Med BKA mot Wisting

Olaug BKA
Foto: A.M. Husabø

Per 1.1.23 hadde BKA 6790 medlemar. Målet er 8000 til 1.1.24. Det er éin prosent av alle over 65, så det bør gå bra – om berre fleire gjer som Olaug Husabø i Tromsø. Ho blei med då hå såg at Besteforeldra sto i spissen for landsomfattande markeringar mot Wisting-feltet og planar om oljeboring i Barentshavet. Dette ville ho vere med på!

– Og kor er du i livet nett no, Olaug?
– No er eg pensjonist. Men eg er utdanna jurist, og har hatt administrative stillingar dei siste 40 åra i arbeidslivet, mellom anna ved universitetet her i byen. Eg har aldri arbeidd aktivt med saker som har med klima å gjera. Eg har har heller ikkje vore med på noko som kan kallas klimaaksjonar, bortsett frå at eg av og til har vore med i demonstrasjonstog med klima som tema, og har gått under aktuelle klimaparolar i både 8. mars- og 1. maitog.
– Eg meiner klimaspørsmålet er eit av dei viktigaste i vår tid. Privat prøver eg å vera så lite klimaversting som mogeleg; kastar ikkje mat, kjøper lite klede, gir bort i staden for å kasta ting eg vil bli kvitt, har dårleg samvit når eg tek fly osb.
– Men det er først no du har kome med i BKA. Kvifor?
– Dei siste 8-10 åra har eg med jamne mellom vorte spurt – på stand eller av venner – om eg vil melda meg inn i BKA. Når eg no endeleg fekk gjort det, var det fordi eg fekk vita at eg hadde gått glipp av ein demonstrasjon i Tromsø, som m.a. hadde parolen «Stopp Wisting». Det toget ville eg ha gått i dersom eg hadde visst om det. BKA var ein av arrangørane, og dette er ein sak eg brenn for!
– Kva tenkjer du er det viktigaste med ein organisasjon som vår?
– Det er vanskeleg å seia kva som er det viktigaste med BKA – enno veit eg ikkje så mykje om kva de (vi) gjer lokalt og nasjonalt. Men eg går ut ifrå at ein såpass stor organisasjon kan fungera som pressgruppe i viktige saker, gjerne i samarbeid med andre grupper. For min eigen del ser eg på medlemskap i BKA som ein måte å læra meir om klimautfordringane på, og kanskje få gjort ein liten innsats. Eg ser fram til året som kjem, og kva som kan by seg i eit valår!


Tromsø 29. oktober: 120 demonstrantar trassa regn og sludd i ei felles markering frå Besteforeldrenes klimaaksjon, NU, Naturvernforbundet, FIVH, SV, Venstre, AUF og Grøn Ungdom. – Godt samhald og vellukka trass i vêret! melde BKAs lokallagsleiar Ingunn Elstad.

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Ingunn Elstad | 02.01.2023

    Takk, Olaug, for at du deler engasjementet ditt! Vi er veldig glad for å ha deg som medlem! Beste helsing BKA i Troms, ved Ingunn. PS Godt nytt år!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*