Er meir og betre vegar alltid svaret?

Stein MRegjeringa lovar 40 prosent reduksjon i klimagassutslepp innan 2030. Det skal kuttast i mange sektorar, inkludert transport. Dette gjeld vel også for Vestlandet? spurte miljøkonsulent Stein Malkenes då han innleidde til debatt på eit møte om ferjefri E39 frå Stavanger til Trondheim, arrangert av Besteforeldreaksjonen i Bergen. Han meinte det finst meir framtidsretta måter å bruke hundrevis av milliardar kroner på. Den andre innleiaren, administrerande direktør i Bergens Næringsråd Marit Warncke, forsvarte prosjektet som ein føresetnad for vidare vekst, og ville ikkje gå med på at miljøomsyn krevjer noko omvurdering av planane.

Lite nytt under vestlandshimmelen…
Representantar frå samtlege politiske parti, med fylkesordførar Tom-Christer Nilsen i spissen, deltok i paneldebatten, der dei raskt delte seg i to leirar: medan MDG, Rødt og SV var samde med Malkenes og hadde mange av dei same innvendingane, sto alle dei andre, frå AP til Høgre, FrP og mellompartia, for grunnleggjande same syn som Warncke. Vi kan ikkje leve med «krøtterstiane» vi i dag har på Vestlandet, vart det hevda. Vilje til å prioritere mellom det kostnadskrevjande kystveg-prosjektet – til 268 milliardar skal vi tru dei siste berekningane – og opprusting av den farlege vegen mellom Voss og Bergen, var heller ikkje påfallande stor. Vi har krav på begge deler, meinte dei, pluss ny veg til Oslo over Haukeli i same slengjen.

Fleire såg ferjefri E39 som eit «miljøprosjekt», der mellom anna ekspressbussar vil erstatte fly mellom Stavanger og Bergen. Malkenes sitt hovudpoeng, som var at dei store pengane betre kan nyttast til å gjere Vestlandet til den første regionen som startar omstillingsprosessen innan transportplanlegging – «den smarte regionen» – vann lite gehør. Han meinte det ikkje let seg dokumentere at vegar har dei økonomiske ringverknadene politikarar liker å tru, og spurte: «Vil de krevje at det leggast fram ei heilskapleg samfunnsøkonomisk kost/nytteanalyse før de går vidare med prosjektet ferjefri E39?» Og: «Vil de krevje at regjeringa legg fram ei samla klima- og miljøvurdering av ferjefri E39 før de tek stilling til om prosjektet skal vidareførast?»

Det var det ikkje mange som var interesserte i å svare på denne kvelden. Dei frammøtte på Litteraturhuset i Bergen tykte heller ikkje dei var blitt så mykje klokare av debatten, som for det meste gjekk i kjende og føreseielege spor. – Eg hadde vel venta større vilje til å tenkje nytt når vi veit kor alvorlege klimautfordringane er, seier Thelma Kraft som er leiar for lokallaget av Besteforeldreaksjonen i Bergen. Det høyrest jo fint ut at utsleppa skal ned fordi trafikken skal elektrifiserast. Men kor realistisk er dette når vi tenkjer på at ein ferjefri 4-felts motorveg vil fleirdoble trafikken, og ikkje minst tungtrafikken som allereie er veldig stor. Dessuten kan vi ikkje berre sjå bort frå naturinngrepa dette gigantprosjektet vil føre med seg. Vi har ein landskapsarv å ta vare på, også.

Sjå óg: «Hallo der – har dere glemt noe»? Brev mars 2013 til regjeringa Stoltenberg om ferjefri E39, med krav om miljøkonsekvensutgreiing. Frå Besteforeldreaksjonen og fem andre organisasjonar.

Framtida er sjøen og lite energikrevjande sjøtrasport, meinte Stein Malkenes. Prosjekt Short Sea Pioneer (Maritime Clean Tech).

Framtida er sjøen og lite energikrevjande sjøtrasport, meinte Stein Malkenes. Prosjekt Short Sea Pioneer (Maritime Clean Tech).

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*