Tar debatten med oljelobbyen

Erna_narr
Ola Dimmen nøyer seg ikkje med grundig og sakleg argumentasjon. Når han føler for det, set han tinga på spissen i sine satiriske fotomontasjar.

Kva argument møter vi i klimadebatten, frå politiske krefter som godtek at vi har eit alvorleg klimaproblem, men likevel motset seg dei omstillingane som må til? Og korleis skal vi møte desse argumenta? Besteforeldreaktivist Ola Dimmen i Trondheim har gjort eit forsøk på å systematisere dette. – Eg tenkjer at ei slik argumentliste som eg har freista å lage kan vere ein viktig reiskap for oss fram mot valet, seier han. I alle høve er det viktig for meg sjølv.

For ein betre og klårare debatt
Den omfattande argumentsamlinga finn ein her:
https://www.besteforeldreaksjonen.no/?page_id=37059
Dei vanlegaste argumenta frå oljebransjen og regjeringa er sortert i 18 hovudbolkar, med eit titals motargument for kvar av dei, ofte med referansar til artiklar, rapportar, osv. – Det er basert på det eg har klart å plukke opp gjennom de siste året og er sjølvsagt ikkje eit avslutta arbeid. Tvert imot er det noko som heile tida er i utvikling, og aldri kan bli korkje fullstendig eller bra nok, seier Ola Dimmen. Send gjerne fleire argument og motargument til meg viss du kjem på noko, eller spørsmål og innvendingar for den saks skuld: oladim@online.no

– Lat meg elles understreke at det er fritt fram og opp til ein kvar korleis ein vil bruke dette. Du kan ta deler av det, omformulere, leggje til og trekkje frå etter hjartans lyst. Lat hundre blomer bløme, som det heitte på syttitalet! Heile poenget med dette initiativet er å bidra til at vi i klimarørsla kan bli betre rusta til å engasjere oss i debatten, og sjå kva argument vi vil møte når vi no skal prøve å få klima høgt opp på agendaen i valkampen.

Ola seier han opplever det som eit stort problem i Noreg at det er så mykje dobbeltkommunikasjon ute og går. Landet vårt er typisk nok mellom dei ivrigaste til å underskrive Parisavtalen og liknande. Vi lovar 40 prosent utsleppskutt innan 2030. Samstundes ser vi at utsleppstala ligg stabilt høgt over dei fleste andre land, og at vi er mellom dei mest pågåande når det gjeld oljeutvinning i Arktis. – Eg let meg stadig vekk forundre over at så mange politikarar og andre får dette til å hengje i hop, og ikkje vert plaga av det eg opplever som sjølvmotseiingar og tilslørande retorikk. Eg vonar argumentlista mi kan vere til hjelp for dei som prøver å få til ein ærlegare debatt med reinare luft og klårare vatn. 

FRÅ ARGUMENTSAMLINGA: 


 

 

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Kristin Aspelund | 05.12.2016

    Takk Ola !
    Kjempebra å få ei slik plukk-liste som er både gir god oversikt og har korte greie setningar til hjelp i innsatsen fremover.

  2. Harold Leffertstra | 09.12.2016

    Enig med Kristin. Veldig bra Ola! Jeg kommer til å se nærmere på dette i tiden framover og se om jeg kan bidra med noe.

  3. Linda Rundquist Parr | 15.12.2016

    For en imponerende samling av motargumenter. Hjertelig takk, Ola. Vi tenker å legge opp noe kursing av oss BKA’ere før valget nettopp for å vite hvordan vi kan ta hull på de vanlige argumentene vi møter i klimadebatten. Jeg kan tenke meg også noen motargumenter til: «Men det hjelper ikke hvis jeg slutter å bruke bil og spiser mindre kjøtt»-holdningen. Jeg kommer tilbake til dette.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*