Kor står vi no?

sigbjørn appell torgallmenningen
20. sep. 2014: Sigbjørn Grønås held appell under klimademonstrasjon i Bergen.

Professor i meteorologi og klimaaktivist Sigbjørn Grønås har passert 80. Han bur i Os sør for Bergen, og har sidan 1990 arbeidd med formidling av klimavitskap. Kreftsjukdom har prega livet dei seinare åra, men han heng med, forsikrar han! Etter alt som har skjedd det siste året, meiner han det er trong for ei oppsummering.

Av Sigbjørn Grønås, professor emeritus UiB

Høgsterett og klimakrisa

Greenpeace og Natur og Ungdom tapte klimasøksmålet mot staten. Høgsterett meiner at tildeling av utvinningsløyve I Barentshavet i 2016 korkje braut miljøparagrafen i Grunnlova eller den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Ungdomsorganisasjonar og andre klimaaktivistar er skuffa over domen, og meiner at han bidreg til at landet vårt styrkjer sin posisjon som sinke for ei løysing på klimakrisa. Juristar har vurdert domen, nokre støttar han, mens andre er imot. Mest imot er truleg jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde (intervju Dag og Tid des. 2020). Han er ikkje berre skuffa, men sjokkert over Høgsterett, seier han. Spesielt gjeld det tolkinga dei gjer av grunnlovsparagraf 112 som Stortinget vedtok i 2014.  No har vi berre ein utvatna paragraf som ikkje fungerer, er konklusjonen.

Samstundes går søksmålet vidare til Den europeiske menneskerettsdomstolen. No er det Besteforeldrenes klimaaksjon som fører an, organisasjonen har heile tida støtta klimasøksmålet til Greenpeace og Natur og Ungdom. I land som Tyskland, Frankrike og Nederland har liknande søksmål blitt vunne av unge klimaaktivistar.

Noreg sitt ansvar

Som medlem av Besteforeldrenes klimaaksjon og professor emeritus i meteorologi følgjer eg med i klimaforskninga, m.a. gjennom daglege diskusjonar i avisa The Guardian. Til likes med Øyrehagen Sunde er også eg nokså sjokkert over Høgsterett og tykkjer dei vanærar oppdraget sitt. Dei verkar meir oppteke i å støtta oljelandet Noreg, som gjer seg rik på sal av olje og gass, brensel som driv klimakrisa direkte, enn å finna løysing på verdas største problem.

Totale utslepp av klimagassar i verda er over 40 Gigatonn (G, milliarder) kvart år. Norsk oljeverksemd står for cirka to prosent av dette. Folketalet i Noreg er omtrent to tredelar av ein promille av alle som bur på jorda. Bidraget vårt til klimakrisa er mao. svært stort, 30 gonger større enn gjennomsnittet. Utsleppa aukar drivhuseffekten i atmosfæren, noko som fører til global oppvarming og klimakrise. Med dagsens klimapolitikk i verda, kan global overflatetemperatur kome til å auke med fire grader Celsius fram til år 2100. Vidare vil havnivået auke med minst 10 meter, men over ein god del lengre tid. Ny forskning meiner at smeltinga på Grønland alt kan ha nådd eit vippepunkt, slik at ho ikkje let seg stoppa sjølv om verda skulle nå eit klimamål om to graders oppvarming til år 2100.

Grådige oljeselskap

Forskning viser at nokre av dei største oljeselskapa alt frå 1950-åra har visst at produkta deira gjev klimautslepp og auka drivhuseffekt når dei blir brukt som energi. Vidare har alle dei større oljeselskapa visst om utslepp og drivhuseffekt frå 1965. Det er Richard Heege og medarbeidarene hans som har stått for denne forskinga i USA. Han er født i Oslo i 1952 og emigrerte til USA i ungdomen. Arbeidet deira blei presentert i The Guardian 8. oktober 2019 i tre artikler. Heede skreiv sjølv ein av artiklane, med ein treffande tittel: På høg tid å temja oljegigantane før grådigheita deira kveler jorda. Det er ingen tvil om det er produsentene av fossilt drivstoff som har hovedansvaret for klimakrisa. Oljeselskapa prøvde lenge å skjule kunnskapen om fossilt drivstoff og klimaendringar, mellom anna ved å støtta verksemd som systematisk sådde tvil om den globale oppvarminga. Dei har også vist liten interesse for å utvikle fornybar energi. Eit mogleg unntak er Equinor, som satsar på vindenergi til havs. Innan 2030 kan denne verksemda utgjere rundt 30 prosent av total aktivitet.

