Klima og demokrati

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    søndag 14. nov 2021
  • AV:
    Redaksjonen
bilde tromsø
Eit halvt hundre personar møtte opp i sludd og vind på Stortorget. Appellar frå Spire, Besteforeldrene og Naturvernforbundet.

Politikarar må halde løfter, og la handling følgje ord, sa Ingunn Elstad frå BKA i sin appell under COP26-markeringa i Tromsø i går. Så lenge det ikkje skjer, har vi eit demokratiproblem, og dei må ikkje få fred. «Den globale demokratiske klimarørsla er det viktigaste håpet for alle som er ramma av klimaendringane, og er bekymra for framtida

APPELL TROMSØ 13.11.2021
Ingunn Elstad, leder BKA Tromsø og omegn

Ungdomsmiljøorganisasjonen Spire har tatt initiativet til denne markeringa i dag når klimatoppmøtet i Glasgow er over, saman med Framtiden i våre hender og oss i Besteforeldrenes klimaaksjon i Tromsø. Det er ei av mange, mange markeringar og demonstrasjonar over heile verda, og vi er veldig glad for å vere med.

Det har vore klage på at nokre som er aktive for klimaet, ikkje viser tilstrekkeleg respekt for topp-politikarane. Då gløymer ein at tillit og respekt er noko ein må gjere seg fortent til. Ein må snakke sant, halde løfter, og late handling følgje ord. Dette er kravet som blir stilt etter Glasgow, og med større styrke enn nokon gong.

Aktivistane er tilmed kritisert for å vere udemokratiske, fordi dei ikkje overlet klimaspørsmålet berre til politikarane. Men det er omvendt: Demokratiet veks fram og får sin styrke gjennom bevegelsar av alminnelege menneske, mange små folk som oss. Det var slike bevegelsar som førte fram demokrati og velferd her i Noreg. Den globale demokratiske klimabevegelsen, eit mangfald av organisasjonar, er det viktigaste håpet for alle som er ramma av klimaendringane, og alle som er bekymra for framtida.

Klima og miljø er ikkje ei særinteresse. Det gjeld alle menneske, også dei som enno ikkje er fødd.

Millionar er i dag ramma av tørke og hungersnaud på grunn av menneskeskapte klimaendringar, utan utsikt til at det noko tid skal bli betre.  Klimakrisa er djupt urettferdig. I det kalde nord har vi kanskje ikkje tatt ho heilt inn over oss. Rett nok stig havnivået, det regnar meir og isen smeltar, men vi har ikkje hatt syklonar og brannkatastrofar, så langt. Det vi derimot har, er oljefondet på straks 12 000 milliardar, det største statlege finansfondet i verda, som veks for kvar time, medan vi får fleire mangemillionærar og større forskjellar i samfunnet. Og fleire gongar om dagen får vi høyre at nasjonen er totalt avhengig av denne olja, at Noreg må produsere meir i høgare tempo, oljeprisane stig jo, og vi kan heller betale fattigare land så dei kan sleppe ut mindre klimagassar. På den måten har Noreg skjemt seg ut i Glasgow.

Vi møter mange som seier at det nyttar ikkje kva Noreg gjer, for dei største utsleppa kjem frå kinesiske kolkraftverk. Men kva har kinesarane brukt krafta til? Dei har produsert billeg leketøy, elektronikk og klede, som fyller opp skapa våre.

Per innbyggar står norskprodusert olje og gass for over 15 gongar større klimautslepp, enn utsleppa frå olja, kolet og gassen som Kina produserer. Dette kan vi ikkje vere med på. Noreg kan ikkje fortsette fram til oljen tar slutt. Vi krev stans i leitinga, og utfasing av olje- og gassproduksjonen no.

Når Besteforeldreaksjonen er på gata med informasjon, møter vi ofte folk som seier at heile samfunnet må ta oppgjer med overforbruket og sløsinga. Klimaet og naturen toler det ikkje.  Og vi må ha meir fordeling av godane i samfunnet. Då kan vi kanskje klare oss bra utan oljeinntektene. Vi har gjort det før.

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Steinar Winther Christensen | 14.11.2021

    Takk Tromsø for aksjon og rette ord!

  2. Anne Brit Narum | 15.11.2021

    Veldig bra, takk! Jeg deler innlegget.

  3. Bjørghild des Bouvrie | 15.11.2021

    Svært klok og viktig tale, Ingunn!
    Tusen takk for den!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*