Bergensvêr inga hindring

photo(5)
Foto Maja Bygnes

Besteforeldre i Bergens-området let seg ikkje skremme av vind og regn. Første laurdagen i januar var dei på plass på Torgallmenningen, slik dei har vore kvar månad i lange tider. Her er dei fotograferte av ein forbipasserande ungdom, som syntest det var «kult» å treffe eldre menneske som engasjerer seg. Lokallagsleiar Bjørghild des Bouvrie (til høgre) meiner det er greit å lide litt for saka av og til. – Så viser vi at vi meiner alvor. Eg trur ikkje vi kjem nokon veg utan at ein tøffare klimapolitikk vert eit folkekrav. Ikkje alle kan gjere som oss. Men alle kan gjere noko. Det dreier seg om rettferd, for barn og barnebarn og for fattigfolk ute i verda.

Det nyttar å protestere

Nederlandske Bjørghild har flytta til Noreg som pensjonist. Ho gler seg over at klimarørsla er i vokster. – Sjølv er eg så gamal at eg framleis hugsar den gongen vi levde i angst og avmakt over atomopprustingsgalskapen til stormaktene. Men folkerørsler over heile verda sette seg imot. Det vart eit breidt opprør mot trusselen om total utsletting av den menneskelege sivilisasjonen. Og for ei lette då det snudde og atomnedrustinga endeleg skaut fart! 

 – Så det nyttar! Eg ser fram til dagen då vi på same vis kan presse fram ein ende på klimagalskapen!

Klimamarsj til våren

Til våren planlegg Besteforeldreaksjonen ein klimamarsj frå Os til Bergen, ei strekning på tretti kilometer.  Då håper dei på litt betre vêr, medgir Bjørghild. Dei skal gå langsmed riksvegen, så synlege og tydelege som råd er. Planen er enno berre på førebuingsstadiet, seier ho. – Men vi har tru på dette, og på at fleire kan la seg inspirere. Vi kjem til å invitere alle til å gå saman med oss, heile eller delar av vegen. Undervegs skal vi utfordre politikarar, kyrkja og andre. Klimaet er ikkje ei sak for dei spesielt interesserte. Det er ei menneskesak!

Men hjelper det å gå?

 – Det hjelper i alle fall ikkje å sitje stille og vere tilskodar. Vi har venta lenge nok på ei løysing ovanfrå, frå politikarane våre. Kanskje det også er slik at dei ventar på oss? På at veljarane skal vise at vi er klare til å vere med på ein real klimadugnad? Kanskje er det ynskjetenking frå mi side. Men – det skal eg!

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Kirsti Thorsen | 06.01.2014

    Dere inspirerer! Så utrolig godt og lettende å se at besteforeldrene leder an! Med min lille datter på snart fire måneder er jeg blitt mer og mer opptatt av klimaet og hva slags verden vi overlater til henne og de andre barna. Derfor ønsker jeg å gjøre mer, men har ikke så mye tid og overskudd til å ta initiativ selv. Da er det bra å kunne følge med dere! Vi blir med på marsjen til våren.

  2. Brit Haver | 21.01.2014

    Flott initiativ. Jeg blir med på marsjen

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*