Å, Vestland, Vestland …

cruiaw
NÆRØYFJORDEN: Bergen har giftloket sitt på kalde vinterdagar. Eit tilsvarande giftlok legg seg i tronge fjordarmar på Vestlandet om sommaren, skriv Knut Langeland i BT. Foto Rune Sævig

Cruisetrafikken set stadig nye rekordar. Ordførarar jublar og vil ha meir av det same. Men det er ingenting å jubla for, skriv kommentator Knut Langeland i Bergens Tidende.  Skipa som kjem i konvoiar inn i våre tronge fjordar, går på det skitnaste og billegaste av alle drivstoff. Eitt skip på tomgang slepper ut like mykje klimagass som 400 bilar. Så simpel er tungolja dei brenn, at berre 16 av verdas største skip slepper ut like mykje svovel som 800 millionar bilar! Medan Noreg står med lua i handa og ynskjer hjarteleg velkomen – med boss og tungmetallar, med klimagassar og avløpsvatn, med miljøgifter og støy, med køar og kaos …

Verdsarv på billegsal
Sognefjorden ligg blank og speglar det storslåtte landskapet. Endå om marssola berre gir ein liten forsmak på sommaren, og bøane framleis ligg livlause, er spørsmålet overflødig. Om kven som er vakrast i landet her.

Langeland 3Eg har plassert meg på Vangsnes, om lag midt mellom ytst og inst i Sognefjorden. Herifrå buktar fjorden seg mild og medgjerleg utover og innover, og smale armar leitar seg fram til mektige botnar under høge, kvitkledde fjell. Ein foss som utbyggjarane enno ikkje har fått kloa i, kastar seg prøvande ut i lause lufta høgt over fjorden.  

Snart skal liene grønast og kulturlandskapet bløma. Og snart skal svære cruiseskip gli forbi på veg mot sine destinasjonar lenger inne. Flåm, Luster, Skjolden. Dei er flytande bysamfunn med kanskje så mykje som fire-fem tusen menneske om bord, tilsvarande ein middels kommune i Sogn og Fjordane. Alt dei treng, har dei på båten. Frå badebasseng til shoppinggater. Frå kino og teater til restaurantar og treningssenter og spelehallar. Når bølgjene slår mot stranda og skipet sig tungt rundt neset, skal vi tenkja at vi er heldige, vi, som bur i eit land som har slike kvalitetar at folk kjem langvegsfrå berre for å stå gispande på dekk og nyta. 

Ukritisk jubel
Det fell dei færraste inn å tenkja den andre tanken. At det er dei som er heldige, som får koma hit. Til vakker natur og frisk luft. Til utsyn mot fjell og gardar og fonn og fjord. Til blenkjande vatn og levande bygder. Til ferske spor av gamalt slit. Til verdas beste reisemål. 

Vi som bur her, blir fort blinde for verdien av landskapet rundt oss, og slik blir det lett noko husmannsaktig over måten vi tenkjer rundt cruisenæringa. At det berre er stas, at det er smigrande kjekt at dei kjem. At vi skal vera takksame over å bli sett slik pris på. 

Faktum er sjølvsagt at dei kjem hit av ein grunn. Ikkje fordi dei har gått tomme for alternativ eller idear, eller ikkje har råd til anna, men fordi det er attraktivt og eksotisk, det vi har å by dei. Slik burde vi gjera det eksklusivt, ikkje kvardagsleg. Slik burde vi gjera det eineståande, ikkje trivielt å koma som turist til fjordane våre. Slik det er no, står porten open. Ingenting anna enn grådige hamnesjefar regulerer cruisetrafikken inn og ut av dei norske fjordane. Det er fritt fram for alle som vil, å fråtsa i verdsarvriket, og på den måten blir det kvart einaste år sett nye rekordar. Til ukritisk jubel og kortsynt applaus.

Di fleire, di betre …
Vi treng ikkje fleire cruiseturistar, vi treng færre. Vi treng ikkje meir tonnasje inn i dei tronge fjordane våre, vi treng mindre. Eitt skip på tomgang slepper ut like mykje klimagass som 400 bilar, og turistane om bord legg berre slantar att etter seg. Sjølv ryggsekkturistane er viktigare for vårt bruttonasjonalprodukt enn cruiseturistane, som til overmål også er dei som forureinar mest. 

Gråvatn, boss og kloakk er det eine. Avgassar og partiklar frå cruiseskip i fart og på tomgang er det andre. Utslepp som trugar liv og helse på kort og på lang sikt, og som naturlegvis er øydeleggjande for sårbar natur. Bergen har giftloket sitt på kalde vinterdagar. 

Eit tilsvarande giftlok legg seg – og blir liggjane – med minst like helseskadelege konsekvensar – i tronge fjordarmar på Vestlandet om sommaren. Fordi andre reglar gjeld for skipsindustrien enn for alle oss andre. Skipa som kryssar verdas hav, og kjem i konvoiar inn i våre fjordar, går på det skitnaste og billegaste av alle drivstoff. Så simpel er tungolja dei brenn, at berekningar har vist at berre 16 av verdas største skip slepper ut like mykje svovel som verdas anslagsvis 800 millionar bilar. 

På tide å stilla krav
I staden for å seia stopp, seier vi hjarteleg velkomen. Hjarteleg velkomen til oss, med boss og tungmetallar, med klimagassar og avløpsvatn, med miljøgifter og støy, med køar og kaos. Di fleire, di betre, di større, di grommare. Det synest å vera den dominerande tankegangen, og det til tross for den store og godt dokumenterte kostnaden som følgjer med aktiviteten. Vinsten er forsvinnande liten, anten ein velgjer å måla han i lokale arbeidsplassar eller lokalt brukte kroner. 

I realiteten er invasjonen av cruiseskip eit trugsmål, ikkje eit pluss for bygdene langs fjorden. Flåm kan fort enda opp som ei folketom kulisse, slik Venezia, ein gong ein by med 125.000 innbyggjarar, er på god veg til å bli. No er mindre enn halvparten av dei fastbuande att, og kvar dag forsvinn det nokon til i mylderet av turistar. 

Også her er cruiseindustrien ute av kontroll. Vi overlet kanskje det mest dyrebare vi har, anerkjent også av verdssamfunnet som unikt, til krefter som vi veit må tøylast, men som vi pr. i dag ikkje brukar noko verkemiddel til å regulera. Vi underkastar oss cruiseindustrien slik ein hund underkastar seg sin herre. Logrande vilkårslaust. Utan spørsmål, utan innvendingar, utan krav. Ingen skattar, ingen avgifter, ikkje ein gong eit symbolsk lite påslag som vi kunne øyremerkja til å prøva å forstå betre kva det er som skjer med fjordane våre, krev vi av cruiseturistane. 

For det som i vårsola frå ferjekaien på Vangsnes ser friskt og levande og livskraftig ut, er ikkje det. Fjorden som naturtype, er raudlista. Sognefjorden lir, og vi treng ein plan for å berga han. 

(Bergens Tidende 31.mars, etter tillating frå forfattaren)

Spre klimavett,
del denne saken!