Mat, jord og miljø

Bothild
På BKAs landmøte 14. mai: Bothild Å. Nordsletten framføre eit av bileta ho viste. Foto: Ivar Minken

Matjord må vernast på grunn av mattryggleik og fordi vi har eit etisk ansvar. Likevel har ‘jordfjernarane’ fått lov å bygge ned er over 1 million dekar dei siste 50 åra. Om dette heldt Bothild Å. Nordsletten, jordvernar og redaktør i Bondevennen, eit gnistrande føredrag på BKA-landsmøtet. Ho mante til samhald mellom miljøvernar og bonde.

Kjære landsmøte,

– og takk for sist. Hugsar dykk frå Oslo, ein gong under oppkøyringa til klimasøksmål mot 23 konsesjonsrunde.

Det var der eg fekk auga opp for dykk – og  sansen for det generasjonsperspektivet de lekamleggjer.

For det er jo dét det handlar om.

Det generasjonsperspektivet som går som ein raud tråd, eller sirkel, gjennom all natur- og arealforvalting,

Og i den grad medvitet om dette kjem til uttrykk i vår kultar, vårt språk, – så handlar det oftast om jord. Om omgrep som odel, hevd, plikt…

…og bondes credo om å driva slik at når neste generasjon tar over, er garden i betre stand enn når ein sjølv tok over.

Og generasjonsperspektivet gjeld sjølvsagt når me nå diskuterer klima og den krisa me står i.

Og her, nå, kjennest viktigheita av å tenka og planlegga i eit generasjonsperspektiv akutt.

Menneska er opportunistar  – har alltid vore det. Viktigast av alt er å fylla eins eigen og ungane sine magar, kosta kva det kosta vil – andre menneske sine liv, ein dyrerase eller eit økosystem. Me må eta og me vil vera trygge.

Alt var ikkje betre før, – menneska hadde endra ein del frå det opphavelege landskapet før den industrielle revolusjon.

Men det er i løpet av dei siste dryge 200 korte åra sidan starten av den revolusjonen  – at mennesket har prega 70 prosent av jordas overflate og framskunda den sjette masseutryddinga av artar.

Og det er på desse om lag ti generasjonane at menneska har fått den globale temperaturen til å auka med snart halvanna grad, på god veg mot tre og ulevelege fire,

…og med det koma veldig nære både klimatiske, naturlege og ressursmessige – sivilisasjonsmessige –  vippepunkt.

Nei, alt var ikkje betre før, men i det me forsøker å fota oss framover, trur eg me gjer klokt i å læra av det atterhaldet, audmjuka og sinnrike ressursforvaltinga – nøysemda – som generasjonane før oss praktiserte. Måtte praktisera. Dette parallelt med utviklinga av naudsynt og adekvat teknologi – og som eit korrektiv til den.

Eit døme på klok ressursforvalting:

Driftige folk på Jæren, som bygde gardar på haugane – etter kvart fabrikkane  i steinrik utmark – og som let matjorda i fred til dyrking.

Eit reelt grønt skifte handlar om ein mental snuoperasjon:

Atterhaldet, audmjuke og nøysemd er lett å seia, men veldig vanskeleg i praksis.

Og viktigast av alt er endra praksis – handling.

Me er veldig langt ifrå der me treng å vera i dag.

Det finst det mange døme på, men i tråd med tittelen på innlegget mitt skal eg sjå ned og konsentrera meg om grunnen me står på. På jorda – matjorda.

«Klima og natur skal vera ramma rundt all annan politikk, heiter det i Aps prinsipp-program, for å ta eit eksempel på gode intensjonar.

Ein annan god intensjon er at jordvern skal vera eit overordna prinsipp i arealforvalting.

… Ja…

Og likevel. I vårt gjennomkonsekvensutgreidde og kunnskapsbaserte samfunn veit me godt kor gale det er å byggja ned matjorda,

… men likevel gjer me det, og planlegg sågar å halda fram med å gjera det i stor stil.

