Nyttårsynskjer frå Lom

Screenshot 2020-01-11 at 04.57.25
Lom sett frå Nonshø. Foto: Torgeir Garmo

Øvst oppe i Gudbrandsdalen har Torgeir Garmo bygd opp det kjende steinsenteret sitt, og derifrå har han drive med miljøvern og økopolitikk heile sitt vaksne liv. Han er sjølvsagt medlem av Besteforeldrenes klimaaksjon. «Men når ein bur ute i ein utkant er det ikkje så greitt å vera med på møte og aksjonar.» Nokre tankar ved inngongen til eit nytt år vil han likevel dele med oss. 


Enda eit år har vandra ut av våre liv. Håret tynnest og kroppen trøytnar fortare enn før. Dette er ikkje egentleg trist, berre Tidas jamne gonge gjennom ei æve vi eingong føddest inn i og som skal stå att etter oss når våre praktbygg er smuldrande sement på slettelandet.

For ein mann som har granska skrift i stein og mæld tida i millionar år blir menneskelivet ei knapt synleg stripe i sanden som ein gong skal bli til ny stein. Den blå planeten skal svæve vidare rundt ei gavmild stjerne på evig vandring gjennom kalde rømder.

Snart har eg hatt åtti gode år på denne kloten som eg eingong arva frå farne slekter i slutten av ein stor krig. Det var eit rikt land med tømmergrå gardar og fossande elver med klårt vatn. Vi rakte stigen til fjells gjennom vårgrøne skogar og møtte vigga med blånande fjell bak nakne høer. Langt der nede låg slitet og kvardagen, og sjølv på dei myrkaste av dagane i året kvilde ei stripe av solgull her oppe mot himmelleitet.

Dette var landet vi arva, og slik skulle vi eingong gjeva det vidare til nye slekter, trudde vi.

Det er berre åtti år sia. Frå Nonshaug ser eg bygda breie seg ut, som før ….

Men ikkje heilt, kanskje ? Eit nettverk av flater og striper av grå asfalt er bilens leikeplass og bidt husa saman til eit travelt bygdesenter. Det gamle jordbruksamfunnet klorar seg fast i dalbotnen og skyt blakke teigar opp mot vintermyrke skogar. Innafor holete hafeller gror bøane sakte att av krattskog, det er lengre mellom menneska i denne bygda enn eg minnest. Og det eg ikkje kan sjå frå svaberget mitt på Nonshø er dei tunne stripene av glasopor langs snaue strender etter storflaumen i fjor , tiåras søppel sanda ned i elvefara, skrothaugane i skogbrynet og det aukande innhaldet av drivhusgassar i lufthavet.

Med makt og maskinar er det urgamle naturlandskapet teki i bruk og forma om i vårt bilete. Og kanskje måtte det bli nettopp slik når kapitalismen med teknologien som vegvisar og pengane som målestokk tok over menneskesamfunnet? For lever ikkje nettoppp vi i Verdas lykkelegaste land rekna etter forbruk og livslengde og brutto nasjonalprodukt ? Sorglaust har vi sprengt nye vegar inn i audemarka og bygd skitrekka våre mot urøyvde høer, vi har hogd urskogane ut og fyllt dei viktigaste biotopane med hytter og fritidsparkar. Tanken streifa oss ikkje eingong om at dette var menneskets felles eige, gjeven ein gong for alle, til alle menneske til alle tider.

Mitt livsspenn er berre åtti stutte år. Alt dette har eg vore med på. Kven er EG? Kven har gjeve MEG retten til å bruke opp all denne naturen ? Eg er berre eitt menneske. Det var vel to milliardar av oss da eg kom, nå er vi meir enn 7,5 milliardar, og for kvart år blir det 80 millionar fleire av oss. 

Kanskje er ikkje dei som kjem etter meg interesserte i 2 % årleg lønsvekst heller slik regjeringa har lova meg, 2 % meire å forbruke, 2 % meire til bruk og kast, kvart år ! Kanskje er dei meire huga å vandre langs ein syngjande bekk ein morgon av tidleg vår, å kjenne dufta av dei fyrste blomane og høyre fuglane kvitre i nakne tre? Kanskje er dei som kjem etter meg meire interesserte i å arve 2 % meire urskog enn fleire firefelts motorvegar?

Eg veit ikkje. Kanskje tek eg feil? Kanskje har investorane rett, dei som vil fylle fjellet med hytter og heisar og utvikle urøyvde dalar til pengemaskiner for ein stressa turistflokk? For, som ein av dei seier i intervjuet med stjernejournalisten: Vi må ha økonomisk vekst! Vi må ha nye arbeidsplassar! Sjølvsagt ser vi klimaproblemet og har for lengst blanda 10% biodiesel i drivstoffet, kvart år gjer vi det 5% dyrare å sleppe ut CO2. Berre spør Erna og Equinor om kor flotte planar vi har for 2050!

Sikkert, for da er dei som nå vedtek planane for lengst ute av politikken og slepp å stå til rettes for det dei ikkje gjorde. Men for denne valperioden skal vi halde fram med å prøve alt anna småpirk som knapt virkar, men som heller ikkje støyter veljarane våre frå oss!

Derfor må nyttårsynskje frå ein gamal mann ved inngangen til eit nytt tiår bli: Slutt å bruke milliardar på å leite etter meir etter det vi alt har for mykje av, og start den einaste politikken som virkeleg kan berge Jordas klima: Utfasinga av kol, olje og gass frå norsk sokkel og frå alle andre produsentland!


Torgeir Garmo er profesjonell amatørgeolog. Gjennom mange år har han bygd opp Fossheim steinsenter i Lom. Femti-seksti tusen menneske er innom senteret i året. Klassikaren hans «Norsk steinbok» frå 2003 fekk i 2017 sin avløysar i «Norsk mineralbok». Boka inneheld omtale og flotte bilete av 150 norske mineral. 

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Tone Toft | 12.01.2020

    Jeg synes det er sterkt og berørende å lese Torgeir Garmos tanker inn i det nye året. Teksten og språket har en egen rytme, ja den rene poesi!
    Dette er virkelig til ettertanke… i løpet av så utrolig kort tid har vi skapt et samfunn som vektlegger verdier som nå fører oss på ville veier… mot avgrunnen.
    Torgeir stiller mange gode spørsmål mot slutten.. og vi er mange som forsøker å navigerer etter et tidsriktig kompass. Vi som har opplevd natur og miljø fra en annen tid må sammen med ungdommen fortsette å kjempe for å bedre Jordas helsesituasjon selv om politikerne og styresmakter klamrer seg til sine kortsiktige mål.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*