Naturpolitisk tidsskilje

Hordfast
Gigantprosjekt som må skrinleggjast om Noreg skal følgje Montreal-avtalen: Hordfast sør for Bergen. Ill. frå Statens Vegvesen

– Den nye naturavtalen er eit tidsskilje, seier generalsekretær i BKA, Andrew Kroglund til NRK, i samband med ein stor reportasje om politisk oppfølgjing av det som vart vedteke i Montreal, at 30 % av all natur skal vernast. Det betyr at fleire vegprosjekt må opp til revurdering. Det same gjeld arealkrevjande hytteprosjekt i fjellområda våre.

Forslag om rask oppfølgjing

Pariskonferansens vedtak i 2015 om klimakrisa, og Montrealkonferansens vedtak i 2022 om naturkrisa, utfordrar Noreg til å samordne tiltak som bekjempar begge desse krisene samstundes Dagens praksis førar til at dei to krisene forsterkar kverandre. BKA har difor fremja eit forslag om å nedsetje eit offentleg utvalg som skal rådgi norske myndigheiter om tiltak som møter. begge krisene på en koordinert måte, slik at tiltak mot den eine krisa også gagnar den andre. Sjå også reportasje om forslaget i Dagsavisen 3. januar.

Professor i berekraftig utvikling Carlo Aall er ein av dei som har utarbeidd forslaget frå Besteforeldrenes klimaaksjon. Med utgangspunkt i dei nye internasjonale føringane trur han følgjande krav vil melde seg i Noreg, seier han til NRK::

  • Generell byggjestopp (eller krav om nasjonal byggjemelding) i alle større hytteområde
  • Forbod mot omdisponering av våtmark og myr
  • Krav om veglaus utbygging av vindkraftverk
  • Sterkare krav til fleirbruksomsyn i skogbruket
  • Eit restaureringsprogram for økosystem langs vassdrag og innsjøar
  • Skrinleggje alle vegutbyggingar som berre er samfunnsøkonomisk lønnsame om utbygginga medfører auka transportvolum

Ventar på å bli utbygd – eller verna: urørd fjellskog og myr opp mot tregrensa på Norefjell. Foto: Harold Leffertstra

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*