforeldreaktivisten Gunnar Kartveit har sine røtter i eit vestnorsk småbrukarsamfunn prega av nøysemd – og ei gudstru som bar det heie oppe, også når det røyna på som mest. Omgrepet gudsfrykt vil han likevel ikkje identifisera seg med. – Det dreier seg ikkje om frykt, men kjærleik, – og tiltru til at det viktigaste i livet ikkje kan kjøpast for pengar.

«Ja, gudsfrykt med nøysemd er ei stor vinning. For vi har ikkje hatt noko med oss til verda, og vi kan heller ikkje ta noko med oss herifrå.» Timoteus 6

Den moderne pengedyrkinga er i motsetnad til dette både sjølvdestruktiv og usolidarisk, meinte Gunnar. Produksjonen av kle, elektronikk og andre forbruksvarer krev eit enormt forbruk av naturressursar, mineral, vatn, energi og kjemikalier, og fører til utslepp av klimagassar, mikroplast og miljøgifter. Vi veit vi ikkje kan halde fram slik – likevel held vi fram …

Ut av forbrukarkarusellen

Klima og miljø utfordrar heile vår livsstil – og vår livsinnstilling. Berre i løpet av eit par generasjonar har store delar av den norske befolkninga forflytta seg frå eit liv prega av arbeid, pliktkjensle og fokus på basisbehov for mat og varme og tryggleik, – til ein livsstil styrt av forbruksdyrking og reklameindustrien sitt bodskap: Bli aldri tilfreds! Hugs at du må vidare! Du må fornye deg! Nok er aldri nok!

Det finst dei som slit med å skaffe seg det grunnleggjande også i Noreg. Men for dei fleste dreier kravet om til eikvar tid å få det materielt betre, om å halde seg på høgda og ikkje hamne i bakleksa. «Keeping up with the Joneses.» Ein forbrukskarusell som det er vanskeleg for den einskilde å hoppe av. Skal mønstret brytast, må det skje gjennom felles innsats frå private aktørar, det offentlege, organisasjonar og forbrukaren.

Og Gunnar Kartveit er slett ingen pessimist, om nokon skulle tru det. Han ser mange teikn i tida på at haldningar er i endring, og synte i foredraget til ordningar som Too Good To Go, bruktbutikkar, Finn.no, reparasjonar og bildelering. – Før gjekk me til naboen og lånte smør og sukker, no er tilsvarande lån og gjenbruk organisert på andre måtar. Ikkje minst skjer det nå mykje innanfor kyrkja, som heilt attende til 1980-talet har teke på stort alvor dei moralske og politiske utfordringane som forbrukarsamfunnet representerar.

– I bunn og grunn er det òg dette eg finn så tiltalande og viktig med Besteforeldrenes klimaaksjon. Det er ei rørsle der vi så tydeleg set andre omsyn i høgsetet enn vårt eige forbruk, private velvere og sug etter nye opplevingar. Det trengst!


Radøy på 1950-talet, foreldra til Gunnar, i ein pause i gardsarbeidet. Eit bilte prega av fred og tilfredsheit. Ikkje fordi dei ikkje hadde anna å gjere. Oppgåvene sto i kø! Likevel hadde dei ein ro over livet som vi har mist mykje av.

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Karin Skjerdal | 24.04.2022

    Fint og tankevekkende dette. Mor mi er fra en av nabobygdene på Radøy. Jeg kjenner meg igjen. Jeg hørte på foredraget. Det gir meg ro. Takk.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*