Globalt perspektiv på Røros

Svein Skien

Norge kan bli sittende igjen som et av de mest fossile land i Europa med høyest utslipp per innbygger, sier Svein Tveitdal.

Ein innbyggjar på Røros har like stort ansvar for det globale klima som ein innbyggjar i Oslo eller New York, understreka Svein Tveitdal i sitt foredrag for Folkeakademiet i Bergstaden tirsdag denne veka. Målet for berekraftig utslepp er på 1 tonn CO2 per innbyggjar i 2050, med kortsiktige mål som harmonerar. Den tidligare FN-direktøren var invitert saman med Ola Dimmen frå Besteforeldrenes klimaaksjon, som i tillegg til foredrag bidrog med musikk og song.

Handle lokalt
Diskusjonen blant dei frammøtte kom til å dreie seg mykje om Røros og korleis ein skal ordne seg lokalt. Bakteppet var hovudpunkta til Svein Tveitdal om den globale situasjonen:

  • Utslippskutt verdas land har meldt inn til FN, er berre ein tredel av kva som er nødvendig for å nå togradersmålet.
  • Vi er for augneblinken på stø kurs mot meir enn 3 grader oppvarming i 2100.
  • Mulegheita for å halde gjennomsnittstemperaturen på jorda under 1,5 grader, vil vere passert alt i 2030, om det ikkje kjem nye, djupe utslippskutt raskt.
  • 1 milliard menneske kan bli tvunge til å flytte pga diverse verknader av klimaendingar.

Ola Dimmen orienterte om Besteforeldreaksjonen, og fortalte om intervjua dei hadde med stortingskandidatane for Trøndelag på Litteraturhuset i Trondheim tidlegare i år. Det var gode samtalar med velvillige og erfarne politikarar, sa han. – Mitt inntrykk var at dei var godt orienterte om partiet sin klimapolitikk, men at dei mangla ein del vesentleg kunnskap om den globale situasjonen.

– Dilemmaet er tydeleg: På tross av at alle ynskjer og hevdar å ha ein ansvarleg klimapolitikk, ser vi at eit stort fleirtal på Stortinget vil ta opp all olje og gass. Dei fleste har stemt for 23. konsesjonsrunde og har opna Arktis for oljeboring. Ein slik politikk fører oss inn i ein katastrofal global oppvarming. Eg tok sjansen på å reise spørsmålet om kva som vil kunne skje med demokratiet vårt viss det viser seg at partia har ført ein politikk der dei ikkje har evna å ta klimakunnskapen på alvor?

Dei vel 40 frammøtte på Røros song med av full hals då Ola Dimmen drog fram gitaren.

">
Spre kunnskap –
del denne saken!

!Vær den første til å kommentere

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*