Karbon, karbon! Er eg på ein feil klode?

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    tirsdag 17. jun 2014
  • AV:
    Redaksjonen

refsdalCO2 er ein nødvendig del av fotosyntesen, og karbon ein føresetnad for alt liv. I deler av jordas historie har karbon vore ei mangelvare som har heldt planteveksten nede på eit lågare nivå enn det som er optimalt. Ei forsiktig forbrenning av dei fossile ressursana kunne vore til gagn for oss og klimaet på jorda, meiner forstkandidat og samfunnsdebattant Trygve Refsdal, som framhevar den hundre år gamle forskinga som svenske Svante Arrhenius gjorde om drivhuseffekten. Problemet i dag er at vi sløsar bort karbonet i den reine villskap. Det som kunne ha vore ei velsigning er gjort til ein risiko, eit stort og farleg eksperiment, skriv Refsdal i denne kronikken.

Poeten Sigbjørn Obstfelder skreiv eit dikt om vår klode i 1893. Åpningsorda og sluttorda var slik:

       Dette er altsaa verden.
       Dette er klodernes hjem.
       ……………..
      Jeg ser, jeg ser …
      Jeg er visst kommet på en feil klode!
      Her er saa underligt …

Tre år seinare, i 1896, heldt Svante Arrhenius eit foredrag om drivhuseffekten, CO2 og brenning av kol. Arrhenius var ein intens forskar. Han fekk Nobelprisen i kjemi, og hans forsking viste at ei dobling av CO2-innhaldet i atmosfæren gjev ein temperaturauke på om lag 3 gradar Celsius. Hans arbeid held framleis mål. I sitt foredrag sa han: 
    «Med aukande innhald av karbondioksid i atmosfæren, kan vi vona på tidsbolkar med eit meir stabilt og betre klima, serleg i kaldare regionar, – tider der jordkloden vil velsigna oss med betre avlingar enn no.»

Svante Arrhenius hadde nok rett – i si tid. Og det Sigbjørn Obstfelder skreiv er vel også rett – i vår tid?
    Dagens norske politikk knytt til oljeutvinning, karbon og klimatiltak er så underleg. Så underleg kortsiktig. Og utan klimahistorisk forankring. For Erna Solberg og Siv Jensen, Tord Lien og Ola Borten Moe er vel karbon mest energi. Energi, pengar, arbeidsplassar, vekst. Og ein del av vårt irrasjonelle Kyoto-rekneskap.
    Men karbon og våre fossile ressursar er så uendeleg mykje meir! CO2 er òg ein nødvendig del av fotosyntesen. Karbon er ein del av all mat og all biomasse. Sjølv har eg arbeidt med dette i heile mitt vaksne liv. Men no er det som om eg er på ein feil klode, ein framand her i Noreg.

Kvar dag brenn vi opp fossil energi som vart danna i tusen år! Eller, sett på ein annan måte: Om våre fossile ressursar vart danna i eit døger, 24 timar, så tek vi dei ut på eit tidels sekund. Karbon vert i dag sløsa bort i villskap, i trafikk og mobilitet. Men brukt med måtehald er det ein uerstatteleg og fleirsidig ressurs for alt liv på jorda.
    Noreg har 0,4 prosent av våre kjende globale oljereservar. Vår oljeproduksjon står for 1,6 prosent av den globale. Vi tømer såleis våre oljereservar fire gonger raskare enn resten av verda.

Det Svante Arrhenius såg i 1896, ser berre eit fåtal i dagens Storting eller i media.
    Han kjende vår bakgrunn. Istider hadde vore det vanlege i så lang tid, berre avbrotne av korte mellomistider. Karbon var ei mangelvare i atmosfæren i dei 450.000 åra bak oss! Det veit vi no, etter iskjerneboringar i Antarktis.
    I berre 80.000 år av denne perioden var innhaldet av CO2 i atmosfæren over 260 ppm (delar per million), men aldri over 300 ppm. I 170.000 år var det så lågt som 220 ppm eller lågare. Med ein så låg verdi i dag ville vi no hatt hungersnaud, med våre sju milliardar menneske.

