Elektrifisering nei takk

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    onsdag 14. sep 2022
  • AV:
    Redaksjonen
Barn plattform
Ill: Ola Dimmen

Er elektrifisering av sokkelen ein fornuftig måte å redusere dei norske klimagassutsleppa? Avgjord ikkje, meiner Besteforeldrenes klimaaksjon, som på årsmøtet i helga vedtok ein eigen resolusjon om saka. BKA kallar det grønnvasking av oljeverksemda, og vil at fornybar kraft skal brukast til utvikling av meir berekraftige næringar.

Resolusjon vedteken på årsmøte BKA 11.09.2022:

Vi protesterer mot ytterlegare elektrifisering av norsk olje- og gassproduksjon.

Elektrifisering betyr å bruke rein energi frå landbasert vasskraft eller vindkraft, eller havvind – til produksjon av klimaskadeleg fossil energi for eksport. Argumentet er at elektrifisering av olje- og gassproduksjonen vil gi eit mykje betre innanlands klimarekneskap for Noreg. Det vil sjå ut som om dei norske CO2-utsleppa er kraftig redusert. Gassen som blir overflødig når plattformene blir elektrifisert, vil gå til eksport og forsvinn ut av den nasjonale klimarekneskapen. Utsleppa blir ikkje borte, dei blir berre flytta på.

Olje- og gassnasjonen Noreg har forplikta seg på det globale 1,5 gradarsmålet. Vi har altså ikkje berre ansvar for utslepp frå norsk olje og gass innanfor eigne grenser. Dei fossile utsleppa som Noreg eksporterer til utlandet, er om lag tolv gongar større enn dei samla innanlandske utsleppa. I dag har klimakrisa katastrofale verknader i alle verdsdelar. FNs klimapanel konkluderer at nedtrapping av olje- og gassproduksjonen er umiddelbart nødvendig, men Noreg har ingen slike planar.

Innanlands vil elektrifisering av olje- og gassproduksjonen drive straumprisane vidare opp, og gjere straumforsyninga meir usikker. Den norske vasskrafta må prioriterast til berekraftige, langsiktige lokale aktivitetar. I Finnmark vil den planlagte elektrifisering av LNGanlegget ved Hammerfest og oljefeltet Wisting krevje i underkant av 3 TWh strøm i året. Det blir lite vasskraft att til berekraftig næringsutvikling. Dessutan skal store kraftliner (420 kV) vidareførast med omfattande naturinngrep og alvorlege konsekvensar for reindriftsnæringa. Noreg kan komme i konflikt med urfolkskonvensjonen.

Elektrifisering av olje- og gassproduksjonen er statleg grønnvasking. Det globale klimaet krev planmessig, gradvis utfasing av olje- og gassproduksjonen.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*