• EMNER:
  • PUBLISERT:
    mandag 15. aug 2016
  • AV:
    Redaksjonen

– Framleis mogleg å gjere meir

Gunnar KvaleDet kan synast som om det skjer mykje på klimafronten i Noreg. Alle parti snakkar om trongen for eit grønt skifte. Det skortar likevel på handling som monar, registrerar professor i internasjonal helse, Gunnar Kvåle. Han har i mange år vore aktiv i Besteforeldreaksjonen og ein profilert klimadebattant. Framleis er det som kjend nokre som fornektar det klimavitskapen viser. Dette kan bidra til at mange blir førde bak lyset, og til å tru at me trygt kan halda fram utan naudsynte endringar i liv og samfunn. Hovudårsaka til manglande handlingsevne er likevel ei anna og har med velkjende mentale barrierar å gjere, trur Kvåle.

Viktig psykologisk forsking
Forskar Per Espen Stoknes ved Handelshøgskulen BI har i mange år vore oppteken av å finna ut kva som er årsakene til at sjølv med solid kunnskap, går det heller seint med å skapa dei endringane som må til for å unngå alvorlege klimaskadar. Han har skrive bok om ulike psykologiske barrierar som gjer at mange ikkje gjennomfører endringar i eige liv og let vera å arbeida for nødvendige politisk endringar.

stoknes book

Alvorlege konsekvensar råkar primært andre
Sjølv om me òg her heime opplever at klima er i endring, med meir ekstremnedbør, ras og sterkare stormar, opplever me i det daglege ikkje dei mest alvorlege konsekvensane. Tørke, avlingssvikt, store skogbrannar og andre alvorlege klimarelaterte hendingar råkar primært andre enn meg og mine. Havstigning råkar fyrst og kraftigast land langt borte, Stillehavsøyene og land som Bangladesh.

Alvorlege konsekvensar som vil råka oss her heime, kjem lengre fram i tid. Mange ser difor ikkje på klimaendringane som ei akutt krise og forstår ikkje at det er no me må gjera det som skal til for å redusera skadane som i framtida vil råka våre born og barneborn. Ein stor del av klimagassen CO2 som me slepp ut no, blir verande i atmosfæren i mange hundre år.

Psykiske barrierar
Dersom me gjer noko anna enn det me veit er rett å gjera, opplever mange eit ubehag. Det er ikkje godt for oss psykisk om me held fram med å bruka like mykje fossilt brennstoff som før, når me veit at dette fører til global oppvarming. For å kjenna seg betre, kan nokon finna det lettare å fortrengja eller laga seg grunnar for å tvila på eller fornekta kunnskapen om klimaendringane, enn å gjennomføra dei endringane me veit er nødvendige. Me må snakka sant om klimaendringane, men bodskapen må òg visa til alt det positive eit aktivt klimaarbeid vil føra til.

Slike psykiske barrierar som Stoknes skriv om, kan vera noko av forklaringa på kvifor klimagassutsleppa ikkje har gått ned, verken i Noreg eller globalt og at kloden blir stadig varmare. 2015 var det varmaste året sidan systematisk temperaturmålingar starta og 2016 er på veg til å bli endå varmare.

Saman blir me sterkare
Åleine kan ein føla seg hjelpelaus. Å arbeida politisk eller søkja saman i organisasjonar og sosiale nettverk som tek klimasaka på alvor, kan hjelpa. Naturvernforbundet og Framtiden i våre hender har arbeidd med dette i mange år. Berekraftig liv-bevegelsen er i vekst, med avdeling både her i Os og fleire i bergensområdet og andre delar av landet. Andre eksempel er Miljøagentane, Natur og ungdom og Besteforeldrenes klimaaksjon.

Det er framleis fullt mogeleg å bremsa utviklinga mot ein endå varmare klode. Dersom etisk bevisste menneske gjer det som klimakunnskapen krev, både som einskildpersonar og som aktørar i samfunnet, kan mykje skje! Me veit at langt det mest av dei fossile ressursane ikkje kan brukast. Det er uansvarleg ikkje å ta omsyn til dette, slik norsk oljepolitikk er eit eksempel på. Dei fleste av oss kan dessutan utan store ulemper leva meir klimavenleg.

Me som er vaksne i dag må verna jorda for borna våre.

(Artikkel tidlegare trykt i Os & Fusaposten og BT)

2kommentarer

  1. Kristian Frederik Brandt | 21. aug 2016

    De fleste vet eller frykter for at vi ikke kan fortsette å leve som nå, med vårt forbruk, om vi skal nå målene satt i Paris. Men vi vil ikke endre vår livsstil hvis det innebærer å redusere vårt forbruk. Psykologiske barrierer må ikke bli en unnskyldning. Vi kan hvis vi vil. Så enkelt er det.

  2. Trine Eklund | 22. aug 2016

    Det Militære kompleks er verdens største forurenser, men nevnes aldri i debatt eller diskusjon. Vil BKA ta fatt i problemet med at Det militære er utelatt fra vårt felles regnskap ? Ta ansvar for at det militæres forurensings potensiale kommer på dagsorden – det er ingen hellig ku som skal forskånes.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*