Og eg vågar påstanden at om me ikkje får til dette med jord og jordvern/matproduksjon, kan me berre gløyma å «redda» klimaet.

Med dette meiner eg to ting:

  • Jorda nærer plantene, som både bind karbon gjennom fotosyntesen og gjer oss mat og er heimen til tallause skapning. Klimaregulering, mange «økosystemtenestar» etc.
  • I overført tyding: Jorda er her. Rett under føtene våre.

Om me ikkje greier noko så enkelt og opplagt som å lata vera å gjera det som er feil med det som ligg rett framfor oss…korleis i all verda skal me då klara å tilpassa oss og stagga ei for mange langt mindre konkret klimakrise?

Eg heiter altså Bothild Å. Nordsletten, eg er redaktør i det landbruksfaglege tidsskriftet Bondevennen, eg er mor, jordvernar og Jorddøgnar (meir om sistnemnte etterpå).

Eg er diverre ikkje odelsjente, men tidlegare utanrikstenestekvinne, med fartstid blant anna i Ukraina. Og min så vidt tryggingspolitiske bakgrunn er grunnen til at eg er opptatt av jordvern og intakt natur også i eit beredskapsperspektiv.

Eg skal snakka om

  1. Korleis jord er viktig for klima- fakta.
  2. Korleis det står til med jord og jordvern i Noreg.
  3. Mi eiga erfaring med konkrete jordvernsaker i eigen heimkommune – kva det har lært meg om…
  4. …kven som har makt og korleis makta snakkar om jord – og dermed klima.
  5. Og om korleis dette arbeidet har påverka mitt syn på konflikt.
  6. Til slutt nokre kjappe tankar om potente og vesentlege samarbeidsalliansar for å fremja både jordvernet og klimaarbeidet.

Jordvern + klimakamp = sant, hevdar eg.

Slik heng det saman:

Klimaregulering/fotosyntese

Karbonopptak og lagring

Jord dempar effektane av klimaendringar: Flaumregulering og/el. ved tørke så held myrjord på væta.

Lite som eksemplifiserer omgrepet «tenka globalt, handla lokalt» som jordvern.

Men korleis står det så til i Noreg?

Det gule er matjord. Det svarte er ikkje matjord

Kartet syner kvifor det er så ille når Russland går til åtak mot Ukraina.

Og det syner i alle høgaste grad korleis Noreg er eit lite land – ei røys – i verda.

Ikkje lett å sjå på kartet, men berre tre prosent av Noreg er dyrkbart, resten utmark.

Og av desse tre prosenta er berre éin eigna til dyrking av korn og grønt, dei to resterande berre til gras/fôr.

Sjølvbergingsprosenten vår ligg på under 40 prosent, korrigert for import av kraftfôr.

60 prosent av kaloriane me føretrekk å eta, kryssar riksgrensa.

Me har bygd ned ca. 1,2 millionar mål sidan andre verdskrigen, nesten tre gonger arealet til Oslo, (NIBIO).

Det gir oss kvar i underkant av to mål matjord per capita.

Jo, me er litt sårbare.

Eit ord om det globale:

Kvart år forsvinn det globalt eit areal som kunne gitt nok mat til tre millionar menneske (NRK).

Det tar naturen i snitt tusen år å laga ein centimeter med matjord.

***

Heldigvis er det nå meir folkeleg og politisk merksemd om jordvern.

I fjor skreiv landbruksministeren og kommunalministeren brev til alle landets kommunar om viktigheita av jordvern, og om at kommunar har høve til å ta planlagt nedbygd jord attende til fortsatt matproduksjon/LNFR.

Og det går kanskje rette vegen: Nå vil regjeringa skjerpa det nasjonale såkalla «jordvernmålet» – eg føretrekk «nedbyggingskvote» – frå 3000 til 2000 mål årleg.

Det er ikkje godt nok, men det peikar i rett retning.

