Kortsiktigheit: eit problem for global styring

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    onsdag 12. feb 2014
  • AV:
    Redaksjonen

framtidsombudTenk om det fanst ei usynleg hand som sytte for at våre egoistisk motiverte handlingar blei vevd saman til ein fornuftig heilskap – der óg omsynet til kommande generasjonar blei ivareteke! Det finnst dei som trur på slikt. For oss andre er det til stor bekymring at så mange av våre institusjonar er skipa for å løyse kortsiktige utfordringar, og stette behova våre her og no. Difor har ungdomsorganisasjonen SPIRE teke til orde for etablering av ein eigen ombudsmann for framtida. Det gjeld å motverke tendensen til raske, overflatiske og ikkje-berekraftige løysinger på område som er fundamentale for fellesskapen, no og i framtida.

Ei vaktbikkje for framtida

solidaritet mellom generasjoneneÅ sørgje for at ressursane våre blir forvalta på ein berekraftig måte er ei av dei viktigaste oppgåvene vi har som samfunn, meiner SPIRE. Naturleg nok avgrensar fireårige valperiodar tidshorisonten til dei folkevalde. Difor treng Noreg eit nasjonalt råd utanfor regjeringsapparatet for å sikre ei berekraftig utvikling. Framtidsombodet skal vere ein politisk uavhengig institusjon som har som mandat å vere eit talerøyr for framtidige generasjoner. Det vil ha stor fagleg integritet, og kan difor kvalitetssikre og formidle påliteleg, aktuell og forståeleg informasjon. I tillegg skal det peike på langsiktige konsekvensar av dagens politikk, og sjå til at gjeldande regelverk som omhandlar berekraftig utvikling blir etterfylgd. Framtidsombodet vil såleis fungera som både vaktbikkja og lavinehund på same tid.

Vi må tenkje nytt

Kampanjen for eit norsk framtidsombud vart lansert i 2013, og held fram denne våren. Eit alliansemøte går av stabelen tysdag 18. februar i Miljøhuset i Oslo. Dit har SPIRE invitert alle dei 30 organisasjonane som støttar kampanjen, mellom dei Besteforeldrenes klimaaksjon. Dit kjem óg jurist Pål W. Lorentzen for å fortelje om det rettslege grunnlaget til framtidsombodet. Styreleiar i LNU, Norges barne- og ungdomsorganisasjonar, Stian Seland kjem for å snakka om kvifor dei støttar framtidsombodet.

Les mer på nettsidene til Spire, Utviklingsfondets Ungdom

 

Spre klimavett,
del denne saken!