• EMNER:
  • PUBLISERT:
    onsdag 4. jan 2017
  • AV:
    Redaksjonen

Eg trur på skaparkraft som smittar

kari-bye-2«Har du nokon gong lytta til jorda? Ja, jorda snakkar, men berre til dei som kan høyra med hjarta. Den snakkar på tusen ulike måtar, men nett som kjærastar og familiemedlemer og vener, sender den ofte meldingar utan ord. For du veit, jorda snakkar på kjærleiksspråket», skriv Kari Bye frå Voss. Ho er formgjevar og skribent, engasjert i skapande og berekraftig utvikling, og er nett blitt med i Besteforeldrenes klimaaksjon. – Det er forresten ikkje mine eigne ord, dette. Det er noko las eg i ei bok ein gong i Colorado, som heitte ”The Earth Speaks”, skrive av den amerikanske miljøfilosofen Steve van Matre.

Fjellet sitt språk
Det er særleg fjellet som snakkar til meg, om eg er i Rocky Mountains eller heime i Vossefjella. Her som eg voks opp er det og historien om barndom og oppvekst knytt til landskapet. Eit anna sitat frå same boka: “Gå opp i fjellet og ta i mot det gode  som finst der. Naturen sin fred vil strøyma inn i deg som solskin fløymer inn i trea.Vindar vil blåsa noko friskt inn i deg, stormar gje deg sine krefter, medan sut vil bli borte som lauva fell av om hausten.”   

Det var far min som hadde ei nærheit til naturen, og som var mottakeleg for den styrkande åndskrafta i den. Han snakka ikkje så mykje om det, men av og til finn eg ord uttrykt av andre, som seier det eg opplevde med han. Det var lærdom i å vera til stades med han, dela opplevinga av å gå oppover ei fjellside, kjenna rytmen i kvart fotsteg mot jorda, fyrst sakte, i pakt med pusten i motbakke, og fortare når me kom opp på vidda – alltid kjenna balansen mellom kropp og livspust.

Som tenåring var det ofte godt å koma heim og leggja frå seg skulebøkene, byta sko, og setja kursen oppover fjellsida. Fjellet sitt språk forstod eg. Både kropp og sinn tok det til seg. Eg kjende meg omfamna av ei livsånd som ville meg berre godt, ei kraft som fornya, og tok meg til seg så eg vart eitt med alt. Eg trur det var slik far kjende det her, at hans eigen livsprosess var eitt med Skaparen.

Det beste i seg sjølv og kvarandre
Ei livsånd som vil meg berre godt, må ein ut i naturen for å oppleva det? Korleis kan ein ta den med seg ned att i bygda, inn i kvardagen? I ferietida høyrer ein ofte om at folk vil vekk frå stress og uro. Fornya seg i annan omgivnad. Korleis kan ein få gode opplevingar til å vara? Eller kva er det som skapar dei gode opplevingane i vår tid?  

Folk i dag skal realisera seg, og finna si individuelle tru og livsstil. Det er ei tid for konkurranse og egoisme, er det sagt. Då ser ein ikkje heile bilete. Å realisera seg sjølv skulle handla om å få tak i det beste i seg sjølv, og slik løfta fram det beste i kvarandre. Ei livsånd som vil oss godt, slik  jorda snakkar ”på kjærleiksspråket.”

Ein god ven i Colorado, David Karchere, seier det slik: ”Kvart forhold mellom menneske kan bli ein kjærleikssamtale, ein samtale som viser omsorg, eller glede, eller handlar om å få fram det beste i kvarandre. Viss du misunner eit anna menneske er det vanskeleg å vera kjærleg, spesielt viss du let deg bli styrt av denne misunnelsen. Viss du er redd for at det er noko du har som kan bli tatt i frå deg, då er det og vanskeleg å ha ein kjærleg samtale.”     

Skapande straumar
Historiar om misnøye, mistillit og hat, terrorhandlingar, kamp og uro i verda, slikt som splittar får mykje merksemd. Men det er så mange andre historiar om det som hender i livet, om folk som møter kvarandre med godhug, som med ei pionerånd arbeider for ei betre verd. Det er noko nytt på gang mellom menneske, ei utvikling med andre verdiar, skapande og berekraftig, ofte lite synleg, men til saman er dette skapande straumar som sakte blir som elvar, og dei fløymer inn i landskap der gamle strukturar og dogmer, som ikkje er tenlege lenger,  går i oppløysing. Det er ny innsikt og ny erfaring som ikkje kan passast inn i tidlegare tankesett.

Ein kan ikkje lækja eller reparera alt som har gått galt i verda, men ein kan gjera noko der ein er. Ein kan la seg inspirera av ny innsikt, og la seg leia av åndskrafta som bur i oss.  Ved å lytta med hjarta, vera fullt til stades i sin eigen livsprosess, kan ein styrka både seg sjølv og fellesskap og miljø ein lever i. Det er ei skaparkraft som smittar. Og ein står på tryggare grunn og betre rusta til å møta livsutfordringar.

Det gjeld ikkje berre å finna fred, men å ta med seg eit språk med godhug inn i kvardagen, og kanskje oppdaga at å lytta med hjarta gjev ny innsikt. Ein høyrer noko som kjem frå ein høgare dimensjon. Det er slik det kan bli sameining av land og menneske. Og det er gjennom kontakt mellom individuelle menneske og grupper at bevisstheit om sameining vil få gjennombrot i den kollektive bevisstheita, og slik forma framtida.

                                        

Kari Bye er smykkekunstnar og designar på Voss, har budd mange år i Colorado, USA.

Kari Bye er smykkekunstnar og designar på Voss, har budd mange år i Colorado, USA.

3kommentarer

  1. Harald Smedal | 5. jan 2017

    Gode ord, Kari! Ord som varmer og roer ned i alt det negative og stressende fra media.

  2. Christian F. Holst | 6. jan 2017

    Takker for disse gode ord. Kari. Ja, innerst inne tror jeg på en endring i hver og en av oss. Det er en kraft som sprer seg fra menneske til menneske. Det blir en oppvåkning. Denne oppvåkning vil gi en bedre verden. Vi vil se at vi alle er en del av et større hele. Sagt på en annen måte: Skader vi et annet menneske, skader vi oss selv. Gjør vi godt mot andre, gjør vi godt mot oss selv. Det er fordi vi alle er en del av den samme helheten.

  3. Thelma Kraft | 11. jan 2017

    Takk for at du kom på vår klimadugnad på Voss, og stor takk for at du meldte deg inn i denne flotte organisasjonen. Det du skriver er til inspirasjon og ettertanke – og av en eller annen grunn begynte jeg å tenke på et par strofter i diktet til Rudolf Nilsen:
    Revolusjonens røst;
    «Gi mig de brendende hjerter, som aldri gir tapt for tvil,
    som aldri kan kues av mismot og trues av sorger til hvil,
    men møter hver seier, hvert nederlag med det samme
    usårlige smil.

    Ja gi mig de beste blandt dere, og jeg skal gi dere alt.
    Ingen kan vite før seiren er min hvor meget det virkelig gjaldt.
    Kan hende det gjelder å redde vår jord. De beste blandt
    dere er kalt.»

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*