Nye klimasøksmål

Fleire land førebur no klimasøksmål mot produsentar av fossilt drivstoff. Eit slikt land er Filippinene, som kvart år brukar store summar på å rydde opp etter skader frå tropiske orkaner (tyfoner). Forskning viser at vindstyrken i tyfonane i området har auka dei siste tiåra og at denne tendensen vil halda fram. Truleg må Noreg eller Equinor ein gong betale statar som Filippinene for meirutgifter som klimakrisa gjev. Kvart land er ansvarleg for sine utslepp, men produsentar av fossilt drivstoff har størst ansvar for klimakrisa. Produsentane er i same situasjon som tobakksindustrien når dei sel produkt som skadar helsa til folk.

Norsk utvinning av olje og gass starta då feltet Ekofisk blei opna i 1969. Eg reknar med at leiinga i oljeselskapa som har operert på norsk sokkel og statens oljeleiing, har har hatt same kunnskapen om fossilt drivstoff og auka drivhuseffekt som dei selskapa Heege studerte. Teorien om fossilt drivstoff og auka drivhuseffekt har vore kjent av meteorologer sidan 1896. Norske studentar i meteorologi har lenge fått grundig matematisk undervisning i drivhuseffekten og veit til dømes at utan drivhuseffekt ville jorda hatt evig, kald vinter. Sjølv blei eg i 1976 kjent med at sikre målingar av innhaldet av CO2 i atmosfæren auka markant frå år til år. Meteorologiprofessor Arvid Skartveit skreiv artikkelen «Lufthavet som avfallsdynge» i Syn og Segn i 1977.

I Nederland blei oljeselskapet Shell den 26. mai dømt til å kutte utsleppa sine radikalt fram til 2030 i kampen mot klimakrisa. Dette er eit godt tiltak for å temja oljeselskapa.

Karbonbudsjettet

FNs klimapanel IPCC har rekna ut budsjett for kor mykje CO2 verda kan sleppa ut om ein skal nå klimamåla om 1,5 eller 2,0 grader oppvarming ved år 2100. Rapporten deira frå 2018 finn at budsjettet er 420 Gtonn CO2 for å nå målet om 1,5 grader. Med årleg utslepp på cirka 40 Gtonn,  er det slutt på budsjettet i 2028. Dette tyder på at vi når ei oppvarming på 1,5 dette året. Dette stemmer godt med prognosar. Om ein brukar trenden i oppvarminga av global temperatur siste ti år, til å varsla framover, når vi 1,5 grader alt i 2025. Liknande og andre varsler viser at oppvarminga blir 2,0 grader før 2050. Greta Thunberg har brukt slike budsjett for å åtvara politikarar og styrtrike folk om klimakrisa (Greta Thunberg, No one is too small to make a difference, Penguin Book, 2019).

Tal frå oljeselskapet British Petroleum viser at kjeldene for fossilt drivstoff, som allereie er klare til å utnyttast, er 12 gongar større enn budsjettet knytt til målet om 1,5 grader. Då er det hån mot dei som kjem etter oss å leita etter nye kjelder. I dag, 20. mai 2021, stadfesta olje-og energiminister, Tina Bru, Høgre, og Espen Barth Eide, Arbeiderpartiet, at partia deira vil at Noreg skal halda fram med å leita etter meir olje og gass.

Arbeiderpartiet, Framstegspartiet og Høgre er partia som har styrt og styrer norsk oljeverksemd. Etter mi meining har dei styrt etter propaganda frå Oljedirektoratet. Denne har to viktige utsegner. Det eine er at norsk oljeverksemd er ein del av løysinga på klimakrisa. Tanken er at om ein bytter ut bruk av kol med bruk av gass blir det 50 prosent mindre utslepp. For meg er denne proagandaen hån mot dei som kjem etter oss. Vi må fase ut all bruk av fossilt drivstoff innan kort tid. Det andre er at det vil bli trong for norsk petroleum i framtida. Dersom verda ikkje får det til å fase ut bruk av fossilt drivstoff, kan det bli ein marknad for norsk petroleum. Landet vårt skal sko seg på klimakrisa og sørge for at ho blir verre. Eg har sett Tina Bru i det danske TV-programmet Clement kaller jorden. Her slo ho fast at Noreg vil følgje marknaden for å tena mest muleg på oljeindustrien. Eg vil seia at dette er ein hån mot Gud og dei som kjem etter oss.

I ein ny rapport 18. mai 2021 seier Det internasjonale energibyrået (IEA) at det bør bli slutt på å leite etter olje og gass, noko FNs klimapanel (IPCC) lenge har hevda sterkare. Norsk oljepolitikk er nøye knytt til råd frå IEA. Om vi held fram med å leite etter nye kjelder, har vi ikkje lengre støtte frå vitskaplege instansar.

