– Eit ideelt engasjement

veien videre

Styrken til Besteforeldreaksjonen er at vi følgjer opp og støttar opp om ungdommens globale klimakamp, seier lokallagsleiar Ingunn Elstad i Tromsø. – Medlemmene kan velje å vere meir eller mindre aktive. Uansett gir BKA oss eldre sjansen til å engasjere oss frivillig for dei som kjem etter oss, utan tanke på posisjonar eller eigne interesser.

Uavhengig kurs

Eit slikt ideelt engasjement gjer at vi får respekt, meiner Ingunn Elstad. Ho er professor emerita i helse- og omsorgsfag, med fleirfagleg bakgrunn i sjukepleie, filosofi og historie. Ho har akkurat fått det fjerde barnebarnet. Hennar nyttårsønske er at BKA får fleire kontaktar og lokallag i Troms og Finnmark!
– BKA samlar folk med brei erfaring og kunnskap – mange ekspertar. Det gir også respekt. Og det er avgjerande at BKA held ein partipolitisk uavhengig kurs, meiner eg. Det store fleirtalet av befolkninga er jo ikkje med i noko politisk parti. Eg trur nok at BKA brukte for mykje krefter på valkampen, men vi fekk jo fremma oljedebatten og verva medlemmer.

I det store og heile meiner Ingunn Elstad at Besteforeldreaksjonen har gjort gode prioriteringar med hovudvekt på Noregs ansvar for klimautsleppa. – Her i lokalstyret er vi einige om at BKA bør vere engasjert både i klimakrisa og naturkrisa som to sider av same sak, ein debatt som vart begynt på landsmøtet, men ikkje fullført. Vi meiner også at forbruk og sløsing blir stadig viktigare spørsmål.

Brennpunkt i nord

Den nordlege landsdelen er blitt brennpunkt for nasjonale klima- og miljøsaker, som folk er opptatt av, og som har direkte konsekvensar for dei som veks opp: Nord-Noregbanen, oljeutvinninga i Barentshavet, militær opptrapping med atomubåtar og amerikanske kampflybasar. Lokallaget har engasjert seg i desse sakene, i samarbeid med fleire frivillige organisasjonar.

Når det gjeld spørsmålet om korleis vi skal få fleire medlemmar, seier Ingunn at lokallaget ikkje hatt særskilte vervekampanjar i året som gjekk. – Men vi har fått ca 65 nye medlemmer – og ei utmelding, og har no 199 medlemmer. Eg trur folk melder seg inn på grunn av den synlege aktiviteten og bekymringa for framtida til neste generasjon. Vi har diskutert meir kreative og synlege verkemiddel på stands osv, men er ikkje kommen så langt.
– Berre ein ting i denne samanhangen: Vi skal kanskje tenke på kva tid vi bruker uttrykket barnebarna våre. Det viser seg at det blir vanskeleg for ein del som støttar målet til BKA, men ikkje har eigne barnebarn.

Byggje organisasjonen

Hovudsaka for organisasjonen framover må framleis vere dei norske klimautsleppa og klimasøksmålet, men overforbruk og sløsing blir òg stadig meir viktig, seier Ingunn. – Korleis kan vår generasjon bidra med erfaringar?
– Vi ønsker at BKA i dei nasjonale kampanjane tar opp Nord-Noregbanen, og den militære oppbygginga som skaper risiko for sivilbefolkninga. Når det gjeld Barentshavet, reknar vi med at klimasøksmålet er ei hovudsak, saman med kampanjar om permanent stans i utdeling av konsesjonar – og for at Noreg sluttar seg til Beyond Oil and Gas Alliance.
– Organisatorisk etterlysar vi eit tettare samarbeid med den sentrale leiinga, ved at alle laga får ei fast kontaktordning, der vi kan ta opp ting og be om råd og komme med innspel. Eg ønsker også at felles fora (dei digitale møta og landsmøtet) i større grad blir brukt til utveksling og diskusjon om sakene, prioriteringane og erfaringane. Vi treng å drøfte arbeidet meir og lære av kvarandre.

– Ein frivillig organisasjon er avhengig av eit medlemsdemokrati der medlemmene har innflytnad på kva som blir avgjort. Det er ei utfordring både lokalt og sentralt, særleg under koronaen, avsluttar Ingunn Elstad.


Tromsø 22. mars 2019: Besteforeldrene stilte opp foran rådhuset saman med die streikande skolebarna. Omkring 1000 møtte opp, og elevar frå Kongsbakken vidaregåande skole innleia med å istemme Carmina Burana-songen om “Å Skjebne, O, Fortuna!”, – akkompagnert av mektig slagverk.

 

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Linda Rundquist Parr | 10.01.2022

    Du har helt rett, Ingunn, i at mye av klimakampen står i nord. Derfor er det viktig med et voksende lokallag i Tromsø.

  2. Ingunn Elstad | 10.01.2022

    ja, og i heile landsdelen.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*