Men samstundes:

I dei eksisterande planane til norske kommunar ligg det per nå inne ca. 89 000 mål til nedbygging.

Og Rogaland, her me er, er eit verstingefylke.

Berre her på Nord-Jæren, i området Sandnes/Stavanger, planlegg ein å bygga ned ytterlegare 23 000 mål matjord.

Rogaland har ti prosent av matjorda i Noreg. Dels svært god jord. Det er den me har.

Om fylket skulle bruka ein ny nedbyggingskvote, altså ti prosent av 2000 mål = 200 mål matjord bygd ned årleg.

… ja, så går ikkje dette i hop.

Og det er godt over grensa til absurd når min eigen kommune, jordbrukskommunen Time,

  • til trass for kjensgjerningane nemnd over,
  • til tross for FNs berekraftsmål, som alle skal ha oppnådd innan sju år,
  • trass i krigen i Ukraina og auka matvareprisar,
  • trass i klimaprojeksjonane som varslar vanskelegare dyrkingstilhøve
  • trass i klimarelatert tørke som alt svir av avlingane i Spania der 30 prosent av frukta og grønsakene me et kjem frå

… at Time nyleg har gitt seg sjølv ei årleg nedbyggingskvote på 45 mål. Ikkje null, slik ein jordbrukskommune med respekt for seg sjølv burde. Ikkje 15, som ville vore rektigare, gitt arealet vårt i forhold til fylkestotalen. Nei. 45 mål. Årleg.

På bilete ser de Re og Svertingstad. Noko av den beste matjorda i landet, dyrka i ca. 5000 år – og grunnen til at folk først busette seg her, på det som i dag er Bryne-byen.

Dei 200 måla i forkant her kan, med konservative anslag gi anten korn til 1000 menneske, jordeple til nesten 10 000, gulrot til 75 000 eller mjølk til 3000 – i eit år.

***

Det er også planane for å bygga ned alt dette slik at nokre få personar kan tena på å klargjera tomter til kontor, lett industri og handel – inkludert båtbutikkar – som gjorde at eg plutseleg og for alvor vart jordvernar.

Då me for nokre år sidan forstod at entreprenørane og kommunen for alvor sette desse planane i sving, mobiliserte me.

***

Me skreiv opprop, fekk underskriftene til nesten 3000 folk, laga (den framleis aktive face-book-sida) «Redd matjorda på Re/Svertingstad», gjekk på gruppe-møte til partia og stifta forening for å få tilgang til alle høyringsdokument, osv.

Politikarane i posisjon sa til oss at me hadde sove i timen og at me var for seint ute. Dei prøvde å stilna oss med påstanden om at kommunen kunne få svære erstatningssøksmål mot seg frå entreprenørane, om dei endra planane.

Desse påstandane vart blankt avvist av juridisk ekspertise, og av opposisjonspolitikarar. Ei nedbyggingssak kan faktisk takast opp att og endrast heilt fram til byggeløyve er gitt.

Lang historie kort: Saka skapte, parallelt med ei anna stor sak i Time kommune, den om storstilt nedbygging av jord og natur for datasenter, masse engasjement.

Det var latter, latterleggjering, det var snott og tårer, ut- og innmelding av parti, demonstrasjonar etc…

… og 29.mars i fjor vann me. 15 politikarar for å ta planane for nedbygging ut ved neste rullering av kom. planane. 12 politikarar frå Høyre og Frp som stod på planane om å bygga ned.

Status i dag er derfor at jorda på Re og Svertingstad får halda fram med å produsera mat.

Men det eg kallar jordfjernarane/jordfjernaktivistane, gir seg ikkje.

Og dei er sterke. Berre sjå på Kapital si liste over dei 400 rikaste i Noreg i 2022. 109 av er eigedomsfolk.

Og dei har mange politikarar med seg.

Ja, dei er faktisk gode på å gjera konsulentar av tidlegare eller pensjonerte kommunefolk med inngåande kjennskap til både planarbeid generelt og konkrete planar.

