Med sang – ja, med sang!

sangere intens

«Du vet du er på Arendalsuka når du støter på en gjeng syngende pensjonister i Besteforeldrenes klimaaksjon», skreiv Aftenposten i sommar. Med sang inntok Besteforeldreaksjonen torget i Svolvær under markeringa for eit oljefritt Lofoten i august. Deretter song vi oss gjennom haustens valkamp. På vårt eige landsmøte song vi frå morgon til kveld, før og etter foredrag og debattar. Og alle songar, og alt fengande gitarakkompagnement, var ved Ola Dimmen.

Inga folkerørsle utan song
Den pensjonerte musikklæraren såg straks mulegheitene då han for nokre år sidan blei med i Besteforeldreaksjonen heime i Trondheim. – Å vere synlege ute på gata og synge ut bodskapen vår er det naturlegaste som finst. Mange tykkjer dessutan det er veldig kjekt å vere med på dette. Global oppvarming er såvisst ikkje noko muntert tema. Men det er verkeleg sant at «med sang blir vegen lett å gå», som det heitte i den gamle skolesongboka.

Ola minner om at song og musikk har spelt ei sentral rolle i alle dei store folkerørslene gjennom tidene, som til dømes lekmannsrørsla, og i arbeidarrørsla heilt attende til Marcus Thrane og arbeidarforeningane på 1850-talet. – Mange av oss vil óg hugse og var sjølve aktivt med i folkerørsla mot EEC på byrjinga av 1970-talet. Nokre seier vi vann fordi vi hadde dei beste songane! Det er vel å ta litt hardt i, men song og felles songglede må til for å skape samkjensle og det pågangsmotet som skal til, trur eg.

Alle songane til Ola med notar og besifring ligg samla på denne sida: Song og musikk i klimakampen.  Her finn du og ein liten musikkvideo med Besteforeldrenes rangleorkester i Trondheim.

Tekst og melodi like viktig
Dei fleste songane er laga etter det Ola kallar Vazelina-metoden: ta ein fengjande og kjend melodi og sett til ein ny tekst. – Når ein jobbar slik, vert ein veldig bevisst på kva ein god allsang-melodi er, kor viktig det er at han ligg innafor eit rimelig register for vanlege stemmer, at han har ei enkel form og slår an med ein gong.

– Og så må tekstane vere skikkelege og sakleg forsvarlege. Alt vi driv med er jo kunnskapsbasert. Men kunnskapen må koplast til kjensler og verdiar. Sjølv har eg tru på folket og folkemakta, og på at vi skal vinne fram. Alle vil jo det beste for sine barn og for framtida. Utfordringa er å få eit fleirtal av politikarar med på å gjere noko som monnar og slutte å tale med to tunger.

JOIK TIL LoVeSe: Ola på plass i Svolvær 2017, her med musikalsk hjelp av Oluf Dimitri Røe frå Trondheim og Ante Mihkkal Gaup frå Kautokeino. Foto: Anne Grete Torwick

VÅKN OPP, ERNA! Besteforeldrenes ambularende sangkor på Arendalsuka. Foto: Ivan Chetwynd

VI MÅ TA KLIMAVALG! Ola Dimmen vitja Bergen under valkampen og gjorde stor lukke mellom folk på Torgallmenningen. Her saman med Emilie Ulsnes Sommervold frå Naturvernstudentane.

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Kari Tveite | 08.01.2018

    Har vært så heldig å få oppleve denne sanggleden med Ola Dimmen her i Arendal.
    Det er flott at Besteforeldrenes Klimaaksjon kan markere seg på denne måten.
    Velkommen til Arendal i 2018.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*