Norske oljemytar

drange vs søviknes

Klimaforskar Helge Drange på Osøyro, i samtale med Os og Fusaposten.

Som ordførar i heimbygda sør for Bergen vart olje- og energiminister Terje Søviknes kalla «trollmannen frå Os». Frå same stad kjem Helge Drange, som er ein av landets fremste og mest frittalande klimaforskarar. Når dei begge vert intervjua i lokalavisa går det som venta – dei er på ulike planetar når det gjeld forståing av kva som må gjerast. I ein kommentar skriv Bjørghild des Bouvrie frå Besteforeldrenes klimaaksjon at Søviknes berre driv med tåkelegging.

Nederlandske Bjørghild des Bouvrie er mangeårig organisasjonssekretær i Besteforeldreaksjonen. Ho bur i Fusa, som er nabokommunen til Os. Det er ikkje første gongen klimapolitikk vert diskutert i den lokale Os og Fusaposten, kan ho fortelje. –  Men det er sjeldan ein får det så tydeleg servert slik at alle interesserte kan sjå kor unnvikande og villeiande oljeministeren i røynda er! Og det gjeld ikkje berre han, men heile regjeringa og det meste av det politiske Noreg. Dei klamrar seg til myta om «den reine norske olja» og vil ikkje ta innover seg den alvorlege bodskapen frå Helge Drange og andre forskarar. Det synest heller ikkje som dei ser at landet kan havne i bakleksa både økonomisk og på andre vis, så fort som det no veks fram fornybare alternativ til olje og gass.

Intervjua med Terje Søviknes og Helga Drange kan lesast her: Os og Fusaposten 6. april

«Det viktige spørsmålet er heilt fråverande frå debatten: Korleis kan me få ned det globale utsleppet med 80-90-100 % dei komande tiåra?» Helge Drange

«Me tek vårt ansvar og gjer vårt.» Terje Søviknes

«Me får lov å spørja om dette er i samsvar med ‘å ta ansvar’ og ‘å gjera vårt’, som ministeren påstår at regjeringa gjer.» Bjørghild des Bouvrie: Villeiing som regjeringspolitikk

">
Spre kunnskap –
del denne saken!

3kommentarer

  1. Steinar Høiback | 11. apr 2018

    Flott at Drange står som en rakrygget påle i klimadiskusjonen. Vi trenger uredde, tydelige klimaforskere som sier det de ut fra sin forskning klart ser og kan dokumentere. Norge har behov for et «klimapanel» som justerer politisk tåkeprat. `Det store spørsmålet er som Drange sier, hvordan skal vi få ned de globale utslippene i de kommende tiårene?
    Regjeringen ser ut til å ville kjøpe seg ut av dette spørsmålet med henvisning til at vi som nasjon står for kun 2 % av utslippene globalt – regnestykket er forledende i det eksport og forbrenning av vår olje og gassproduksjon elegant skyves over på kjøperlandene.
    Takk til vår organisasjonssekretær Bjørghild for hennes tydelige svar, igjen har hennes pennføring bidratt til å få trollmannen fra Os til å virkelig se ut som en trollmann, i alle fall når det gjelder å villede det norske folk.

  2. Steinar Rundhaug | 11. apr 2018

    Har vi virkelig holdt våre forplikrelser når vi har øket våre utslipp av CO2 med over 3% i forhold til 1990 tallene. Sverige har redusert sine utslipp med ca 26% i samme periode. Nei det må bli en ny Stoltenbergmetode når 2030 nærmer seg.

  3. Laila M.Kvalsvik | 17. apr 2018

    Stor applaus til deg, Bjørghild des Bouvrie, sekretær i Besteforeldrenes klimaaksjon!
    Du er tøff og sier tydelig ifra, og jeg er virkelig stolt av å være medlem av samme organisasjon..
    Hurra for deg også, klimaforsker Helge Drange! Dere står på på vegne av alle oss andre og våre etterkommere! TAKK ! La oss håpe at politikerne «tør» erkjenne «sannheten».
    Det er ingen skam å snu , heller ikke i klimaspørsmålet….

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*