Grøne avgifter for eit grønt skifte

James Hansen bulshit
GRANDFATHER OF GLOBAL WARMING. James Hansen var ein av de første forskarar som åtvara mot menneskapt global oppvarming. I dag står han i fremste rekkje blant forskarar som engasjerar seg for fungernade politiske løysingar på problemet.

Denne veka kjem klimaforskaren og aktivisten James Hansen til Oslo, der han mellom anna skal delta på eit møte om ei grøn avgiftreform. Målet med «KAF – karbonavgift til fordeling» som det vert kalla på norsk, er å stimulere og belønne miljøvennleg åtferd ved å gje pengane frå gradvis aukande klimaavgifter attende til forbrukarane. – Hansens forslag er eit realistisk alternativ til det uføret vi er i, og kan vere eit effektivt middel for å avverje klimakatastrofen, skriv samfunnsøkonom Rune Skarstein. Eit godt døme på kva som slett ikkje fungerer har vi nettopp fått, med budsjettforslaget frå regjeringa om nokre øre påslag på bensinprisen.

rune skarsteinKarbonavgift no!
Sjølv den konservative Adresseavisen slær fast at «mangelen på grønnfarge» i statsbudsjettet er «nesten ikke til å tro». Ved at bensinavgifta blir auka med 15 øre og dieselavgifta med 35 øre per liter får staten litt meir pengar i kassa. Men sjølvsagt vil ikkje dette føre til nokon reduksjon i CO2-utsleppa, og slett ikkje når andre postar i budsjettet gjer at bilistane får ein netto økonomisk gevinst. Det regjeringa driv med, er ikkje eit «grønt skifte», men eit retorikkskifte. Den grønfarga retorikken skal roe ned dei som er bekymra for klimaendingane; den praktiske politikken skal roe dei som er mot dyrare bensin. Med sin mangel på effektive tiltak gir regjeringa befolkninga eit signal om at klimaendringane ikkje er noko alvorleg problem, at det – om det finst – iallfall ikkje er presserande, og at det eventuelt ikkje vil koste stort å løyse det. Dette er, mildt sagt, å føre befolkninga bak lyset.

Alt tyder på at diverse avgifter, som flyseteavgift og drivstoffavgifter, ikkje kan avverje ein klimakatastrofe. Angst for å tape veljarar og logikken i politiske kompromiss vil sannsynlegvis hindre at slike forbruksavgifter blir effektive. Like ille er stoda i den såkalla kvotepliktige sektoren . Politisk bestemt overflod av kvotar i EU har ført til at prisen har gått jamt nedover frå ein topp på nær 30 euro per tonn CO2 i 2008 til under 5 euro sidan 2013. Kvotehandelen har gjort det nesten gratis for industrien og dei kolfyrte kraftverka å sleppe ut CO2. I tillegg til den fossilfyrte industrien er det meklarane, og ikkje klimaet som har fordel av denne handelen.

Eit alternativ til dette uføret er klimaforskaren James Hansen sitt forslag om «karbonavgift til fordeling», KAF. I staden for forbruksavgifter føreslår han ei CO2-avgift som skal krevjast inn frå fossilselskapa ved brønnpunkta eller gruvene, med andre ord ei produksjonsavgift. Denne avgifta skal også leggast på import av energi som ikkje alt er avgiftslagd, og på vareimport berekna etter varene sitt karbonavtrykk.

Hansen legg vekt på at det skal vere ei karbonavgift til fordeling ved at avgifta automatisk blir betalt tilbake til befolkninga med like beløp per innbyggar. Han framhevar to grunnar til det. For det første skal ikkje avgifta fungere som skatteinntak. Meininga med KAF er å få til ein rask reduksjon i produksjon og forbruk av fossil energi og overgang til «grønn energi». Når denne overgangen er fullført, forsvinn sjølvsagt også avgifta. For det andre meiner Hansen at dei som forbrukar mest fossil energi, må bere den største byrda ved denne overgangen. Den verdskjende økonomen Thomas Piketty har vist at dei rikaste 1 prosent av befolkninga i USA har eit 15 gongar større CO2-utslepp i sitt forbruk per person enn det nasjonale gjennomsnittet. Piketty skriv at ei liknande fordeling av utsleppa er plausibel i alle industrialiserte land. Hansens forslag om lik tilbakebetaling per innbyggar vil nettopp legge ei større byrde på dei rike og vere til stor fordel for dei fattigare.

Hansen argumenterer for at avgifta vil ha ein smitteeffekt. Dersom til dømes EU innfører KAF, vil det verke som eit sterkt tildriv overfor land som Saudi-Arabia og Russland til også å innføre avgifta for å behalde pengane til eiga befolkning.

Eit viktig aspekt ved Hansens forslag er at det globalt er relativt få store produsentar av fossil energi. Som klimaforskaren Glenn Peters påpeikar, «er færre parter involvert ved å regulere ved drillhodet eller gruven». Innføring av KAF i Kina, USA, Russland, Midt-Austen, Canada, Australia, India og Norge vil dekke nær 70 prosent av dei globale CO2-utsleppa.

KAF logoHansen understrekar at det må vere ein slags handlingsregel for KAF. Avgifta kan starte på eit moderat nivå, til dømes 50 dollar per tonn CO2, men må auke raskt kvart år etter ein fastlagd plan som er gjort godt kjend for befolkninga.

Kronargumentet mot forslaget om KAF er at dette er ikkje «realistisk». Sant nok: KAF er ikkje «realistisk» nettopp fordi den er eit effektivt middel for å avverje klimakatastrofen. Derfor er det fare for at det vil gå som James Hansen fryktar: «Regjeringane har ikkje akseptert ein realitet som blir bestemt av fysikkens lover og av klimavitskapen: Vi må fase ut dei fossile brennstoffa raskt. Naturen vil ikkje vente på regjeringane sine puslete tiltak for å redusere utsleppa.»

(Artikkelen vart først trykt i Klassekampen 14.10.2016)

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Inge Bakke | 17.10.2016

    Et glimrende forslag som bør få umiddelbar tilslutning fra alle partier som mener alvor med sin klimapolitikk.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*