Fleire former for klimanekting

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    fredag 30. des 2016
  • AV:
    Redaksjonen

gunnar-skienBerre eit fåtal gjer som Carl I. Hagen og avviser fakta frå klimaforskinga. Likevel er dei fleste av oss skuldige i klimanekting i ei eller anna form, meiner Gunnar Kvåle, professor emeritus i internasjonal helse. Det gjeld fleirtalet av politikarar som ikkje har vilje til å setje i verk realistiske klimatiltak som svarar til alvoret i situasjonen – og dermed er med og spreier illusjonar om kva som krevst for å skape eit verkeleg lavutsleppsamfunn. Men det gjeld óg dei mange som ikkje vil sjå samanhangen mellom ei veksande klimakrise og eigne val med omsyn til forbruk og levevis, og som avvisar trongen for personlege livsstilsendringar.

Klimaalvoret
Ved FN sitt klimatoppmøte i desember 2015 vart statsleiarar verda over samde om at om vi skal kunna unngå katastrofale klimaendringar, må ikkje global gjennomsnittstemperatur stiga med meir enn mellom 1,5 og 2,0 grader. FN peikar på at for å nå dette målet, er det viktig at radikale utsleppskutt startar før 2020. Rike land må redusera globale klimagassutslepp med om lag 80 prosent innan 2030. Mange forskarar meiner at det alt no kan vera for seint å kunna avgrensa temperaturauken til 1,5 grad. I den siste publikasjonen frå Det internasjonale energibyrået, IEA,  står det at energirelaterte utslepp må vera null innan 2040 for å ha ein 50 prosent sjanse for å nå dette målet.

Vi er no i ein situasjon med kraftig auke i global gjennomsnittstemperatur og med store synlege klimaskadar verda over. Temperaturauken er spesielt stor i Arktis der isen smeltar og risikoen for store metanutslepp frå tundraen aukar. Dette kan setja i gong farlige sjølvforsterkande klimaendringar som ikkje kan stoggast. I denne situasjonen blir det i Noreg ført ein politikk som ikkje har ført til nedgang i utsleppa.

«Ekte» og «uekte» klimanekting
Årsaka til at ikkje meir blir gjort for å stogga denne utviklinga, er at dei fleste av oss er skuldige i klimanekting i ei eller anna form. Sjefskommentator i Financial Times, Martin Wolf, omtala nyleg Donald Trump som eit eksempel på ein ekte klimanektar. Dette er ein som ikkje trur på menneskeskapte klimaendringar og som difor ikkje vil gjera noko for å stogga dei. Slike klimanektarar finn vi ein del av, også i Noreg, men stadig færre leiande politikarar gjev utrykk for dette synet.

Meir overraskande er at Wolf karakteriserte òg Hillary Clinton som klimanektar, men då av ein type som gjer seg skuldig i det han kallar «denial minor». Dette er politikarar og andre som erkjenner dei opplagde farane som klimaendringane er, men som argumenterer som om det å hindra alvorlege klimaendringar er ei relativ enkel sak som kan løysast ved politikken dei står for og med tiltak som dei burde vita ikkje er tilstrekkelege. Denne forma for klimanekting er typisk for dei fleste norske politikarar. Dei underslår informasjon om at effekten av mange av tiltaka som blir foreslått er usikre og samla sett langt frå tilstrekkelege for å nå norske klimamål eller det Paris-avtalen krev. I Noreg har dei har gått frå målsettinga i klimaforliket om kutt på rundt 7 millionar tonn CO2 innan 2020. I staden lovar ein 40 % kutt innan 2030. Jens Stoltenberg vedgår no at politikarar har for vane å setja høge mål, samstundes som dei ikkje gjer nok for å oppfylla dei. I siste boka si «Min historie» skriv han: «Når datoen nærmer seg og vi ser at det blir vanskelig, slutter vi å snakke om dette målet og setter i stedet nye mål enda lenger fram. Slik har vi bedratt oss selv flere ganger».

Denne type klimafornekting er like alvorlig som «ekte» klimanekting. Det hjelper lite å vedgå at klimaendringane er reelle når kunnskapen om dette ikkje fører til klimatiltak som vil kunna hindra svært alvorlege klimaskader. Politikarar er då med på å bedra seg sjølv og andre og kan slik bidra til at færre bryr seg. Mange som veit at klimaendringane er reelle og er i ferd med å føra til stor skade for fattige som lever i dag og generasjonane som kjem etter oss, stolar på at politikarane vil ordna opp. Difor let dei vera å røysta på parti som tek klimasaka på alvor og finn det ikkje naudsynt å endra livsstil for slik å redusera eigne personlege utslepp.

Personleg klimanekting
Ei tredje form for klimanekting er representert ved dei som på same måten som gruppa over veit at klimaendringane er reelle og vil føra til stor skade, men som også krev politiske og strukturelle endringar og stemmer på parti som tek klimasaka på alvor. Men mange også mellom desse gjer lite for å endra livsstil for å redusera eigne personlege utslepp. Deira handling kan ein sjå på som ei form for klimanekting sidan dei synest ikkje å bry seg med at skilnad mellom liv og lære vil svekkja bodskapen deira.

Den kjende klimaforskaren Kevin Anderson, nestleiar for det britiske Tyndall senter for klimaforsking, er mellom dei som meiner at det er naudsynt gjennom eigen livsstil å visa at saka er viktig. Han peikar på at folk som han sjølv har eit særleg stort ansvar for å gå føre som gode eksempel når det gjeld personlige klimagassutslepp. I praksis har dette ført til at han ikkje har reist med fly på tolv år, og at han også elles lever eit liv i måtehald når det gjeld til vanar som fører til klimagassutslepp. Han ser samstundes på strukturelle og politiske endringar som heilt naudsynte for å kunna avgrensa den global oppvarminga.

Men slike politiske endringar oppstår ikkje i eit vakuum. Denne individuelle dimensjonen gjeld særleg dei av oss som veit kor alvorleg klimaendringane er og veit kva som må til for å avgrensa klimaendringane. Einskildpersonar som kuttar utslepp bidrar til endring, både ved at handlinga fører direkte til reduserte klimagassutslepp og ved å virka som ein katalysator for kollektiv handling og systemendring.

Anderson skriv mellom anna: «På ein måte ser eg på dette som en plikt for oss som ikkje er råka av klimaendringane og som tilfeldigvis har vore så heldige at vi kan leva godt med ein livsstil som fører til mindre utslepp (…) Gjer vi ikkje dette er vi med på å bidra til at menneske i fattige land vil dø av klimaendringar.»

Det finnest diverre ingen teknisk eller politisk «quick fix» for å hindra alvorlege klimaendringar. Trump si haldning til klimakunnskapen er svært uheldig. Men viktigare enn å kjempa mot denne velkjende forma for klimanekting, er kampen mot dei to sistnemnde formene. Endringar i livsstil og større press for politisk endring frå oss som forstår klima-utfordringa, kan vera kritisk for at ein majoritet blant politikarane våre vil gå inn for tiltak som monar. I ei tid då det hastar med handling, kan vi ikkje ta sjansen på å svekka overtydingskrafta i argumenta våre slik vi gjer om vi praktiserer stor skilnad mellom liv og lære. Som Mahatma Gandhi formulerte det: «Du må vera den endringa du ynskjer å sjå i verda».

(kronikk først trykt i Bergens Tidende 29.12.2016)

 

 

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*