Ikkje imponert over klimadommen

1a5-Goliat-StrilBarents-DJI_0592-1090x817

GOLIAT er det første oljeproduserande feltet i Barentshavet. Striden i klimasøksmålet har stått om den siste konsesjonsrunda som åpna for utvinning lenger nord og øst er grunnlovsstridig.

Tingretten gjer det for enkelt for seg, seier jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde i et intervju med magasinet Energi og Klima. «Dei hopper gjennomgåande over gjerdet der det er lågast, og bryt det av og til ned for å få det lågt nok. Tingretten er dei første til å prøve ein slik sak etter denne paragrafen. Då har dei plikt til å avklare saka. Heile haldninga som gjennomsyrar dommen ber preg av at domstolen seier ‘ikkje kom med slike saker meir til oss’

Frå intervjuet

– I grunngjevinga legg dommaren vekt på at utslepp som er resultat av eksport frå Noreg ikkje er relevante. Kva tenkjer du om det?
– Mykje av argumentasjonen handlar om bidraga frå utsleppa er betydelege, i høve til tiltaka som vert gjort. Der seier retten at utsleppane er ubetydelege i global samanheng. Men om ein dråpe i seg sjølv er ubetydeleg i eit glas med vatn, betyr ikkje det at den siste dråpa er ubetydeleg. Og det er nettopp det som er argumentet til miljøorganisasjonane: Vi har kome til eit vippepunkt. Det tek dei ikkje stilling til. Dei legg i staden stor vekt på at Stortinget har sett på tiltaka som adekvate. Men då kapitulerer domstolen samstundes som prøvingsinstans.

– Her vart altså miljøorganisasjonane idømt saksomkostningar. Men dei tapte jo, er det ikkje berre rimeleg?
– Nei, fordi dommen i praksis tvinger frem ein anke. Etter 49 sider slår domstolen fast at han enno ikkje har avklart spørsmåla, men overlèt det til Høgsterett. Samstundes tvingar dei på fleire kostnader viss ein prøver saka i ein høgare instans. Slik skal det ikkje vere. Heile haldninga som gjennomsyrar dommen ber preg av at domstolen seier «ikkje kom med slike saker meir til oss». Samstundes er dei opptekne av demokrati heile vegen: Ein skal vere varsam med rettsleg prøving av noko som er demokratisk vedtatt. Men dette er eit viktig poeng dei styrer utanom: Prøving er ein viktig del av demokratiet. Staten er meir enn berre demokratisk valde organ. Vi må tvert om opne opp for at vi kan få fleire slike saker.

Les heile intervjuet i Energi og Klima:
https://energiogklima.no/nyhet/ekspertintervjuet-ikkje-imponert-over-klimadommen

 

">
Spre kunnskap –
del denne saken!

!Vær den første til å kommentere

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*