Deltakar eller tilskodar i Hordaland

på vei mot bergen

Besteforeldrene i Hordaland har også tidlegare hatt spreke kampanjar. Her frå klimamarsjen frå Os til Bergen sommaren 2014, også den gongen med økonomisk støtte frå fylkeskommunen.

Med 50 000 kroner i støtte frå fylkeskommunen lanserer Besteforeldreaksjonen i Hordaland grasrotprosjektet sitt «Klimadugnad 2016». Målet er å styrkje forståinga for klimakrisens utfordringer, og bidra til meir klimavenlege haldningar og handlinger blant folk flest. Det dreier seg om at Paris-avtalen skal følgjast opp, og då er det ikkje berrre miljøorganisasjonane som må engasjere seg, seier dei. Eit dusin stader rundt om i fylket skal få besøk av besteforeldre i raude aksjonhattar, der dei skal utfordre både politikarar og andre frivillige organisasjonar og lag innan kultur og samfunnsliv, pensjonistlag, kyrkje, skule og bibliotek.

roll up dugnadGjeld å mobilisere breitt
Slagordet som er valt for kampanjen går rett på sak: «Vil du vere deltakar eller tilskodar?» – Hovudsaken er å få opp engasjementet, og forståinga for at klimamåla frå Paris berre kan oppnåast om kvar og ein av oss bidreg med vårt , sier leiaren i Besteforeldreaksjonen i Bergen/Hordaland, Thelma Kraft. Paris-avtalen vert ein papirtiger dersom vi ikkje har vilje til å følgje han opp i praksis – kvar nasjon, kommunar, organisasjoner, familiar, einskildmenneskje.

– Eg trur eg vil seie det så sterkt at det er eit spørsmål om menneskeverd, vår evne til i fellesskap å styre framtida vår, og ikkje overlate problema til barn og barnebarn. Det dreier seg om å sjå muligheiter og utvikle sin eigen handlingskompetanse.

Det økonomiske tilskotet frå fylkeskommunen er ein føresetnad for å gjennomføre ein slik kampanje, understrekar Thelma. – Vi skal jo reise rundt i heile fylket, til Nord- og Midt- og Sunnhordland, til Hardanger og Vossetraktene. Men det avgjerande er sjølvsagt at vi greier å mobilisere breitt. Generalprøven skal vi ha i Lindås 16. april, med ein klimadag på Knarvik Senter, i samarbeid med kommune, bibliotek og butikksenteret, og med deltaking frå fleire organisasjonar.

Aktiv deltaking
Når klimaseksjonen i Hordaland fylke deler ut middel til frivillige lag og organisasjonar, er det ein strategi som også har støtte i Paris-avtalen, der det i artikkel 12 heiter: «Parties shall cooperate in taking measures, as appropriate, to enhance climate change education, training, public awareness, public participation and public access to information, recognizing the importance of these steps with respect to enhancing actions under this Agreement.»

– Kort og godt tyder dette at folkeleg medverknad må til, seier Thelma Kraft. Ved Paris-avtalen er verdas land einige om at global oppvarming er reell, og at det er påtrengjande viktig at vi raskt får ned klimagassutsleppa. Høgutsleppsland som Noreg skal redusere sine utslipp før avtalen byrjar å gjelde i 2020. Det gjer oss alle ei kraftig marsjordre. Det er berre å setje i gong, og det er det vi i Besteforeldreaksjonen i Hordaland no har tenkt å gjere.

– Du velgjer sjølv om du vil vere ein passiv TILSKODAR til det som skjer med vår verd, eller om du vil vere ein aktiv DELTAKAR i arbeidet for å løyse problema. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko. Alle kan verte ein del av løysinga, ut fra sine føresetnader og sine muligheiter.

Besteforeldreaksjonen har på førehand sikra seg eit samarbeid med Bjerknessenteret for klimaforskning ved Universitetet i Bergen. Forskarar vil bidra med klimafaglege foredrag, med å kommentere og svare på spørsmål frå ulike hald. Kommunane på si side vil verte inviterte til å orientere om sitt miljø- og klima-engasjement, og gje status for sine klimaplaner.

Vi vandrer

2kommentarer

  1. Linda Rundquist Parr | 6. apr 2016

    Så bra at dere i Hordaland har engasjert både frivillige organisasjoner og fagfolk på Bjerknes. Dette må bli bra. Lykke til 16. april!
    Linda i Oslogruppa

  2. Ola Dimmen | 14. apr 2016

    Gratulerer med flott opplegg og proff organisering, dette blir bra! Lykke til!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*