Det er produsentane for fossilt drivstoff og og grådigheita til dei rikaste som øydelegg Guds jord. Den eine prosenten av dei rikaste på jorda slepp ut like mykje klimagassar som den fattigaste halvdelen av folk på jorda. Folk treng energi, og bruk av fossilt drivstoff har i stor grad redda mennesker ut av fattigdom. År 1990 er eit referanseår for den tid kunnskapen om klimakrisa blei allment kjent på jorda, då starta kampen for å redusera klimautsleppa. Vi har no hatt meir enn tretti år på oss til å fase ut fossilt drivstoff med fornybar energi. Men utsleppa har berre auka heile tida fram til Coronapandemien. EU tek krisa alvorleg. Fleire land i Asia er enno ikkje heilt klare til å kjempe mot klimakrisa. Store land som USA og Brasil har og hatt leiarar som ikkje trur at klimakrisa eksisterer. Klimakrisa er dyster. I tillegg til å fase ut fossilt drivstoff, må vi få jordoverflata til å binde meir CO2. The Guardian melde nyleg om forsking som viser at tropisk regnskog no blir hogd ned med eit areal lik ein fotballbane kvart 7. sekund.

Nye tekniske moglegheiter

Fornybar energi er for dei fleste land solenergi og vindenergi. Det er eit godt teikn at slik energi i dag konkurrerer godt, utan subsidier, med fossil energi. Det er eit problem at energien krev store areal om vi skal bruke energi som med moderne livsstil. Å lagre energi er viktig. Batterier blir brukt og prisen på batteri er blitt redusert med 90 prosent siste tiår.

Statsminister Jens Stoltenberg hadde ein draum om fjerna CO2 frå punkter med utslepp eller frå luft, og så lagre komprimert CO2 på store djup under jorda (CCS). Noreg har hatt og har framleis store prosjekt for å dette til. Fleire andre land har også prøvd seg. CCS er no på plass som ein metode, men å fjerna CO2 krev mykje energi. Kor mykje vil det koste og kven skal betale? Noreg og Equinor har også prosjekt for å fjerna CO2 frå gass for å produsere hydrogen som energi. Eit viktig spørsmål er kor mykje dyrare hydrogenet blir enn gass. The Guardian har diskutert om utbygging av hydrogen eller atomkraft kan løysa klimakrisa. Dei peikar på at utfasing av fossilt drivstoff må skje på kort tid og at det tar for lang tid å satse på hydrogen. Det same gjeld atomkraft. Sjølv meiner eg det framleis ligg eit håp i CCS og hydrogen, men gjennombrotet må koma straks.

Oppsummering

Domen i Nederland pålegg oljeselskapet Shell, ikkje berre å redusere dei mindre utsleppa ved produksjonen, men å reinse produkta deira for CO2. Domen prøver med dette å leggja ansvaret for klimakrisa der det skal vera, hos ein produsent. Dette er eit gjennombrot for tanken om korleis produsentane skal vera med og løyse klimakrisa. Bruk av fossilt drivstoff må fasast ut innan kort tid. Produsentane må då anten leggja ned verksemdene sine eller vinne ut CO2 frå kol, olje og gass. Den nye toppleiaren i Equinor, Anders Opedal, sa då han tok til i stillinga, at Equinor må bli klimanøytral til 2050. Eg meiner dei har mindre tid. No deltek Equinor i eit prosjekt for å reinse gass. Andre store oljeselskap må gjere det same, med intens forskning kan det vera håp også for å reinse både gass og olje og satse på hydrogen som erergibærar.

Tenk om Høgsterett ville vurdere kva for ansvar det norske oljeselskapet Equinor har for klimakrisa!

 

I 2014 ga Universitetet i Bergen ut ein murstein på 500 sider, der Sigbjørn Grønås fekk ause av sine erfaringar som formidlar av det vitskaplege grunnlaget for global oppvarming.

 

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Bjørghild des Bouvrie | 07.06.2021

    Hjertelig takk til Sigbjørn Grønås!
    Du har åpnet mine øyne under et foredrag i Fusa Senioruniversitet for vel ti år siden. Siden den dagen har jeg følt en intens trang til å gjøre mitt for å bevare klimaet slik vi vokste opp med for våre etterkommere. Og for den skjønne naturen som vi enda kan beundre. Må dine ønsker bli virkelighet!

  2. Ola Dimmen | 07.06.2021

    Tusen takk for eit oppdatert og informativt overblikk på klimakrisa. Det er skremande å sjå at i ein slik situasjon, ein nødsituasjon, vil dei fleste politiske partia halde fram med meir oljeleiting. Dei har heler ingen planar om å fase ut norsk oljeproduksjon, og i alle fall ikkje innanfor den ekstremt korte tidsfristen vi faktisk har. Med dagens politikk styrer vi mot klimakatastrofe i levetida til våre barnebarn. Greta Thunberg har grunn til å vere sjokkert og norske parti og politikarar er rett adresse for kritikken

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*