Felles med dei som står på for meir leiting og boring etter olje og gass, er at desse folka ofte også meiner at det dei gjer, ref. bygging av datalagringssenter på matjord/kulturlandskap, er grønt og difor heilt naudsynt for det grøne skiftet.

Men, altså, for  halda meg på jorda:

Når me, både i eigen kommune og i landet som heilskap planlegg for

framleis storstilt nedbygging av jord, og for framleis vekst etter den gamle definisjonen større, meir, fortare, høgare…då forheldt me oss til verda som om ingenting hadde skjedd.

Som om det ikkje var noko naturkrise, inga klimakrise.

Det òg er ein form for fornekting.

Jo, for om me tok Montreal-avtala på alvor, Paris-avtala på alvor, det våre fremste klimaekspertar, og FN seier på alvor… så skulle me vel alle sote i krisestab nå – inkludert i kommunane?

To konkrete døme på fornekting:

Då avstemminga om jorda på Re og Svertingstad gjekk i jorda sin favør 29.mars i fjor, var

Arbeiderpartiet, som heile vegen meinte dette var ei svært vanskeleg sak, tydelege på at dei nok ikkje hadde stemt for å freda jorda – om det ikkje var for krigen i Ukraina.

Høyre-ordføraren i Time kommune tilkjennegir liknande perspektivrikedom i dette sitatet frå NRK:

Dette er den same ordføraren, som i lys av global dyrtid, tørke, matmangel etc. stiller opp i avisa til dette:

…og utan at det vert stilt eit einaste kritisk spørsmål.

***

Over har eg vist til nokre konkrete jordvernsaker. At dei er lokale, at dei skjer her og nå.

Men også at det handlar om kva jord, klode og klima me leverer frå oss til etterslekta.

I det perspektivet blir det viktig ikkje berre å gå på gruppemøte, demonstrera – altså å gjera det politiske arbeidet.

Me må også stilla spørsmål ved det språket og den delen av kulturen vår som tåkelegg kva me heldt på med og som tillet all denne korttenkte opportunismen.

Det er nettopp dette me prøver å gjera med den ganske ferske jordlitteraturfestivalen vår på Jæren: Jorddøgn

Eg skal gi nokre døme på kva språk og haldningar/verdiar eg meiner me må sjå nøyare på, og kommentera dei.

Utgangspunktet er dei konkrete argumenta me som jordvernarar blir møtt med.

Illustrerer godt korleis jord- og klimaarbeid spelar seg ut, på godt og vondt, også i lokalsamfunna.

Det første me høyrte etter den førebelse sigeren om Re og Svertingstad var:

«Gratulerer! Du veit, denne saka illustrerer jo berre behovet for ei kommunesamanslåing på Jæren!»

  • Takk, svarte eg.
  • Men øh, nei! … Då har du verkeleg ikkje forstått kva det handlar om. Me har ekspandert nok! Har ikkje meir jord å øydeleggja. Dette er ikkje eit spørsmål om tre kommunar som blir til éin stor ein med eit «meir robust fagmiljø» som så så kan samplanlegga ennå fleire byggjefelt eller næringsområde.

Kva er det med tre prosent matjord her i røysa, du ikkje forstår?

Det er sjølvsagt ikkje berre ein jærsk påstand. Det er eit globalt paradigme.

Men eg spør: Kor er den rogalandske debatten om kor grensa går? Kor lite matjord er lite nok? I min kommune, i din, i Noreg?

Me får kanskje eit «mål» 2000 dekars nedbygging snart…jau, men kor lenge held det? På 50 år er det 100 000 mål. Er det greitt? Kan me stå ansvarlege for ei slik avgjer, på vår korte vakt?

Inn under vekst-tankegangen høyrer også argument av typen:

  • Ja, men kor skal me bygga då? Kom opp med alternativ!

Bygg i utmark, på fjell. Om du må. Men eg trur samtidig at me ikkje kan bygga så mykje meir – av omsyn til naturen òg.

