Her lagar folk sitt eige toppmøte

iskanten paris
Den arktiske iskanten er kommet helt til Paris. Foto: Andrea Rygg Nøttveit / Framtida.no

På People’s Summit i Paris er ein skeptisk til klimaforhandlingane. Samstundes er trua på folkets kraft stor, fortel Framtida.no. Dei to journalistane Tora Hope og Andrea Rygg Nøttveit har følgt med heile vegen frå Oslo med Klimatoget. Dei fortel om gater fulle av dansande, syngande og smilande aktivistar, klovnar, mytiske figurar og korps. Det er herleg å vere del av dette, seier Steinar Rundhaug til avisa. Han utgjer baktroppen i det felles kostymet til Besteforeldrenes klimaaksjon. Dei har kledd seg ut som iskant, og no flyttar dei seg rundt som dei vil. – Akkurat som regjeringa flyttar rundt på iskanten nett som det passar, gliser bestefaren frå Haugesund.

Meiner Noreg driv dobbeltspel
Medan forhandlingane om klimaavtalen føregår i Paris, har olje- og energiminister Tord Lien vore i Brussel og jobba for at EU skal forplikte seg til å kjøpe store volum gass frå Barentshavet, ifølgje magasinet Energi og Klima.

Det går ikkje upåakta hen blant dei norske aktivistane i Paris. – Då vi reiste frå Oslo fekk vi beskjed frå klima- og miljøministeren om å gjere heimeleksa vår for å forstå at Noreg er eit føregangsland på klima. Eg lurer på om partane i COP21 kjøper Noregs image, seier Ola Dimmen frå Besteforeldrenes klimaaksjon.

– Mange har gjennomskoda oss, og peikar på dei mange norske paradoksa, som at vi er ein oljenasjon som vil vere føregangsland på klima. Noreg jobbar for en avtale som er skreddersydd for at ein skal halde fram med å vere ein olje- og gassnasjon, og ønskjer dermed ikkje formuleringar som kan avgrense dette, meiner Silje Lundberg i Naturvernforbundet.

Les heile artikkelen i Framtida.no:
http://framtida.no/articles/her-lagar-folk-sitt-eige-toppmote#.VmRIhmeFOM8

Foto: Andrea Rygg Nøttveit / Framtida.no

Foto: Andrea Rygg Nøttveit / Framtida.no

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*