Må bli meir fart i det grøne skiftet

Andrras Trondheim

God stemning i Trondheim då Andreas Ytterstad heldt foredrag om det grøne skiftet. Foto: Ola Dimmen

Tysdag denne veka arrangerte Besteforeldreaksjonen i Trondheim eit ope møte med primus motor i «Broen til framtiden» og redaktør av boka med same tittel, Andreas Ytterstad. Han orienterte om moglege vegar til eit grønt skifte, og tok opp det som ingen ser ut til å ville snakke om i norsk politikk: det globale karbonbudsjettet som set klåre grenser for kor mykje vi kan bruke av fossilt drivstoff viss vi skal unngå ei farlig klimautvikling. Norske politikarar er på gli, men må slutte å tru at vi kan få i pose og sekk, både fortsatt «oljeeventyr» og ein ansvarleg klimapolitikk for framtida. Det kan også bli ein økonomisk risikosport for landet vårt.

Elefanten i rommet
Alle som følgjer med og set seg inn i klimaspørsmålet, veit at 70-80 prosent av alle kjende fossile ressursar på jorda må ligge ubrukt viss det skal vere mogleg å avgrense den globale oppvarminga til 2 grader. Paris-avtalen går endå lenger og vil avgrense temperaturauken til 1,5 grader. Likevel vert ikkje dette tatt inn som ein premiss for norsk politikk, sa Yttersted. Tvert om; dei fleste ser ut til å meine at «det grøne skiftet» er noko som skal kome i tillegg til olje og gassaktiviteten. Vi kan kome til å bruke nærare 200 milliardar berre på leiteboring i Barentshavet, og staten dekker 80 prosent av kostnadene. Det ber galt avsted, både økologisk og økonomisk. Investoren Jens Ulltveit Moe har kalla satsinga for ei potensiell finansiell katastrofe.

Kommentar frå Ola Dimmen

Kommentar frå Ola Dimmen

Endringane kjem nedanfrå
Håpet for nødvendig endring ligg i utviklinga av fornybare energikjelder. Prisen på energi frå vind og serleg sol har falle dramatisk dei siste åra, og mange meiner det er fullt mogleg å legge om til fornybare energi  innan 2050. I følgje OECD kan 50 prosent av omstillinga kome gjennom energieffektivisering og smartare bruk av energi. I debatten etterpå var dette spørsmål som engasjerte sterkt, i tillegg til det materielle forbruket som mange meinte må ned, og som ikkje kan vere eit tabuemne.    

Noreg har teknisk kompetanse og økonomisk evne til å vere ein sterk aktør i det grøne skiftet. Mellom anna kan oljefondet brukast meir aktivt. Det må stillast krav om konkret satsing på grøne arbeidsplassar og omlegging til fornybare energikjelder. Det er også store etterslep på utbygging og vedlikehald på infrastruktur, energioverføring m.m, som kan skape mange nye arbeidsplassar viss staten vil bruke pengar på dette i staden for oljeleiting.

På dette viset kan markedet fungere positivt, ved at økonomiske aktørar ser at framtidig inntening ligg i grøn energiforsyning og ikkje i satsing på fossile energikjelder, sa Andreas Ytterstad. Men ei storstilt kursendring kan ikkje overlatast til markedet åleine, understreka han. Vi treng ei solidarisk løysing. Arbeidstakarar som blir ståande midt oppe i omstillinga skal ikkje måtte ta alle kostnadene – dette er fellesskapet sitt ansvar. Difor er óg alliansen mellom miljørørsla og fagrørsla så viktig.

 

3kommentarer

  1. Kristian Frederik Brandt | 22. apr 2016

    Hvis vi vil ha fart i det grønne skiftet, må vi bruke vår stemmerett og stemme på klimavennlige partier. Til hjelp for den som ønsket å bruke sin stemmerett for å påvirke politikken i en mer klimavennlig retning, rangerte Framtiden i våre hender partiene ut fra deres programmer. Meget nyttig! 🙂 Håper FIVH kan presentere noe tilsvarende til neste valg.

  2. Harold Leffertstra | 26. apr 2016

    For å få politikerne til å tørre å satse virkelig på det grønne skiftet må vi være mange som sier fra. Som motvekt til de som vil ha stø kurs – til 3, 4 eller flere grader. Vi må være mange som skriver under på opprop, deltar i kampanjer, demonstrasjoner, mange flere som blir medlem i miljø- og andre organisasjoner. Mange som snakker med andre for å bli enda flere. Nå.

  3. Bjørg Rasmussen | 2. mai 2016

    Ja, jeg er virkelig enig! Jeg har vært opptatt av en bærekraftig utvikling i årevis. Det tar altfor lang tid .

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*