Ord og handling

fakkeltog os
I Os sør for Bergen skal Hordfast-brua komme i land, og folk har lenge protestert mot naturraseringa. Eit fakkeltog i 2013 samla fleire hundre menneske. Foto: Andris Hamre.

Vert det nokon gong slutt på det vidopne gapet mellom ord og handling? Ikkje før har regjeringa kunngjort at vegnormalen skal bli meir miljøvenleg, med smalare veg, gjenbruk og færre naturinngrep – før statsbudsjettet gjev full gass for vidare planlegging av det omstridte Hordfast sør for Bergen. Eit monsterveg- og bruprosjekt dei færraste vil ha.

I denne saka lukkar regjeringa øyro ikkje berre for natur-, miljø- og klimaargument. Dei verkar òg døve andsynes haldningane til veljarar og politikarar i regionen dette angår:  Ei meiningsmåling frå NRK tidlegare i haust synte at nesten ingen vil prioritere Hordfast. Folk flest vil at ressursane skal brukast til snarast å gjere noko med Noregs mest rasutsette og ulykkesråka vegstrekning, E16 Bergen–Voss, – saman med jernbanen som sniglar seg av garde i mange av dei gamle spora frå 1800-talet.

NRK tok turen med ferja Halhjem (Os)–Sandvikvåg (Stord) – som skal erstattast med bruer og motorveg, og snakka med nokre av dei reisande. Dei fann ikkje ein einaste Hordfast-tilhengjar!

Naturvernforbundet i Hordaland har dokumentert at miljøkonsekvensutgreiingane frå Vegvesenet ikkje held mål. Rapportane frå FNs klimapanel og naturpanel har også gjort inntrykk på mange. I juli kunne vi lese innstillinga til Nasjonal Transportplan frå byrådet i Bergen, og det var som vi vi skulle ha skrive det sjølve: «Prosjektet har stor negativ konsekvens for såkalte ikke prissatte konsekvenser knyttet til naturmangfold, kulturarv, naturressurser og klimagassutslipp. Bergen kommune kan ikke se at Hordfast bidrar til å nærme oss måloppnåelse på vår tids fremste utfordringer knyttet til klima- og naturkrisen

Bjørnafjorden kommune vedtok allereie i 2020 at dei vil ha ei anna løysing enn monsterbrua over Bjørnafjorden. Men ikkje noko av dette har nådd inn i korridorane til regjeringa. Der vel ein fortsatt å lytte til teknokratane i Statens vegvesen og lobbyselskapet Hordfast AS, og held fram med ein plan for Sunnhordland-regionen som om ikkje noko har skjedd dei siste tiåra. For oss i miljørørsla betyr det at vi må fortsette å bruke kreftene på forsøke å stoppe eit av landets desidert mest miljøskadelege prosjekt – i staden for å kunne spele på lag med myndigheitene i ein dugnad for ei berekraftig framtid.

Kva er Hordfast?

Hordfast er et vegprosjekt på E39 mellom Os og Stord. Det skal byggjast:

    • 55 km ny 4-felts motorveg med 110 km fartsgrense
    • 8 km bruer, m.a. verdas lengste flytebru over Bjørnafjorden (5,5 km)
    • veg over Reksteren og Tysnesøy gjennom urørt og verneverdig natur
    • ny bru mellom Tysnes og Stord over Langenuen med lengd 1,7 km
Kvifor skal vi droppe planane om Hordfast?
    • Dei største naturøydeleggingane i Hordaland i moderne tid. Hordfast rammar 40 viktige naturtyper av nasjonal/internasjonal verdi.
    • Målet med prosjektet er ein fleirdobling av dagens vegtrafikk. Det vil m.a. undergrave målet om nullvekst i trafikken i bergensområdet.
    • Kostnadsanslaga har auka frå 5 milliarder i 1999 til nær 50 milliarder i 2023. Det vil stele midlar frå naudsynt opprusting av vanlege bruksvegar.
    • Hordfast-satsing undergrev nasjonale mål om overføring av gods frå veg til sjø og bane.
    • Prosjektet vil føre til aukande utslepp og bryt med nasjonale klimamålsettingar.

Hordfast med si over 5 km lange flytebru er vegteknokratane sin megadraum. Stadig fleire av oss har andre draumar om framtida. Ill. frå Statens vegvesen.

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Helene Vacarisas | 08.10.2023

    Jeg blir helt oppgitt over vår regjering. Er det mulig å være så i utakt med både folk og natur og ikke minst klimaet ? Bare målet om at Hordfast skal ØKE trafikken kolliderer med nasjonale og internasjonale klimamål.

    Besteforeldrenes Klimaaksjon, sammen med de andre miljøorganisasjonene må fortsette å bruke krefter på dette absurde prosjektet.
    Det er bare å stå på !!!

  2. Trond Sundby | 11.10.2023

    Eg husker godt debatten om ny økonomisk verdsordning på 70-talet. Boka «Limits to growth» skapte ein del furore, men vart stort sett latterliggjort på line med boka»Silent spring», nokre år tidligare. Så det har ikkje mangla på advarslar. No når vi ser at vi er på full fart inn i ei økologisk og økonomisk krise klynger vi oss til at det sokalle grøne skiftet skal redde oss. Men stadig høgare konsum og energiforbruk er sjølvsagt ikkje berekraftig. At fleirtalet av våre folkevalde støttar ideen om «grøn vekst» med storstilt utbygging med ustabil og arealkrevjane vindkraft på land og hav, er eit blindspor som illustrerer mangelen på økologisk innsikt og solidaritet med natur og menneske.

    Men det er jo forståeleg, for til tross for kunnskap og erkjenning av at veksten ikkje kan holde fram, så er nok tanken om eit nullvekstsamfunn ein trussel for den økonomiske og politiske makteliten.

    Det store spørsmålet et om vi har ei ny solidarisk verdsordning å tilby når vekstbobla sprekk. Dei spede forsøka vi har sett på dette i alternative akademiske miljø, blir vel berre latterliggjort. Eg tvilar t.d. på om tilsette ved våre universitet vert støtta av leiing og kollegaer om dei vågar seg med kritikk av vekstdogmet utover ei viss teoretisk aksept. Om det er nokon som jobbar seriøst med dette, er det på tide å presentere det for folket. For no treng vi eit reelt innhold i omgrepet berekraftig utvikling og det grøne skiftet.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*