Sykler videre for klima

normann tromsø

Normann Natland på kaia i Tromsø 13. mai. Foto: Torben Marthinus

Fra ITROMSØ fredag 15. mai: «Onsdag formiddag samlet en håndfull klimakjempende besteforeldre seg på kaia ved Stortorget. Der tok de imot den 68 år gamle bergenseren Normann Natland som i disse dager er i gang med et ellevilt prosjekt om å sykle fra Alta til Bergen.» Normann selv var imponert over hvor mange Tromsø-pensjonister som er engasjert for klima, skriver avisen.

– Dette er en fantastisk måte å få sagt at også de eldre ønsker å gå i spissen og få fram budskapet. Sykkelen er også det rette framkomstmiddel, sier Ingunn Elstad til iTromsø. Hun er leder for lokallaget av Besteforeldrenes klimaaksjon, som har rundt 70 medlemmer, og gjerne vil ha enda flere. – Mange eldre er bekymret for klimaet, men da er det viktig at man spør seg selv om man kan gjøre noe mer enn å sitte i gyngestolen og strikke, skyter styremedlem Torben Marthinus inn.

På veien igjen – etter en tøff start på turen

Etter en etterlengta hvilepause i Tromsø går Normanns ferd videre sørover, mot Sortland i Vesterålen. På sin facebook-side har han gitt en levende skildring fra de tre første dagene:

Dette er ei reise eg opplever som riktig for meg. Det er ein lang tur på sykkel, 2200 km. Eit stort dykk inn i eigen vilje på leit etter styrke til å gjennomføra ei REISE FOR KLIMA slik at mine og dine barnebarn kan få ei framtid der det er leveleg for flest mogeleg.

Foto: John Moldskred

Turen starta frå Alta søndag 10 mai, og eg fekk følgje av fleire ‘gamlingar’ som kjempar for klima og miljø. Det var vakkert ver, sola skein frå klår himmel og med lett vind i ryggen – då er livet lett å leve sjølv om telt, sovepose og alt eg har med meg er temmeleg tunge saker. Eg hugsar for åtte år sidan då eg sykla her med fetter Bottolf. Vi hadde vinden og regnet midt i trynet og med 3-4 grader vart Langfjorden veldig lang.

På fjellet over til Alteidet var det over to meter snø på bar bakke, men på ei lita kaffistove midt oppå høgda fekk eg servert den beste eplekake og kaffi. DEILIG!! Og ho som styrte sjappa, ho kjente han som eig huset eg har budd i frå januar til eg no sykla av garde. Verda er lita, alle kjenner alle her i nord.

Så kom Burfjord, ei vakker bygd – men eg hadde gløymt kor helsikes tungt det var å krysse over fjellet opp til Undereidet. Men makrell i tomatsaus gjer underverk med ein sliten gamal kropp. Og der framme i fjæra var det sanneleg snøfritt! Sola gav varme, teltet vart satt opp, suppe vart laga, eg kunne krype ned i soveposen og sovna tidleg den kvelden.

Første kvelden, med utsikt fra teltåpningen til ren idyll i Sørstraumen i Kvænangen. Senere ble det verre.

Før eg sovna var eg innom Yr og fekk sjå at Kvænangsfjellet kunne verte stengd neste dag, det var venta kraftig vind og snø. Då vardet ikkje noko val. Det var berre å komme seg på beina kl. 5, pakke saman alt, sette seg på sykkelen og tråkke i veg opp fjellet. Sola skein, ikkje vind og fjellet heilt for meg sjølv – ja, utanom nokre harar og ryper som var nysgjerrig på meg. På toppen kl. 8, vindstille og uuuuutruuuuleg vakkert utover heile Kvænangsfjorden. Turen ned frå fjellet, bikkjekaldt i skuggen frå sola – aleine og i ei jækli fart nedover. Nede i botnen måtte eg sjekke, – og «jau, det var liv i fingrane mine, og eg kjente eg hadde eit andlet».

Langs fjorden inn til Storslett gjekk turen som ein leik, og her vart det stor handel. 2l mjølk, eit brød, 5 bananar, og 2x100gr mørk sjokolade – eit herremåltid! Moro var det også å bli kjend att av folk som hadde lese Altaposten, sett bilete av meg og høyrt meg snakka i «UTELIV» sundag morgon. Eg var nærast lokal kjendis der eg sat ved inngangen til Coop Extra.

Langs Straumfjorden mot Storslett.

Då skifta plutseleg veret frå sol til skyar og kraftig vind, – det var som å skru på ein brytar. Frå Storslett var det å sykle over Sørkjosfjellet, tunnelen er stengt for syklistar – og steikje ta, det var tungt opp bakkane. Og då eg nærma meg toppen, siste huset var nett passert, då var ikkje vegen brøyta lenger, – og eg måtte returnera og sykla gjennom den forbodne tunnelen likevel. Midt inni kom ein bil opp på sida av meg, stogga i ei lomme, ei kvinne kom ut, fortalde mildt kor farleg det var og gav meg ein refleksvest.

Inn Lyngenfjorden var vinden sers kraftig, eg trur eg hadde etepause kvar mil innover. Fleire ørner følgde etter, truleg venta dei på at eg ville falle av sykkelen av utmatting. Men eg klarte å komme fram til Olderdalen og fekk overnatte hos ein svoger til eit medlem av Besteforeldrene i Alta. Ein fantastisk mann med store kunnskapar om kultur, natur og menneskje. Dyktig treskjærar, og med veras beste heimelaga åkerbærlikør. Eg kjende meg rik etter denne kvelden saman med han.

Neste morgon, snø på vegen, lav temperatur og vind midt i trynet igjen. Etter ferjeturen frå Olderdalen til Lyngseidet kapitulerte eg og sette meg på buss 20 km til neste ferje. Då var eg komen i ly frå fjella bak Tromsdalstinden, gjekk eg av bussen og sykla dei siste 60 km til Tromsø. Det vart ein hard tørn i snøslaps på sykkel utan pigg, det skal innrømmast – men eg makta det, ein siger for eiga vilje. Veret kan eg ikkje gjera noko med, men jammen er det mykje eg kan gjera med eigen styrke.

">
Spre kunnskap –
del denne saken!

2kommentarer

  1. Steinar Winther Christensen | 15/05/2020

    Bedre ambassadør for klimasaka må vi lete lenge og langt etter. Stor takk til Normann fra landsstyret i BKA! Og god og trygg tur videre! Vi heier voldsomt på deg.

  2. Finn Bjørnar Lund | 15/05/2020

    Normann har vært maksimalt uheldig med mai-været, og det er jo fantastisk hva han har maktet. At Sørkjos-fjellet (som vi også kaller Rotsund-fjellet lokalt) ikke var brøyta var svært dårlig gjort. Noen i Vegvesenet må skjerpe seg!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*