Grunnlova vernar og tryggjer

eidsvoll_riksraad_1814_0
Oscar Arnold Wergeland: Riksforsamlingen på Eidsvoll 1814

17. mai-feiringa blir annleis i år. Men bakgrunnen er den same som alltid: Grunnlova vart til. Grunnlova vernar konstitusjonen og borgarane. – Men Grunnlova vernar også livsmiljøet vårt, minner besteforeldre i Tromsø om i eit innlegg i Nordnorsk debatt. Difor er det at klimarettsaka no kjem opp for Høgsterett. «Klimafeltet er ikkje berre eit område for politikk, men underlagt overordna rettslege normer.»

Som mange veit, gjekk Greenpeace  og Natur og Ungdom, med Besteforeldrenes klimaaksjon og Naturvernforbundet som partshjelparar, til søksmål mot staten (ved Olje- og energidepartementet) for å bryte §§ 112 i Grunnlova. Bakgrunnen var at det blei gitt nye konsesjonar til oljeutvinning i det nordlege Barentshavet, noko som vi meiner ikkje er foreinleg med Parisavtalen sine mål. Søksmålet førte ikkje fram. Vi tapte både i tingretten og i lagmannsretten og har anka til Høgsterett.

No har Høgsterett godteke å ta inn saka til behandling (til hausten) og det er bestemt at ho skal avgjerast ved Høgsterett i plenum, noko som viser at saka har stor samfunnsmessig betydning.

Dette er første gongen at §§ 112 blir prøvd rettsleg og det er viktig å få fastlagt innhaldet i paragrafen som er meint å skulle vere eit effektivt verktøy i miljøets teneste – ikkje minst av omsyn til dei komande generasjonane.

Etter at Grunnlova blei revidert og fekk språkleg modernisering i 2014, slår §§ 112 enno tydelegare fast (enn tidlegare §§ 110) at vern av miljøet er ein menneskerett:

Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten og for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet og om verknadane av planlagde og iverksette  inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene skal sette i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.

Klimafeltet er altså ikkje berre eit område for politikk, som vi skal overlate til handlingsvegrande politikarar som vi til ei kvar tid er prisgjeve, men det er også eit rettsområde, som er underlagt overordna rettslege normer. Dette poenget er viktig å halde fast ved når «Klimasøksmålet» blir kritisert for å ta saker som høyrer heime i demokratiske fora og gjere dei om til juss! Tingretten gav oss og medhald i at det er heilt legitimt å lage eit søksmål med utgangspunkt i §§ 112, og det er i seg sjølv ein viktig siger.

Så kan ein spørje i kva for situasjonar ein kan vise til denne lovføresegna. Tingretten meinte at i dette tilfellet var det ikkje grunnlag for å seie at konsekvensane av blokktildelinga i Barentshavet ville vere så store at dei vart råka av denne paragrafen.

Dette er ikkje ei sak som er eineståande for Noreg. Eit liknande søksmål kom opp til doms i Nederland sist haust der Høgsteretten dømte den nederlandske staten til å minska utsleppa av klimagassar i 2020 med minst 25% i forhold til 1990. Den nederlandske staten hadde lagt seg på 20 %. Her meinte dommen at artikkel 2 og 8 i den europeiske Menneskerettskonvensjonen blei krenka. Med dei høge utsleppa som staten hadde lagt seg på, ville ein risikere tap av liv og skade på heim og eigedom.

Kva så med Noreg? I høve til internasjonale mål for utslepp, ligg vi svært dårleg an, og ein auka produksjon og sal av olje og gass frå Barentshavet gjer måla enda vanskelegare å nå.

Kvifor engasjerer Besteforeldrenes klimaaksjon seg i dette spørsmålet? Jo, for det er heilt opplagt at den måten vi har innretta oss på til no er i ferd med å øydelegge grunnlaget for eit godt liv for etterkommarane våre. At besteforeldra skuldar å engasjere seg har og fått ein ny dimensjon denne våren gjennom koronaepidemien. Ungane må bere ein stor del av byrdene for at vi gamle ikkje skal bli sjuke ved at dei har måtta halde seg heime frå skolen og borte frå leikekameratar og fritidsaktivitetar.  Det viktigaste vi kan gje dei tilbake er å kjempe for at § 112 skal få eit konkret innhald!

Bjørg Strand og Tove Indregard
for Besteforeldrenes klimaaksjon Arktis, Tromsø og omegn

Bjørg og Tove er pensjonerte norsk/tysklærarar frå vidaregåande skule. Dei har vore aktive i miljørørsla i mange år, og sit begge i det lokale styret av Folkeaksjonen oljefritt  Lofoten, Vesterålen og Senja. Og så er dei bestemødre til to barnebarn kvar.

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Steinar Winther Christensen | 16.05.2020

    Jeg blir oppriktig glad og stolt over et innlegg som dette, som setter klima og søksmålet i det rette perspektiv. Tidligere hadde jeg ikke så stor tro på den rettslige kamp mot staten. Men tidene forandrer seg og de faktiske klimaforhold er ikke bestridt. Når politikerne svikter naturen og klima og barnas fremtid, er å håpe at Grunnlovens 112 av Høyesterett gir oss alle det rettsvern som kreves.

  2. Steinar Høiback | 17.05.2020

    Enig med min navnebror, en meget god artikkel.
    I tingretten ble det argumentert fra statens side at vi ønsket å rettslig-gjøre politikken.
    Det gir jeg regjeringsadvokaten rett i, personlig ønsker jeg det.
    Jeg ønsker en debatt som synliggjør hva som er politikernes handlingsrom, og hva som ikke er politikkens handlingsrom.
    Politikken skal anvendes innenfor de rammer som Grunnloven setter opp, innenfor de rammer som internasjonale tilsluttede avtaler setter opp og i fremtiden med en revidert Grunnlov, innenfor planetens tålegrenser.
    God 17. Mai

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*