– Flyreisinga må ned

flyvinge

Universitetsfolk flyg som aldri før. Dei må begrense seg, meiner Gunnar Kvåle.

Universitetsavisa «På Høyden» i Bergen har utløyst ein livleg klimadebatt etter at dei synte at rektor ved UiB har fire gonger større klimaavtrykk enn nordmenn flest, og er ein «fly-versting» blant norske rektorar. – Det er eit leiaransvar å gjere noko med dette, seier professor emeritus Gunnar Kvåle. Han foreslår ei ordning med «karbonavgift til fordeling» for å få bukt med unødvendig flyreising.

Universitetet «skal gjennom systematisk innsats innen alle relevante miljøaspekter, gjøre sin del for å bidra til at verden når langtidsmålene i Parisavtalen og begrenser global oppvarming til 1,5 °C». Slik står det i Universitetet i Bergens sin handlingsplan for ytre miljø (2018 -2022). UIB er óg blitt offisielt knutepunkt for eitt av FNs 17 berekraftmål.

Men ein ting er ikkje særleg berekraftig, dokumentarast det i På Høyden 10 desember: rektors eigne flyreiser

Eit leiaransvar
–  Universiteta våre burde vere i front, ikkje berre i forsking omkring klima, men også når det gjeld å få ned klimagassutsleppa i eiga verksemd. Dét er primært er eit leiaransvar, fordi ein må gripe fatt i dette på systemnivå, seier professor emeritus ved UiB, Gunnar Kvåle, til På Høyden.

Kvåle har i mange år engasjert seg i klimakampen, mellom anna i Concerned Scientists, og i Besteforeldrenes klimaaksjon. – Det er viktig at tilsette på alle nivå reduserer reising med fly, sidan eg har forstått at universitetet etter planen skal vere klimanøytralt innan 2030, seier han.

Carlo Aall, som er professor i berekraftig utvikling ved Vestlandsforsking i Sogndal, seier at rektor Olsen «har tatt ein Solheim». – Universitetet, som kunnskapens høgborg, der haldning og handling skal dannast, bør gå i front for å kutte klimagassutsleppa. Når vi veit at flyreiser utgjer den største delen av utsleppa som skjuler seg bak ditt og mitt forbruk, er svaret gitt. Vi kan kort og godt ikkje halde fram på denne måten.

Universitets-KAF
Gunnar Kvåle har merka seg at rektor vedgår at «det er riktig å seie at vi så langt ikkje har noko løysing». I eit innlegg 12 desember foreslår han å innføre eit system for «karbonavgift til fordeling» internt ved universitetet: «Systemet ved en institusjon som UiB ville gå ut på at det legges en avgift på CO2 utslipp fra alle flyreiser som de ansatte foretar, eksempelvis kr. 5000.- per tonn, som belastes gruppen eller avdelingen der den ansatte jobber. Det som betales inn, avsettes i et eget fond. Som et eksempel vil da en gruppe eller avdeling med flyreiser som medfører utslipp for alle de ansatte svarende til 10 tonn CO2 på ett år, måtte betale kr 50 000.- inn til fondet. Neste år deles pengene fondet ut igjen, men da med en lik sum per ansatt ved avdelingen. Slik belønnes grupper som begrenser reisevirksomheten.»

">
Spre kunnskap –
del denne saken!

!Vær den første til å kommentere

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*