Portrett av «klimafrelst bestemor»

Bjørghild des Bouvrie – innflytta hollendar med norske røter, fødd i Amsterdam under hungersvinteren 1944, busett i den vesle bygda Strandvik sør for Bergen, utdanna klassiskfilolog, har i heimlandet arbeidd i likestillingsdepartementet, no leiar av Besteforeldreaksjonen i fylket og organisasjonssekretær for foreninga på landsplan – er slettes ikkje nokon leiartype, i følgje seg sjølv. «I den grad eg er nokon leiar, er det trass i min eigen natur», seier ho i eit stort portrettintervju med Os og Fusaposten.

– For eit par år sidan var eg på eit møte i Senioruniversitet i Fusa der professor Sigbjørn Grønås snakka om korleis mennesket si framferd har påverka klimaet på jorda. Då gjekk det verkeleg opp for meg at noko alvorleg er i ferd med å skje, og at me lyt prøva å snu utviklinga, seier Bjørghild.

Bjørghild vart klimafrelst, og bestemte seg der og då for å vera med i Besteforeldrenes klimaaksjon. Ho ville gjera sitt til at framtidige generasjonar også skal få oppleva rein natur og eit klima i balanse.

Både ho og mannen André Johannes Cornax er opptekne av klimaendringane og energibruken i verda. Sjølv nyttar dei seg av jordvarme som energikjelde i huset. – Me hadde midlar til å investera i eit slikt system, og valde det av omsyn til miljøet. Dette er kortreist varme, og straumutgiftene vert minimale.

For dei som les lokalavisa og Bergens Tidende vil namnet Bjørghild des Bouvrie rett som det er dukka opp under eit lesarinnlegg som handlar om miljø- og klimatruslar. I eit innlegg i BT med tittelen “Jesus ville ha grøsset”, tok for seg utvinninga av oljesand i Canada. Dette var eit svar på eit innlegg frå olje- og energiminister Ola Borten Moe i Stavanger Aftenblad 16. mai.

– At olje- og energiministeren refsar kyrkja for å engasjera seg i politiske spørsmål er heilt bak mål! I artikkelen sin skreiv han blant anna at “børs og katedral” ikkje bør blandast saman. Etter mitt syn handlar dette meir om moral – som jo er kyrkja sitt domene – enn om vanleg politikk.

Les portrettintervjuet med den klimafrelste bestemor.

Spre klimavett,
del denne saken!