Her er ein fin balanse. I tidlegare tidsbolkar hadde aktive vulkanar vore ei viktig kjelde for tilførsel av CO2 til atmosfæren, som i Eocene. Utbrota gav kortvarige temperaturfall, men òg tilførsel av drivhusgassar til lufta, med langtidsverknad og varme periodar.
    På ein aldrande klode minskar vulkanaktiviteten. Då trengs det tilførsel av karbon til atmosfæren for å kompensera for det naturlege tapet av CO2 frå lufta til verdshava.
    Ei moderat tilførsle av CO2 frå brenning av fossil energi er då ei viss forsikring mot klimaforverring, med nedkjøling. Arrhenius såg dette. Han såg òg at ei tilførsle av CO2 til lufta er nyttig for fotosyntesen. Ingen plantevekst utan CO2 i lufta!

Hans perspektiv i sine kalkylar var ei utvinning av fossile ressursar på 1000 år. Globale uttak var i hans tid om lag ein halv GtOE (milliard tonn oljeekvivalentar) per år. Om lag passeleg for å halda den fine balansen i atmosfæren?
    Arrhenius kunne knapt førestilla seg at våre uttak av fossil energi skulle tjuedoblast, til dagens ti GtOE per år. I dag er dei menneskeskapte utsleppa så altfor store, om lag 70 gonger større enn dei vi får frå vulkanar!

Svante Arrhenius oppdaget drivhuseffekten i 1896, dvs. karbondioksidens evne til å stenge inne varmestråling.

Svante Arrhenius oppdaget i 1896 drivhuseffekten,  evnen CO2 har til å stenge inne varmestråling.

Med det har CO2-innhaldet i lufta auka frå under 300 ppm i 1896, til 320 ppm i 1960 og til 400 ppm i dag. Det som kunne ha vore ei velsigning er gjort til ein risiko, eit stort eksperiment. Takka vere vår grådigheit når det gjeld energi. Eller som våre stortingsmeldingar indoktrinerer, omatt og omatt: «Verden er umettelig på energi.»
    Den auka konsentrasjonen betyr at verdshava no tek opp stadig meir karbon, medan våre fossile reservar minskar. Vi sløsar, med vår mobilitet og vår pompøse livsstil. Regjeringa krev vegbygging, taxfree og motorferdsle i vår frie natur. På hundre år vil vi ha tatt ut det meste av våre fossile karbonressursar, og overført det meste av dei til djuphavet.
    Kvar er vårt langsiktige forvaltningsansvar for vår natur og våre vitale ressursar?

 (publisert i Klassekampen 26.05.2014) 

Spre klimavett,
del denne saken!

5 kommentarer

  1. Torgeir Havik | 18.06.2014

    Svante Arrhenius har ei høg stjerne ved Universitetet i Stockholm og det er stort at han rekna seg fram til dei same konklusjonane i 1896 som store klimamodeller konkluderer med idag. Han fekk ikkje Nobelspris for dette arbeidet.
    Ellers kan det nevnas at James Lovelock meiner at Jorda trivs best med eit kaldare klima, og det er vel i dei arktiske stroka at produktiviteten i sjøen er høgst.
    Kva er så optimalt nivå for CO2 i Jordas atmosfære?
    Ikkje over 350 ppm seier James Hansen, McKibbens og andre. Det inneber eit 1,5 graders mål i staden for 2 grader, og det sluttar eg meg til. Kva meiner Refsdal?

