Frå pynteparagraf til forpliktande ord

to-moldensere
Eldjsjeler i Molde: Oddbjørg Langset og Karin Skjetne har lenge vore i sving med klimafestivalplanar. Frå Romsdals Budstikke.

Det er fint å vite at vi har ein grunnlov med ein miljøparagraf som framhevar ansvaret vi har for framtidas generasjonar. Men det har vore ein pynteparagraf som har sove for lenge. Den landsomfattande Klimafestivalen § 112 er eit framstøyt for å få liv i han og sjå korleis vi faktisk kan leve opp til denne forpliktinga, seier Karin Skjetne og Oddbjørg Langset, som er initiativtakarar til det 10 dagars lange arrangementet i Molde i slutten av månaden. Dei har fått med lag og foreinignar, kyrkja, skuler, politikarar og kulturarbeidarar, vaksne og born, og kan presentere eit imponerande program for innbyggjarane i byen.

Dei to miljøengasjerte moldensarane har vore i sving heile hausten og innrømmar at det har vore eit stort arbeid å få på plass eit så stort og allsidig program.
– Korfor tek de på dykk dette?
– Fordi vi veit at vi må ta tak no. Ting går fort den gale vegen, med store skadar i vente for komande generasjonar. Vi kan ikkje vente på at toppolitikarar og ekspertar gjer det som må til for å bremse klimaendringane. Vanlege folk har også makt, og den må vi bruke på ein god måte, seier Karin Skjetne. Ho er teaterpedagog ved kulturskulen og vart sett på sporet då ho vart spurd om elevane hennar kunne sette opp eit nyskrive klimadrama. Det passa godt med ein tanke ho hadde hatt om å gjere noko stort i nysalen i kulturskulens nybygg.

Makker Oddbjørg Langset er kontaktperson for Besteforeldrenes klimaaksjon. – I kampen mot klimaendringane må vi byrje med oss sjølve, seier ho, og syner stolt fram det ferdige fesitvalprogrammet. Det er trykt opp og vert spreidd rundt om i heile byen. Klima er jo ikkje noko for dei spesielt interesserte, minner ho om og tykkjer det er oppløftande at initiativet er vorte teke så positivt imot av nesten alle dei har kontakta. – Når verda ser ut som ho gjer, mellom anna med ein klimafornektar som ny president i USA, er det utruleg viktig at opplyste folk over heile verda, og også vi her i vesle Molde by, tek utfordringa på alvor. Vi vil syne at det er vilje i folket til å gjere mykje meir enn i dag!

molde4

molde5molde3molde6

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*