  • Men folk må jo bu!

Ja, sjølvsagt må dei bu. Men ikkje på matjord. Eg meiner òg me treng ein debatt om kor mange folk matfatet både her og andre plassar toler.

  • Jordbruk er næringsliv. Og har ikkje anna næringsliv hatt føreseielege forhold, i form av areal og andre rammevilkår, i alle år? Kva med føreseielegheita for livsgrunnlaget til alle som kjem etter oss?

Men me treng arbeidsplassar!

Sjølvsagt. Men ikkje på matjord.

Entreprenørstanden med sine svære maskinparkar kan faktisk gjera andre ting. Me treng å reparere natur. Og me treng folk i matproduksjonen

Ja, hastverk, er eit anna «argument»:

Om me ikkje grip denne moglegheita, så står me att på perrongen! Og me får handelslekkasje til…Klepp!

Mitt svar? Me har vel ikkje meir hastverk enn at me må også må tenka langsiktig, og lite hastar vel meir enn å fiksa klima og matproduksjonen vår? 

Eg trefte nyleg ein ordførarkandidat, ein tidlegare bonde, som meinte nedbygging/vekst/utvikling vs. jordvern var eit kjempedilemma -komplekst og vanskeleg.

Han og andre formanar gjerne at «me må klara ha fleire tankar i hovudet på ein gong» og å balansera ulike samfunnsomsyn. Og litt jord må me jo kunna ta…

  • Mitt svar? Nei, det er ikkje eigentleg så komplekst, dette. Igjen, kva er vel enklare enn berre å lata vera å gjera det som er feil?

Ok? Kva tid las de ei konsekvensutgreiing som gjekk imot «tiltaket» konsulentselskapet var hyrt inn for å greia ut? Me har den kunnskapen me treng.

Og Igjen: kva er det med talet tre du ikkje forstå?

Me kan ikkje vera imot utviklinga!

– Jau, det kan du! Iallfall om  me med «framsteg» og «utvikling» meiner større, raskare, høgare, meir av alt.

***

Kva har så argumenta over med klimakampen å gjera?

Vel, all den tid jord og klima og kampen for dei båe heng saman, viser dei at det er langt att før det mentale skiftet i retning av meir atterhald, audmjuke og nøysemd er på plass.

Me skulle ha vore her, at me til ein kvar nedbyggingsplan eller handling som førte til klimautslepp stilte oss spørsmålet:

  • Bidreg dette til å avbøta klimakrisa? Til å bygga natur? Neivel? Så dropp det.

Og der er me ikkje. Og all den tid svært mange, sjølv i ansvarlege stillingar, finn det så veldig vanskeleg å halda seg orientert om kva som skjer i verda og ikkje minst ta konsekvensane av det, så kan dei lalla i veg om «dialog» og «gode løysingar» og «berekraft» så mykje dei vil.

Show. Don’t tell. Det er eit godt prinsipp frå journalistikken, som fleire kan ta til seg.

Alle politikarar her i sørvest seier forresten at dei er for jordvern. Eller som denne politikaren frå Klepp sa det til Jærbladet, på spørsmål om Klepp Høyre var eit parti for dei som er opptatt av jordvern:

«Ja, vi mener at vi er opptatt av jordvern.»

Og likevel stemmer fleirtalet for nedbygging kvar gong.

Altså: Jordvern og klima – flotte greier, det. Men ikkje her. Og ikkje denne gongen, heller.

***

Me veit me har lita tid på å gjera det rette nå.

Og kunnskap er tydelegvis ikkje tilstrekkeleg til å overtyda oss om å snu, sjølv i enkle saker som om ein umisteleg kornåker.

Noko av det som vekte engasjement mitt, var den litt overraskande erkjenninga av at dette er  faktisk konflikt.

Ein konflikt mellom jordvernarar og jordfjernarar.

Men òg, ikkje minst, ein konflikt mellom dei som ønskjer å bygga ned, på den eine sida, og eigenverdien til jorda, landskapa, økosystema på den andre.