  2. Trygve Refsdal | 18.06.2014

    Einig i dette. Også ut frå det å økonomisera med karbon, sett i eit meir langsiktig tidsperspektiv. Dette gjeld lekkasjen til havet (fotosyntese, fysisk/kjemisk opptak), som går raskare di høgare konsentrasjonen i atmosfæren er.
    I dag står havet for eit netto opptak ¨på om lag 3 GtC per år (GtC = milliard tonn karbon som tilsvarar 3,67 GtCO2). Eit estimat for våre utvinnbare fossile ressursar er 1.500 GtC, det vil seia at på 500 år vil alt ha havna i havet, med dagens tempo. Ein temperaturauke i havet vil minska opptaket litt, men svært lite i høve til dagens auka i konsentrasjonen i lufta.) Her er plass: Innhaldet i havet, medrekna botnsedimenta, er anslått til 36.000 GtC!

    t.r.

  3. Torgeir Havik | 19.06.2014

    Takk for raskt svar, men kva meinar du om utvinnbare fossile ressursar på 1500 GtC?
    Vi er einige i at 1,5 grader temperaturauke må erstatta 2 graders målet. Det inneber at CO2 mengda i atmosfæren må takast attende frå dagens 400 ppm til 350 ppm.
    James Hansen har då satt at maksimalt akkumulert karbonutslepp må avgrensas til 500 GtC. Samstundes må havet, jordsmonn og vegetasjon lagre 100 GtC.
    Det totale utsleppet pr dag er 370 GtC, så reserven er 130 GtC. Det årlige globale utslipp var for 2012 34,5 GtCO2 (= 9,4 GtC). Er vi einige i at dette er ei ramme som verda må halde seg innanfor for i det heile å tenkja «føre var».
    Då har Jonar Gahr Støre (Norge) og Jens Stoltenberg (FN) ein stor jobb å gjera.
    Torgeir

  4. Trygve Refsdal | 19.06.2014

    Orsak, eg skulle ha skrive «våre kommersielt utvinnbare fossile ressursar».
    Tala fekk eg av Hans Goksøyr, som var forskningsdirektør i Norsk Petroleumsinstitutt, og som held seg veldig godt oppdatert. Hans sine tal var 1.400 GtC, – eg plussa på til 1.500 GtC pga fracking etc. Heilt skjønnsmessig, sjølvsagt.

    Elles vil eg tru at James Hansen vel må ha sett ei tidsråme for eit maksimalt akkumulert utslepp på 500 GtC? Sett i eit hundre- eller tusenårsperspektiv kan sjølvsagt utsleppa aukast – naturen er dynamisk!
    I dei tala som IEA la fram i fjor haust for kor mykje fossil olje/kol som må liggja, er det også ei slik tidsråme. Ifylgje IEA gjeld dette fram til år 2035. Men dette talet kjem bort i alle utsegner, så dei vert på ein måte misbrukte. Hans Goksøyr gjorde meg merksam på rapporten frå IEA då han kom, og bad meg lesa den. Han spådde at rapporten ville verta feiltolka eller mistolka, og det skjedde.
    Elles meiner eg at biosfæren på landjorda har eit større potensiale for opptak enn det dei fleste trur (men då må vi gjera dei rette skjøtseltiltaka, motsett av det som er norsk politikk i dag – spesielt gjeld dette uttak for biodrivstoff, som er sterkt kontraproduktive).

  5. Torgeir Havik | 20.06.2014

    All fossile ressursar som allerede er brent av har gitt Gamle Mor stor termodynamisk ulikevekt. Difor må vi raskt ned med CO2 mengda i atmosfæren. Det er målet til JH og som krev rask reaksjon. Du veit vel at han meiner Cap and Trade er uegna til oppgåva. Eg las tidlegare statssekretær Lund sitt innlegg i 2 grader og må seia vi har langt att for å forstå.

    Diverre skjer det lite politisk kompetent håndtverk og Goksøyr og hans vener har fritt spelerom. Profittjaget gjer mange blind så det er naudsynt med livskraftige besteforeldre – som m.a James Hansen.
    Vi må snart verta like aktivistiske som han.
    Takk for meiningsavklaringa.
    Torgeir Havik

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*