Sommarleg klimafestival i Trondheim

kristin ese knyttneveDette er andre året Klimavalgalliansen i Trondheim arrangerer ein klimafestival. Fjoråret vart ein suksess – noko vi håper å gjenta med over 35 ulike arrangement i uka 27 august til 3 september, seier Kristin Ese frå Besteforeldreaksjonen. Årsaka til at vi la festivalen 2015 til sommaren var kommunevalet. Då hadde vi heile 45 dagar med arrangement. Vi er klar over at Norsk klimanettverk arrangerer klimafestivalar rundt nyttårstider i Oslo og fleire andre stader, men har altså valt å gjera det til ein meir sommarleg happening også denne gongen. Det er nok lettare å få folk til å gå ut sommars tid enn vinters tid – i alle fall her nord for Dovre.

Ei innhaldsrik veke
Festivalen startar med ein parkdag i E.C. Dahls park for barnefamiliar og alle som ønsker eit avslappande, gratis tilbod med kastemat-buffet, små konsertar, reparasjonsverkstad, kunstworkshop, allsong med besteforeldra (!), gratis bøker, yoga, solgrill, elsyklar m.m. For barn og barnlege vaksne har vi Sirkus Agio, basselaging, båtbygging, skriveverkstad og endå litt til. Det blir stand med ulike utstillarar med miljøvennlege produkt, og folk vil få høve til å møta ulike miljøorganisasjonar som og vil ha stand.

Klimafestibvalen 2015: Kristin sammen med Åsta og Otto Martens i E.C. Dahls parken.

Klimafestivalen 2015: Kristin saman med Åsta og Otto Martens i E.C. Dahls parken.

Gjennom veka vil heile byen vera prega av aktivitetar, foredrag, kurs, workshops og kunst. Her er det noko for alle og einkvar – og alt er gratis. Frå det mangfoldige programmet kan nemnast: open dag i Kneiken felleshage, klesbytting, komposteringskurs og fermeteringskurs, elvepadling og soppkurs, ein smak av gjennvinningsøl (brygga på brødskalkar!), vintage- og redesign-fest, kokkekurs og filmpremiere (Don`t flush your Freedom). Og det er hagevandring i Stephen Barstow sin hage (hagen i Malvik med 2000 spiselege plantar).

Vi har føredrag om bærekraftig livsstil, om korleis ein kan redusera sitt klimafotavtrykk, om det er mogleg å ha eit bærekraftig landbruk. Det er presentasjon og workshop med det digitale verktyet Ducky, der ein utviklar ein plattform med hjelp til å leva bærekraftig. Men det er meir: Alternativ energi er eit tema; eit anna tema er klesindustien og arbeidforholda på fabrikkane; dokumentaren Rent og urent blir vist, og vi debatterer bydelen Elgeseter. Saman med FN-sambandet arrangerast det temadag om klima og flyktninger for den vidaregåande skulen. Natur og ungdom arrangerer konsertkveld for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senje. Veka avsluttast med ein stor konsertkveld på Brukbar/Blæst i samarbeid med Greenpeace med temakonsert om Grunnlova sin paragraf 112.

Stort meir har vi ikkje greidd å pressa inn på ei veke.!

Det er eit stort løft å arrangera ein slik dugnad. Det står mange frivillige bak, og festivalgruppa har hatt eit nært samarbeid med mange ulike organisasjonar og institusjonar (Besteforeldrenes klimaaksjon, FIVH, Spire, Fagforbundet, LO, Greenpeace, Natur og Ungdom, Naturvernforbundet m.fl) . Sjølv om Klimafestivalen har lagt seg på ei line med å bruka minst mogeleg med pengar har det meste ein pris. Hovudsponsor er Redu (Avfall Norge); andre sponsorar er Trondheim Bilkollektiv, Trondheim kommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune, pka-arkitektar, m.m.

Det er og andre arrangement i byen den første helga; som også fokuserer på sider ved klimadebatten og som ikkje er ein del av Klimafestivalen. På torget er det Gjenbruksdag, og torvet fylles av gode gjenbrukstilbud med moteshow og konsert, arranget av Trondheim Renholdsverk. Det betyr at Trondheim den 27. august og utover set fokus på miljø, klima og bærekraft. Poenget med slike store arrangement er å løfta fram og synleggjera klimasaken slik at stadig fleire blir med. Vi er mange – og vi skal bli fleire!!

Sjå progammet på nettsida: http://klimafestivalen.org

For Klimafestivalen Kristin Ese

Katemat-buffet ble en uksess under Klimafestivalen i fjor.

Kastemat-buffeten vart ein suksess under Klimafestivalen i fjor.

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*