– Det gjeld å mobilisere breitt

Besteforeldre Fedje

I Hordaland held Besteforeldrene fram med sin «Klimadugnad 2016». Laurdag 2. juli drog ei gruppe til den vesle øykommunen Fedje og den årlege Fiskefestivalen som samlar ei mengd folk. Blant salsboder og utstillingar sette dei opp aksjonsstand og fargerike banner med kampanjens slagord: «Vil du vere deltakar eller tilskodar?» – Alle opplyste menneskje veit at vi ikkje kan lukke auga for klimaproblema. Problemet er avmaktskjensla, og det er fyrst og fremst denne vi ynskjer å gjere noko med, seier leiar i fylkeslaget, Thelma Kraft. Til hausten er det Voss, Hardanger og Sunnhordland og ikke minst Bergen som står for tur.

bj samt ferdjeKlimaval meir enn politikk
Det var oppmuntrande og lett å få kontakt med folk på Fedje, fortel ei av dei som var med, Bjørghild des Bouvrie. – Svaret på spørsmål vi stilte om dei var opptekne av klimaproblema, var ofte: «Det må ein jo vere!». Oppfordringa om å seie ifrå til politikarane og be om tiltak som monnar, vart ikkje teke like godt imot. Mange fedjingar har mist trua på sentrale politikarar, etter den årelange tautrekkinga om ubåten frå krigstida som ligg på havbotnen og lekk kvikksølv. «Dei har brukt meir pengar på utgreiingar enn ei heving ville ha kosta», var det fleire som hevda. Likevel vonar vi at dei mange små samtalene har sin misjon og legg noko etter seg. Målet er å få fleire av oss til å ta gode klimaval – i kvardagen, på arbeid, i organisasjonar, – óg politisk, seier Bjørghild, som ser fram mot stortingsvalet neste år.

Klimadugnaden kjem til Eidfjord
I Eidfjord i Hardanger er det planlagt stor aksjonsdag i byrjinga av oktober, med deltaking frå bibliotek, fritidssenter, kyrkje og dramagruppe. – Skal Paris-avtalen følgjast opp, er det ikkje berrre miljøorganisasjonane som må engasjere seg og kome på banen, seier Thelma Kraft. Det avgjerande er at vi greier å mobilisere breitt. Difor satsar vi mellom anna på samarbeid med folkebiblioteket, som er ein utruleg viktig institusjon rundt om i kommunane.

– Eg trur eg vil seie det så sterkt at klimasaken er eit spørsmål om menneskeverd, vår evne til i fellesskap å styre framtida vår, og ikkje overlate problema til barn og barnebarn, seier ho i eit intervju med bladet Eidfjord-Nytt som vert lese av mange og går ut til alle husstandar i kommunen. Ho fortel at dei alt har hatt møte med ordførar og rådmann som mellom anna vert oppmoda til å sjå på innkjøpspolitikken. – Tenk kva det kan kome til å bety om vi får kommune-Noreg til å leggje klimafotavtrykket inn som viktig kriterium ved kjøp av varer og tenester!

Til Eidfjord skal Besteforeldrene óg ha med ein ung forskar frå Bjerknessenteret for klimaforsking. Ho skal mellom anna møte ungdomsskule-elevar. Dei vil ha mange spørsmål dei treng å få svar på, trur vi. – Dessutan kan dei unge trenge ein god rollemodell når dei skal velje framtid og yrkje for seg sjølve, seier Thelma Kraft.

Eidfjord-Nytt juni 2016

Eidfjord-Nytt juni 2016

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*