Kvifor slikt hastverk?

Politikarar som vågar tenkja ut over fire år – og lite på at velgjarane óg er i stand til det, risikerer å få mange røyster i september, trur Dag Raustein. Den mangeårige redaktøren av Bondevennen reagerer på den kritikklause begeistringa for at «det kokar i oljebransjen».  Er det berre positivt? spør han i Stvg. Aftenblad. «I skrivande stund ligg det yngste av barnebarna og leikar på golvet eit par meter frå meg. Det er varm glede knytt til dette. Men eg greier ikkje å ta tankane bort frå at vår generasjon ranar ressursane både frå han, og frå alle barnebarn, deira barnebarn og generasjonane etter det.»

Litt att til etterkomarar

 – Eg meiner å hugsa at då nåverande statsminister først var statssekretær i Miljøverndepartementet og seinare Nærings- og energiminister for rundt 20 år sidan, då var det politiske mål for styring av uttaket av olje- og gassressursane våre. Leiting og uttak skulle stå i høve til tilgangen på arbeidskraft, teknologi og pengar. Og det var eit mål også å strekkja ut tida slik at det kunne vera litt att til våre etterkomarar.

 – Alt dette er tydelegvis gløymt, både av statsministeren og av resten av regjeringa, og av Stortinget. I staden er vi eitt av dei landa som tappar ut ressursane raskast.

 – Treng me dette enorme tempoet i utvinninga av det fossile brenselet, som er laga gjennom mange hundre millionar år? Norge har enorme beløp på bok, og auke i oljeutvinninga krev arbeidskraft frå andre land. Me byggjer ned stadig meir jordbruksjord, også ein ressurs me stel frå våre etterkomarar. Eg er sikker på at for dagens smårollingar vil det vera langt betre om me dempar tempoet.

Les heile artikkelen i Aftenbladet.

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Axel Larssen | 02.02.2013

    Her dreier det seg først og fremst om å fiske stemmer. I den sammenheng skyr politikerne ingen midler og gir blaffen i hvordan konsekvensene kan komme til å bli. Dette gjenspeiler seg i den generelle oljeutvinningstakten, men spesielt i spørsmålet om oljesand og nå – etter den siste utviklingen – at de rødgrønne nå tydeligvis er villige til å åpne for oljeutvinning i noen av våre mest sårbare områder i nord. Dette vil være katastrofalt for området og vil etter at oljen er borte etterlate området som en sammen-hengende skraphaug med alt gjenværende bore- og utvinningsutstyr – og ingen fisk. Og hva skal vi spise???

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*