Nattog til syden – snarveg til rask lokaltrafikk

«Tenk deg at du går om bord i nattoget i Trondheim ein sur haustkveld, der våt snø kjem vassrett inn Trondheimsfjorden, for så å vakne nær ei sommarvarm strand ved Middelhavet.» Dette er fullt muleg, men krev tog og linje med internasjonal standard, skriv journalist Tormod Eitrheim, forfattar av boka «Nattog til syden». Ei slik linje vil óg gi billegare intercity-tog med fleire stopp og kortare reisetid enn framlegget i Transportplanen. Planen er fylt av prosjekt som skapar splid og manglar heilt samordning av lokal- og fjern-trafikk, hevdar han.

Høgfartstog

Miljøvernministeren frå SV vil ikkje ha vurdert miljøfordelane ved ei høgfartsbane. Kommunalministeren frå Sp vil ikkje ha vurdert verknadane ein slik bane har for utkantstrok så vel som pressområda. Finansministeren frå Ap vil ikkje ha vurdert dei store innsparingane samfunnet får. Statsministeren vil heller satse på kostnadskrevande jernbaneutbygging.

Mange samferdsle-utgreiingar har eg opplevd som tendensiøse. Det er bakgrunnen til boka «Nattog til syden». Inntrykka er stadfesta i Transportøkonomisk institutt (TØI) sitt blad, Samferdsel, ne 10, 2005.: «Til tross for at store prosjekter innenfor samferdselsektoren binder opp vesentlige deler av samfunnets ressurser, blir disse i liten grad gjort til gjenstand for systematisk evaluering. … I mange tilfeller, særlig for jernbane, er det snakk om bevisst juks for å få prosjektet i hamn».

Miljøfordelar

Arbeidarpartiet og statsminister Brundtland opplevde det som eit stort nederlag då Stortinget i 1988 vedtok at Oslo sin flyplass skulle ligge på Hurum. Samferdsleminister Opseth sikra omkamp og fiksa nytt vedtak fire år seinare ved å bryte norsk lov. Slik fekk han gjennomført Arbeidarpartiet sitt ynskje, hovedflyplass på Gardermoen. Han hadde suksess med tilsvarande lovbrot for å få stamvegen Bergen-Oslo via Sogn.

Utgreiingane om høgfartsbane manglar viktige utrekningar. Elementa som gjer høgfartstog til vinnar i moderne transport er ikkje tatt med. Omsynet til miljøet og berekraftig transport er rekna som klårt den viktigaste grunnen for å bygge høgfartsbane.

Eit moderne høgfartstog Oslo-København vil berre trenge to timar med fire stopp. Slike tog Bergen-Oslo treng 1,5 time. Oslo-Stockholm, Stavanger eller Trondheim vil bli godt under to timar.  Det fører til at over 90% av flytrafikken gå over til tog. Moderne tog treng berre 10 % av energien til fly. Denne store miljøvinsten er ikkje rekna på.

Raske lokal-samband

Verdas eldste høgfartsbane Tokyo-Osaka, er like lang som Trondheim-Oslo. I Japan er reisetida knapt fire timar med sju fleire ordinære stopp enn NSB over Dovrebanen. Tog med fire stopp treng i dag vel to timar.

Raske langdistanse-tog treng godt samband med lokaltrafikk. Men den rød/grøne regjeringa tar ikkje det overordna ansvar med å få til ein effektiv samordning av rutenettet?

Den sveitsiske suksessen er at dei har laga eit system der alt korresponderer med alt – i tillegg til eit enkelt billettsystem som gjeld om du reiser med tog, buss eller båt. Ja, for Sveits har ei rad med båtruter.

Samordning

Regjeringane her set opp vei mot bane, Austland mot Vestland, intercity mot høgfartsbane eller berre delvis intercity-utbygging.

Skal eit moderne samfunn fungere effektivt og miljøvennleg er det viktig å samordne lokaltrafikk med fjerntrafikk. Tungtrafikk og sykkel har kvar sine plassar. Du kan ikkje stenge ein moderne by for syklande eller gåande. Varelevering så vel som henting av søppel er like viktig som tog.

Dersom energi-krevande transport vart sett opp mot energi-gjerrig transport ville høgfarts-toget vinne.

Dersom samferdsleutbygging som kostar samfunnet mykje vart sett opp mot transport-årer som føre til vesentleg mindre utgifter for samfunnet, så ville jernbanen blitt prioritert.

Fakta-feil

Difor tek boka også fram «skandale-planlegging» for Kolsås- eller Fornebu-banen. Like ille er den uforsvarleg dyre byggingen av E-16, stamvegen Bergen-Oslo, gjennom Akershus.

Skal fleirtalsregjeringa tvinge gjennom at Stortinget strør sand på ein transportplan som er fundamentert på faktafeil?

Sjå også bloggen min:  http://sydennattog.blogspot.no/

 

 

 

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Kristian Frederik Brandt | 10.05.2013

    Et viktig innlegg. Enda større grunn til å stille krav til politikerne og å melde seg inn i KlimaKravets manntall, se http://www.klimakravet.no.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*