Bensin på bålet

Verda har allereie større samla reservar av olje, gass og kol enn det er forsvarleg å svi av. Men Hege Marie Norheim, klimadirektør i Statoil, meiner at vi må finne meir olje. Mykje meir! fortel ho i eit intervju med Dag & Tid 19. oktober. Ho får svar frå Concerned Scientists, Nettverk for Klima og Helse og Besteforeldreaksjonen: «I eit intervju på to heile sider kunne Norheim hatt alle moglegheiter til å få fram det etiske alvoret og samstundes vera presis i sine framtidsanalysar. I staden seier ho det ho er betalt for å seia og nyttar høvet til  å tilsløra og bagatellisera risikoen ved å halda fram som no.»

Av Gunnar Kvåle, Halfdan Wiik og Beate Sjåfjell 

Klimasjefen tilslørar 

Klimadirektøren kjem med fleire misvisande påstandar. Ho trur ein kan halda den globale oppvar­minga under to gradar, sjølv om verda i 2050 brukar omtrent like mykje olje som i dag, langt meir gass og langt mindre kol. Kor har ho dette frå? 

Sjølv eit optimistisk estimat frå Det internasjonale energibyrået, IEA, viser at for å nå dette målet må bruk av olje meir enn halverast, kol reduserast med 45 % og bruk av gass ikkje auka med meir enn 10% i 2050 i høve til 2009. Leiaren i IEA, Maria van der Hoeven, har sagt at dagens energipolitikk truleg vil gje ein global temperaturauke på 6 grader i dette hundreåret. 

Må begrensa oljeutvinninga

Også tjæresandutvinning kan forenast med togradersmålet, meiner klimadirektøren.

Den globale oppvarminga har no nådd om lag 0,8 grader over førindustrielt nivå. Det er rekna ut at vi berre kan sleppa ut 565 milliardar tonn (Gt) CO2 til atmosfæren frå i dag til 2050 om vi skal ha ei rimeleg von om å avgrensa oppvarminga til to grader. Dersom alle utslepp av klimagassar no blir stogga, vil temperaturen likevel auka vidare med 0,8 grader på grunn av utslipp som alt har funnet stad. Vi er altså alt no tre fjerdedelar på veg mot å passera togradersgrensa. 

Det er vidare rekna ut at utleppa vil nå heile 2795 Gt om kjende reservar av kol, olje og gass som fossilindustrien planlegg å vinna ut, blir brukte. Det vil gje oss ein svært ugjestmild klode med forhold som trugar livet for ein stor del av jordas befolkning. Utvinning av fossilt brennstoff må snarast trappast ned, slik at mindre enn en fjerdedel av mengda fossilindustrien ynskjer å bruke blir utvunne. 

Reine teknologiar ein illusjon 

Klimadirektøren i Statoil set si lit til at ny teknologi vil løysa problemet, slik at full satsing på utvinning av fossilt brennstoff likevel ikkje vil føra oss mot ein klimakatastrofe. Det er i dag ikkje er noko som tyder på at dette vil skje. I publikasjonen Energy Technology Perspectives 2012, peikar IEA på at sjølv om mange reine teknologiar er tilgjengelige, blir dei ikkje tekne i bruk i eit omfang og tempo som er naudsynt. Det er langt fram før fangst og lagring (CCS) vil kunna ta hand om så store mengder CO2 som IEA har rekna med. Kanskje vil ein aldri oppnå dette. 

Kva meiner miljøvernministeren?

Utviklinga går no raskt i gal retning. Et rekordhøgt globalt utsleppsnivå på 31,6 Gt i 2011 er berre 1,0 Gt lågare enn det maksimale nivået som kan tillatast etter IEAs to-graders scenario. I eit intervju på to heile sider kunne Norheim hatt alle moglegheiter til å få fram det etiske alvoret og samstundes vera presis i sine framtidsanalysar. I staden seier ho det ho er betalt for å seia og nyttar høvet til  å tilsløra og bagatellisera risikoen ved å halda fram som no. På denne måten er ho, på samen måten som Ola Borten Moe, med på å tilsløra fakta og reelle utfordringar under dekke av å akseptera klimavitskapen sine konklusjonar. 

Vi utfordrar miljøvernmister Bård Vegar Solhjell å koma på banen i denne saka.  Kva meiner han om moglegheita for å halda den globale temperaturstigninga under to grader, om alle land gjer som Noreg og alle oljeselskap gjer som Statoil og satsar fullt på utvinning av alle reserver av fossilt brennstoff, også frå skitne kjelder som oljesand og skiferolje?

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*