Kjent teknologi

2019 Nordre AP BKA
Besteforeldra i Trondheim i møte med valgkampmedarbeidarar frå Arbeidarpartiet. Bilete frå 2019 (Ola Dimmen)

Ligg svara i Trondheim? spør Ola Dimmen, besteforeldreaktivist – i Trondheim, i eit innlegg i Adressa. – Partia har stand kvar laurdag no, og det er interessant å snakke med dei om jordvarme, sjøvarme, m.m., seier han. Poenget er: Det finst ei rad fornybartiltak med kjent teknologi som kan gjennomførast – i god tid før 2030.

– Dessverre ser det ut til at politikarane ikkje får noko informasjon om dette, men ein del folk har jo kunnskapar gjennom personleg bakgrunn og yrkesliv. For eksempel Jon Gunnes frå Venstre som både er vannkraftingeniør og sjølvsagt godt oppdatert på fornybar teknologi. Han var primus motor for å få installert jordvarme i det nye idrettshallen på Byåsen, som fungerar glimrande. – Det vi opplever er at alle er interessert i gode forslag og gjerne vil høyre meir. Her ligger det godt til rette for fornuftig dialog med lokalpolitikarar som kanskje vi ta med seg denne informasjonen også vidare opp i partisystemet.

Miljødirektoratet har lagt fram ein omfattande rapport om korleis Noreg skal kutte klimagassutsleppa innan 2030. Dei listar opp 85 tiltak og det viktigaste er at vi skal elektrifisere alt vi kan, og bruke store mengder karbonfangst.

Fleire ekspertar tviler på realismen i planane. Dei spør om kva det vil koste og kvar straumen skal kome frå. Meir utbygging av vasskraft, vindturbinar på land, havvind, atomkraft, straumimport?

Men fortvil ikkje. Vi har mange av svara allereie, blant anna i Trondheim.

Den nye Myrahallen til Byåsen idrettslag har jordvarme. Det fungerar glimrande med lite behov for vedlikehald. Dei sparer straum som kan gå til andre gode klimatiltak.

Tiller vidaregående skole har investert i Enøk og redusert behovet for innkjøpt energi med 80 prosent.

Asko på Tiller har solceller på taket og produserer reint hydrogen til lastebilane sine.

Sjøvarme er i bruk over heile landet. Nordfjordeid har blitt oppvarma av sjøvatn sidan 2004 og same systemet blir no innført på Hammerfest nye sjukehus.

Fjell skole i Drammen har installert jordtermoser som lagrar varme til vinteren. Varmen kjem frå solceller, solfangarar og varmepumper. Tvedestrand vidaregåande brukar same teknologien og er no  netto energiprodusent.

Eksempla er mange og gode, og dette veit Miljødirektoratet mykje om. Men dei hadde merkeleg nok ikkje mandat til å snakke om energiproduksjon i rapporten. Trur regjeringa at utfordringane med fornybar energiproduksjon er vanskelegare enn dei eigentleg er, eller vil dei ha mest mogleg karbonfangst og lagring og store utanlandseigde vindparkar?

Dette må bli tema i valkampen. Mykje av energikrisa kan løysast med lokal varme-og energiproduksjon og gode Enøk-tiltak. Dette sikrar nasjonalt eigarskap og kontroll med energiforsyninga og styrkar sjølvberging og beredskap.

Ola Dimmen, Besteforeldrenes klimaaksjon

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Torleiv Johnsrud | 07.07.2023

    Dette er gode løsninger på «klimakrisa »
    Hvorfor blir ikke disse løsninger mer vektlagt av våre politikere ?]

  2. Åsmund Lund | 09.07.2023

    Det er ikke husholdninger og offentlige bygg politikerne har i tankene. Heller ikke elbil parken.
    Det er Europa som presser på, og vil ha all den krafta vi kan levere. Og så vil det bare være småtterier i forhold til behovet i Europa. Norske politikere vil ikke skjønne det. I dag produserer vi ca 165twh i året i Norge. Vi leverer olje og gass til 2000 twh. Vind og solceller blir puslerier. Regjeringen har tatt sikte på 100twh. Det må andre kilder til. Selvfølgelig!

  3. Tor Arne Klund | 09.07.2023

    Fordi disse energikildene ikke genererer penger i kassa til selskaper som lever av statlige grønne subsidier og klimatilskudd!
    Uten denne kraftpolitikken hadde det ikke blitt vindkraftverk I Norge, men antakeligvis blitt forsket mere på bla jordvarme, og hvorfor bruker vi ikke egen gass til energiproduksjon, men selger den til Tysland hvor den brennes rett utenfor vår egen stuedøra?

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*