– Kutt oljeproduksjonen

Storting_plattform (2)
Equinor og norske parti vrenger og teier om openberre fakta rundt norsk oljepoduksjon, hevdar Jørund Vandvik. Ill. ved Ola Dimmen

I store annonsar fortel Equinor oss, at norsk olje og gass er viktig for å redusera den globale oppvarminga. Diverre er dette kvitvasking og rein bullshit, skriv Jørund Vandvik, tidlegare adm. direktør i Nordea Liv. Til liks med fleire samfunnsøkonomar meiner han det vil vera fornuftig, også økonomisk, å begrensa produksjonen og skru att oljekranar. Då kan vi òg få ei verd som etterkommarane våre kan leva i.

ER DEN SISTE OLJA NORSK?
Av Jørund Vandvik

Varmebølga i sommar har vore herleg, iallefall for meg som stort sett har vandra omkring høgt i den norske fjellheimen. Kortbuksetemperatur 2000 meter over havet gjer godt. Samstundes minner dei stadige hetebølgene og varmerekordane oss om at noko er alvorleg galt med klimaet på kloden.

■ Nivået av CO2 i atmosfæren har stige bratt etter den industrielle revolusjonen, med ei global temperaturstiging på éin grad som resultat. Éin grad varmare klode er til å leva med for dei fleste av oss, men flyktningstraumen gjennom Mexico blir delvis forklart med sviktande avlingar lenger sør som følge av klimaendringar. Så også dagens oppvarming har sine konsekvensar.

■ Ei oppvarming av kloden med to grader blir rekna som grensa for kva som er «til å leva» med for våre barnebarn. Aller helst bør oppvarminga stansast på 1,5 grader. Dagens utslepp indikerer ei oppvarming på omlag tre grader. Det er eit skrekkscenario for våre etterkommarar. Det er ikkje utan grunn at CIA ser på global oppvarming som ein stor fare for global tryggleik. Blir kloden for varm og tørr til matvareproduksjon rundt ekvator vil til dømes dagens migrasjonsstraumar over Middelhavet og gjennom Mexico bli som eit musepiss samanlikna med det som kjem.

■ Midt oppi dette fortel Equinor oss, i store annonser, at norsk olje- og gassproduksjon er viktig for å redusera den globale oppvarminga. Vår produksjon er ein del av løysinga, ikkje ein del av problemet: «Det er viktig at den oljen som produseres, er så ren som mulig». Sitat Equinor.

■ Og det høyrest jo tilforlateleg ut? Dersom norsk olje er mykje reinare enn all anna olje, er det vel betre at dei andre sluttar med sin oljeproduksjon først? Equinor si kvitvasking av norsk oljeproduksjon er diverre bullshit.

■ Det dei har dekning for å sei er at sjølve produksjonen av olje frå eksisterande felt gir mindre utslepp av CO2 enn i dei fleste andre land. Ikkje den reinaste produksjonen i verda, men ikkje så langt frå ein pallplass heller. Det dei ikkje seier noko om er: Utsleppa frå produksjonen av olje og gass er ein dråpe i havet samanlikna med utsleppa frå sjølve forbrenninga av produktet, olje og gass.

■ Og hovedårsaka til det relativt låge utsleppet frå norsk sokkel er elektrifiseringa av sokkelen. Straumen som blir brukt på norsk sokkel kunne alternativt vore seld til kontinentet, og der erstatta enda skitnare kolkraftverk. Elektrifisering av norsk sokkel er noko både Equinor og norske parti kan slå seg på brystet med, men om den fører til lågare CO2-utslepp er difor heilt i det uvisse.

■ Equinor og dei store partia i Norge tar også dei relativt sett låge utsleppa frå eksisterande norske felt til inntekt for å bygga ut nye felt. Det finnest det ingen faktagrunnlag for å gjera. Ein ting er kor rein produksjonen av eit fat olje er frå eit eksisterande felt. Tar du med heile leite- og byggefasen finnest det ingen dokumentasjon for at norsk olje eller gass er spesielt «rein». Eg har sjøl vore i kontakt med Equinor og etterlyst dokumentasjon. Den kom dei aldri med. Og sjøl om eg er lekmann på feltet, vil eg tru at CO2-avtrykket frå leitefasen er mindre i land der olja nærmast piplar opp av grunnen enn i Norge, der leiting og etablering av produksjonsfelt er ekstremt krevande.

■ Når Equinor og norske parti dels vrenger, dels teier om openberre fakta rundt norsk oljepoduksjon, er årsaka klar. Produksjon av olje og gass er ekstremt lønnsamt samanlikna med alt anna me driv med i landet. Ein arbeidsplass i «oljå» gir mange, mange gonger så mykje pengar i statskassa som einkvar annan arbeidsplass. Og utan inntektene frå oljeproduksjonen måtte utgiftene på statsbudsjettet vore barberte med minimum 20 prosent. Og det er ikkje akkurat mindre offentleg pengebruk som er fremst i pannebrasken på oss velgarar.

■ Så er det likevel grunn til å reisa spørsmål om utviding av norsk oljeproduksjon er det mest lønnsame Norge kan gjera i eit lengre perspektiv. Bergensadvokaten Pål W. Lorentzen har til dømes bedt Erna og co om å vurdera søksmålsrisikoen for Norge ved fortsatt oljeleiting. Vil øystatar som forsvinn, og landa som blir uleveleg varme, på eit tidspunkt gå til kollektivt søksmål mot statar som har stått for olje- og gassproduksjon?

■ Kvifor skulle dei ikkje gjera det? Røykarar gjekk til sak mot tobakksprodusentar, og vann. Serleg fordi tobakksprodusentane fortsette sin produksjon lenge etter at alle forstod at bruken av produkta var skadeleg. Ein treng ikkje vera jurist for å sjå parallellane til vår og andre sin oljeproduksjon, og skadar den medfører.

■ Det er heller ikkje sikkert at kutt i produksjonen vil vera ulønnsamt for Norge, samanlikna med dagens globale system der fokus er på kutt i forbruket av olje. Lykkest ein med det siste, altså forbrukskutt, vil pris på olje og gass falla. Går ein derimot over til eit globalt system med koordinerte kutt i produksjonen, vil prisen på olje og gass stiga.

■ Mindre oljeproduksjon, høgare pris for det som blir produsert, og ei verd som etterkommarane våre kan leva i, er det verkeleg så ille?

(artikkelen er tidlegare trykt i Bergensavisen, lagt ut her etter avtale med forfattaren)

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*