For ikkje å snakka om eigenverdien til etterslekta, både den menneskelege og meir-enn-menneskelege.

Denne erkjenninga var klargjerande, og den gav meg kraft.

Eg seier ikkje at me ikkje skal ha dialog.

Ikkje at sivil ulydnad er vegen framover.

Ei heller at me skal ta ei kvar jordvern-eller klimasak til retten, sjølv om det kjem til å skje oftare framover.

Og visst – konflikt kan vera ubehageleg. Til og med stygt.

Men det treng ikkje vera det.

Konflikt kan vera velartikulert og respektfull.

Og når eg ikkje er engsteleg for konflikt lengre, så er det fordi konflikt faktisk kan vera viktig. Fordi det er prinsippavklarande. Prinsippavslørande. Og fordi det hjelper oss med å stilla dei rette spørsmål – og dei rette vedkomande til veggs – med ettertrykk og truverd.

Eg håpar ikkje de heller er redde for konflikt.

Dessutan er ingenting er så kult som uredde besteforeldre.

***

Som eg har forsøkt å visa: Jordvern er ein jordnær og konkret måte å arbeida for klima på.

Og igjen – jorda ligg her.

Det du ser, går tur langs, det du er glad i, det du har namn for – det du er forankra i, og det som er forankra i deg – det vil du gjerne ta vare på.

Du reagerer iallfall når gravemaskinane kjem for å ta det vekk.

Alle i Besteforeldrenes klimaaksjon bør også vera med i dei lokale jordvernforeiningane. Meld inn barna og barnebarna dykkar òg.

Mitt aller siste poeng:

Det ligg eit veldig potensial i ein allianse som dessverre – og mitt hovud paradoksalt nok – ikkje har manifestert seg eller realisert potensialet heilt ennå.

Den mellom klimafolk, miljøforkjemparar – ofte urbane – og bønder. Og jordvernarar. Unge og eldre.

Jorda bøndene driv er avgjerande for matproduksjonen vår. Jorda og bøndene er heilt avgjerande for klimaarbeidet vårt. Bøndene er, som oss alle, heilt avhengige av eit gunstigast mogleg klima.

Men svært mange bønder kjenner seg marginalisert og utskjelt.

Med rette eller urette, det kan diskuterast, men utan kvarandre kjem me ingen veg.

Sånn sett er det spanande og lovande takter frå Noregs Bonde- og Småbrukarlag. Dei har fått med seg tidlegare generalløytnant Robert Mood, Anja Bakken Riise frå Framtiden i våre hender og fagforeiningsveteran og leiar i Pensjonistforbundet Jan Davidsen for å framheva at jordbruk ikkje er ei sektorspesifikk greie – det gjeld oss alle.

Det bør me alle inspirerast av – og så laga litt meir bråk.

Lukke til!

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Reuidunn Oline Skadsem | 20.05.2023

    Fantastisk godt skrive om ei utruleg og framtidsavgjerande sak!

  2. Margaret Heldor | 22.05.2023

    Tusen takk for et forrykende foredrag på årsmøte i Stavanger. Skulle ønske du kunne holdt foredraget for Stortinget også, eller ihvertfall for en komite. Jeg vet ikke hva som må til for at du skal få audiens der, men jeg heier på deg. Som en annen klok bonde har sagt: «En vakker dag finner de nok ut at det er mat de lever av».
    Det politiske Norge må ta bøndene og jorda på alvor.

  3. Rolf Bjerke Larssen | 25.05.2023

    Takk for at du holdt dette foredraget!😊😊 Jeg har ikke før sett et så godt bidrag i debatten om jordvern. Så konkret og saklig. Så konstruktivt og lærerikt. Så motiverende. Flott om vi i BKA kan være med å bidra. Kanskje ved å jobbe for at AREALNØYTRALITET blir vedtatt som bindende prinsipp for alle kommuner, i alle fall mht matjord. Takk!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*