Grønt håp

Hegge (3)
Foto: Fred Kuyper

Onsdag 16. februar var det temakveld i Hegge kyrkjestogo i Øystre Slidre, med foredrag av Øyvind Wistrøm, nestleiar BKA. «Kor blei det av vinteren? Eller: Håp i ei klimakrisetid?» var spørsmålet. Svar 1: Ja, det er alvorleg det som skjer no. Svar 2: Klimaendringane er menneskeskapte, difor kan ein òg gjere noko med dei. Framleis.

Frå referat ved Gunvor Hegge,
Naturvernforbundet innlandet (arr.):

Wistrøm er utdanna marinbiolog, og har ein allsidig bakgrunn innan økologi og miljøfag.  I 1973 arbeidde han på fritidssektoren på Beitostølen Helsesportsenter, han har vore engasjert i FN med flyktningehjelp og rehabilitering mellom anna i Ukraina frå 2014, og dei seinare år har han undervist på lærarutdanninga på Universitetet Sørøst-Norge. No er han nestleiar i BKA, Besteforeldrenes klimaaksjon.
– Fyrste delen av foredraget tok oss gjennom kva som er naturlege klimaendringar. Temperatur og CO2-konsentrasjon har svinga gjennom alle tider, og var til dømes svært mykje høgre i den tida dinosaurane levde enn det er i dag.
– Faktorane i dei naturlege klimaendringane har ikkje vi menneske herredøme over. Vindsystem og havstraumar som oppstår på grunn av jordrotasjonen, vulkanutbrot, jordskjelv  og drivhuseffekt virkar inn. Korleis jordkloden er plassert i forhold til sola endrar seg også over tid. Samanhengane er komplekse.
– Fram til den industrielle revolusjonen var svingingane ganske konstante innan yttergrensene. Men så aukar CO2-konsentrasjon og temperatur kraftig og mykje raskare enn den naturlege sirkulasjonen. Årsaka er brenning av olje, kol og gass. Karbonutslepp, CO2-konsentrasjon og temperatur fylgjer kvarandre, og forskninga meinar det er 95% sikkert at menneskeleg påvirkning har bidrege til meir enn halvparten av auken.
– Er det håp om at vi kan greie å snu noko på denne utviklinga? Ja, men vi har dårleg tid! Greta Thunberg skal ha uttala: «Når vi startar å handle, er det håp overalt. I staden for å leite etter håp, leit etter handling. Då vil håpet koma.» Så lenge klimakrisa er menneskeskapt, kan mennesket også gjera noko med det. Er vi mange nok som gjer litt, vil summen bli stor. Engasjement gjennom deltaking i organisasjonar som arbeider målretta, demonstrasjonar, kurs, koma med uttaler, drive politisk lobbyverksemd passar for nokon, medan etterisolere hus, bruke alternative energikjelder, kompostere og dyrke kortreist mat kan vera aktuelt for andre. Og vi kan alle handle på det personlege planet ved å minke på forbruket, reise mindre, minske matsvinn.
– Mange barn og unge er svært bekymra for framtida. Korleis skal vi gje dei håp? Viktig at dei blir kjende i naturen, at vi lærer dei å bli observante og at vi pratar med dei og diskuterer utfordringane. Kunnskap minskar frykta og styrkar håpet om ei grøn og berekraftig framtid.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*